Ein gong fans ei militærmakt som vart rekna som ei av dei beste i verda. Dette militæret hadde noko av det beste utstyret i verda, dei tyngste og mest moderne stridsvognene, siste skrik innan fly og avanserte marinefartøy. Gjennom årevis hadde landet investert i modernisering av militæret, og lagt ekstremt sofistikerte planar for eventuelle konfliktsituasjonar. I årevis hadde militæret i dette landet trena på å vinne ein krig verda trudde ville kome.
Det kunne vore Russlands militærmaskin som invaderte Ukraina førre månad, men den aktuelle militærmakta som er skildra i første avsnitt er Frankrikes militære styrkar på 1930-talet.
Krig avslører mykje
Det er krigshistorikaren Philip Payson O’Brien som drar den historiske parallellen i ein tekst i The Atlantic, der han òg viser til korleis «krigshandlingar avslører meir enn dei bestemmer». Sjeldan bestemmer sjølve krigen utfallet av ei fredsavtale åleine, og endå sjeldnare kan krig bidra til å nå eit politisk mål.
Lite avslører derimot så mykje om tilstanden i eit land, som korleis landets militære gjer det i kamp mot eit anna land.
Krig viser kor effektivt dei stridande partane har planlagt, førebudd og gjennomført øvingar før dei starta krigen. O’Brien peikar på at slaget om Kyiv som stod førre månad, derfor var avgjort på førehand.
Slaget om Kyiv
Viss vi ser berre på slaget om Kyiv – som russarane etter kvart gav opp å vinne – ser vi fleire tydelege faktorar som gav ei peikepinn på kven som ville sigre i krigen.
Russarane – og heller ikkje dei fleste av oss – forventa at ukrainarane skulle kjempe så hardt tilbake, som dei faktisk har gjort. I staden viser den ukrainske militærstrategien seg som ein suksesstrategi.
Russarane prøvde å ta over heile Ukraina, for å «de-nazifisere og renske landet», men prøver no berre å ta dei delane i Aust-Ukraina kor det bur flest russiskspråklege. Trass i dette held russiske fly fram med å bombe resten av Ukraina med jamne mellomrom, som nylege bombeåtak mot Kyiv og Vest-Ukraina – kanskje som eit slags svar på den militære audmjukinga russarane får gjennomgå i Ukraina.
Fire nøkkelelement
I slaget om Kyiv var det – i følge O’Brien – spesielt fire nøkkelelement som sikra ukrainsk siger:
For det første utfordra ukrainarane det russiske luftvåpenet med anti-luftskyts, og gav aldri russarane kontroll over luftrommet sitt.
For det andre kjempa ukrainarane tilbake i stort sett alle byar der russarane kom, og gav dermed aldri fullstendig kontroll over store byar. Det kompliserte dei russiske logistikk- og kommunikasjonslinjene.
Det er openbert at fordelen i ein krig er å vere eit demokrati, versus eit diktatur. Grunnen er at demokrati har meir transparente beslutningsprosessar, mindre korrupsjon og ei meir faktabasert tilnærming.
— Emil André Erstad, kommentator
For det tredje gjorde det ukrainske militæret mykje for å la russarane hamne i hengemyra, ved at russiske styrkar og militærkolonner vart isolert og stranda på vegar som var vanskeleg å støtte.
For det fjerde angreip ukrainske styrkar desse militærkolonnene frå alle sider.
Kraftig overvurdering
På den måten sikra ukrainarane at russiske styrkar aldri klarte å bygge opp nok styrke til å ta Kyiv. Ukrainske styrkar konsentrerte seg om å angripe der russarane var svake, framfor å utfordre dei tyngste russiske våpensystema.
Som med Frankrikes militærmaskin på 1930-talet, er den russiske militærmakta kraftig overvurdert.
Winston Churchill trudde den franske hæren var verdas beste håp i møte med Adolf Hitlers aggressive nazi-regime. Fleire gonger nytta Churchill høvet til å takke Gud «for den franske hæren».
Når fienden skyt tilbake
Likevel var det denne hæren som etter to månader i kamp mot tyskarane i 1940, måtte kapitulere og overgje Frankrike til den tyske okkupasjonsmakta.
Det viste seg – det avanserte utstyret og grundige treninga til tross – at den franske hæren leid under dårleg logistikk, elendig kommunikasjon og låg moral.
[ «Politikken gjør meg til et dårligere menneske» ]
O’Brien framhevar at det viktigaste for å forstå korleis ei militærmakt vil gjere det i krig, er å analysere evna til å gjennomføre komplekse operasjonar, sjå på logistikkbehov og soldatane si overtyding om å kjempe og døy i den aktuelle krigen.
Det siste er spesielt viktig, for noko av det første som skjer i ein krig, er at fienden vil skyte tilbake.
Demokrati er sterkare
Det er openbert at fordelen i ein krig er å vere eit demokrati, versus eit diktatur. Grunnen er at demokrati har meir transparente beslutningsprosessar, mindre korrupsjon og ei meir faktabasert tilnærming.
Dei russiske soldatane trur ikkje på det dei kjempar for, kanskje fordi det dei ser på bakken i Ukraina ikkje stemmer med det som dei militære leiarane fortel dei.
Mykje tyder på at Ukraina er i stand til å gje russarane hard medfart – også i aust – ved å gå etter veikskapane i den russiske militærmaskina.
— Emil André Erstad, kommentator
Ukraina har ikkje vunne krigen endå. Russland har no sendt styrkane som prøvde å ta Kyiv til Aust-Ukraina, der målet er å ta over den delen av landet for å «frigjere dei russisktalande og stanse folkemordet på russarar i Donbas-regionen». Dette er ukrainsk territorium, og på ingen måte noko Ukraina utan vidare vil gje frå seg.
Mykje tyder på at Ukraina er i stand til å gje russarane hard medfart – også i aust – ved å gå etter veikskapane i den russiske militærmaskina.
Sjølv om det ukrainske demokratiet er ungt, har det ein enorm fordel i kampen mot diktaturet frå aust.