Kommentar

Dagen utan Gud

I dag låg Gud i grava. I mine mørkaste stunder er det godt å tenke på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Påskeaftan, for lenge sidan: «Den seinaste veka har vi kunna følgje dramaet frå dag til dag. Det begynte med ein kongeleg som reid inn i byen på eit esel. Palmegreinene vaia, jubelropa steig mot himmelen. Den kongelege bar bod om frelse og fred i vår politisk vanskelege tid.

Det er allereie seks dagar sidan den såkalla utfriaren kom til byen. Ein frelsar av kongeleg byrd. Folket hadde tiltru til han, vi hadde tiltru til han. Vi forstod likevel fort at den kongelege ikkje tedde seg som ein høvisk herskar med blått, avbalansert blod. Så fort han var komen inn byporten, gjekk han amok. Han gjekk til regelrett angrep på handelsstanden, midt i den travlaste opningstida. Velta bord og benkar, var heilt rabiat. Snakka om at tempelet var blitt børs, at det heilage huset var gjort om til ei kapitalistisk røvarhóle.

I år har derfor påskeaftan ein ny valør for meg. Dagen er ikkje først og fremst ein ventedag med påskenøtter og smågodt, ein mellomstasjon på veg til den strålande oppstoda. Han er ein dag som uttrykker sorg, raseri, liding og brotne forventingar – ein dag prega av mørke

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

Så var det mannen sjølv som var røvaren. Folk seier at det var ein av hans eigne som sveik han. At mannen hadde invitert sine nærmaste til eit måltid med god vin. Så steig visst rusen i hovudet hjå ein av dei, så han selde læremeisteren sin for ein neve sølv.

Slett ingen kongeleg. Berre ein røvar blant fleire. I går blei han avretta, saman med to andre forbrytarar. Følgjarane hans er spreidde for alle vindar. Vi får neppe høyre noko meir til dei.»

Tyst i evangelia

Vi veit korleis det gjekk i etterkant av denne vesle skildringa. Eller rettare: Mange av oss veit kva vi trur om korleis det gjekk på dagen etter påskeaftan, at Jesus stod opp att frå dei døde. Det er kjernen i den kristne påskebodskapen. Kristus er oppstanden!

Men i dag er det altså påskeaftan. Om vi lever oss inn i den bibelske forteljinga, er oppstoda enno ikkje ein realitet. Tvert om er alt trist og mørkt. Det er høgtid, men ingenting å feire. Jesus ligg i grava. Det vi trudde på, viste seg å ikkje vere meir enn ein ønskedraum.

Dei bibelske evangelia fortel lite om påskeaftan. Johannesevangeliet er tyst. Markusevangeliet nemner indirekte at det er sabbat. Lukasevangeliet fortel at Maria Magdalena og dei andre kvinnene held seg i ro, slik Moselova kravde. Sabbatsdagen var kviledag.

«Forføraren Jesus»

Men Matteusevangeliet fortel: Dei som ikkje kviler på sabbaten, er overprestane og farisearane – dei personane i samfunnet som var aller mest opptekne av Moselova. Dei går til Pilatus og ber om at romarane må sikre Jesu grav. «Vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp’», seier dei. No er overprestane og farisearane redde for at Jesu læresveinar skal stele liket og seie at Jesus er stått opp. «Då blir den siste villfaringa verre enn den første,» meiner overprestane og fariserane. Pilatus gir dei vaktmannskapet dei ber om. Så går dei og sikrar grava, med vakter og segl.

Dette er det vi veit om påskeaftan, ifølgje evangelia. Sett frå den religiøse eliten si side: Jesus frå Nasaret er ein forførar og bedragar. Og det er verdt å gjere ein innsats for at bedraget ikkje skal bli endå større.

Dette perspektivet lever framleis iblant oss. Det er mange som ikkje trur at Jesus stod opp frå dei døde. Somme vil også meine at han var ein bløffmakar.

Eg trur det motsette. Eg trur at Jesus var Guds son, og at han stod opp frå dei døde. Med dette trur eg også at han låg i grava på påskeaftan og var død.

Kraftig kost

Guds død er kraftig kost. Det reelle ved dette overgår langt den tyske filosofen Nietzsches berømte formulering «Gud er død». Ein konkret dag i historia ligg altså Sonen, ein av personane i den treeinige Gud, løynd i dødsmørket. Gud var død, i Jesus Kristus. Og dermed blir han også ein av oss.

Døden er ein realitet for alle menneske. Somme er så heldige å ikkje ha døden nært innpå seg i store delar av livet. Andre har opplevd at døden har gripe inn på brutalt vis. Eg høyrer til blant dei sistnemnte. For snart seks år sidan mista eg og kona mi eit barn tre dagar før fødselsterminen. I fjor påske mista vi eit barn til, halvvegs i svangerskapet. Det døde barnet blei fødd på langfredag.

I år har derfor påskeaftan ein ny valør for meg. Dagen er ikkje først og fremst ein ventedag med påskenøtter og smågodt, ein mellomstasjon på veg til den strålande oppstoda. Han er ein dag som uttrykker sorg, raseri, liding og brotne forventingar – ein dag prega av mørke. Det kjennest heilt i tråd med påskeaftan for snart 2000 år sidan. Påskeaftan ligg i det skjulte. Han er ein dag utan Gud.

Det kristne håpet

Smerta over døden er vond for oss menneske. Slik også Jesu smerter på krossen var tunge å bere. Jesus kjente seg svikta av Gud. Han ropte det høgt, gjorde det kjent for alle som kunne høyre: Eg, frelsaren, er forlaten av min far. «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

I dette kviler det kristne håpet. Kjensla av at Gud er borte er ikkje berre noko eg kan kjenne på. Sjølv Jesus hadde det slik, han som sjølv var Gud. Der på krossen, rett før det var fullbrakt, tvilte Gud på seg sjølv.

Kvifor måtte Gud gjere det på denne måten? Kunne han ikkje ha frelst oss utan alt dette vonde vi må oppleve, alt det tunge vi må igjennom?

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

I dag er det påskeaftan. I dag låg Gud i grava. Peters første brev fortel at Jesus forkynte for dei døde denne dagen. Gud var død, men evangeliet var like fullt verksamt. Slik det framleis er verksamt i dag.

Kvifor måtte Gud gjere det på denne måten? Kunne han ikkje ha frelst oss utan alt dette vonde vi må oppleve, alt det tunge vi må igjennom? Eg veit ikkje, men eg veit dette: Påskeaftan er dagen der Gud låg i grava. I mine mørkaste stunder er det godt å tenke på.

Så skal eg også få stå opp saman med han.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar