Kommentar

Påske i terrorens tid

Medan vi feirar påske med vårsol og kvikklunsj, har påsken i århundre vore ei «høgtid» for kaldblodige drap på menneske på grunn av trua deira.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den kristne påsken starta med tortur og eit bestialsk drap – og så ei tom grav og ein oppstått frelsar. Men søkinga til gudstenester viser ikkje at dette er den viktigaste kristne høgtida. Mange synest dessutan det er i overkant tungt å gå i kyrkja langfredag der alt er dekt i svart. Det er langt betre stemning og oppslutnad påskedag. Men påskedag blir først viktig når vi tek langfredag på alvor.

I vår tid lever mange kristne med langfredag heile tida.

Eg må stålsetja meg for å lesa preika som den russiske patriarken Kirill kjem til å halda på den ortodokse påskedagen 24. april, på den same preikestolen som han søndag etter søndag har teologisk rettferdiggjort krigen i Ukraina og velsigna Putins bomber.

Det kristne håpet ligg i Jesu død og oppstode, ikkje i religiøst maskert vald og krig.

—  Johannes Morken, gjestekommentar

Misbrukbruk av åndeleg makt

Då han i juni 2020 opna ei anna maktkyrkje, den militære katedralen i Moskva, slo patriarken fast at det er samsvar mellom dei åndelege verdiane til kyrkja og verdiane til hæren. Meir grotesk kan misbruk av åndeleg makt knapt bli. I patriarkens ånd fell rakettar over folk og kyrkjer.

Dei siste vekene har eg stått i dagleg kontakt med kristne i Ukraina og Russland. Frå den krigsherja byen Kharkiv skriv Vladimir som høyrer til patriarkens kyrkje: «Eg legg livet mitt og lagnaden min og familien min i Gud Faders hender». Patriarken har svikta. Han ropar til Gud.

Langfredag på nytt

Om ikkje krigen herjar: I påsken slår terroristar i mange land målretta til mot gudstenester. Påskedag i 2019 – den 21. april – sprengte sjølvmordsterroristar tre kyrkjer og tre hotell på Sri Lanka. Kring 270 blei drepne.

Langt fleire ville vore drepne dersom ikkje ein vaken mann i Batticaloa hadde klart å hindra ein mistenkjeleg mann med ryggsekk i å gå inn i Zion-kyrkja. Bomba blei sprengt ute. Den modige mannen var blant dei døde.

Vi har kanskje fortrengt udåden. På Sri Lanka kjempar derimot overlevande og pårørande seg tilbake til livet. Kyrkjeleiarane er sikre på at regjeringa vernar dei verkelege hjernene bak terroren.

No er det ny politisk krise på Sri Lanka, med tåregass og unntakstilstand. I skuggen av denne tydelege maktbruken vert både muslimar, kristne og hinduar undertrykte.

I skyggen av terroren

I skuggen av Sri Lanka-terroren i 2019 kom fleire angrep på kyrkjer i Nigeria. I Benue-staten blei til dømes 11 kristne drepne av væpna menn, som låg i bakhald då dei kom frå gudsteneste langfredag.

Eller ta Pakistan. Påskedag i 2016 vart 75 drepne i ein park. Islamistiske terroristar ville ramma kristne – dei fleste offera viste seg å vera muslimar.

Etter at 49 egyptiske kristne vart drepne i to terrorangrep palmesøndag i 2017, møtte eg i ei kyrkje påskedag folk som ikkje hadde fått med seg at blodet hadde spruta oppover egyptiske kyrkjeveggar søndagen før.

Vi har det så fredeleg i dette landet.

Men for 80 år sidan var det ikkje fred. Påskedag og andre påskedag i 1942 blei Kirkens Grunn lese opp i kyrkjene landet over, eit historisk vedkjenningsskrift mot diktaturet og tyranniet.

Men skriftet hadde ein alvorlig skamplett. Like før påske hadde Quisling gjeninnført jødeparagrafen i Grunnlova og forbode jødar å koma hit. Men kyrkjeleiarane droppa protesten i Kirkens Grunn – av taktiske grunnar. Dei ville unngå at tyske Terboven og Quisling skulle koma på lag.

Jødane vart jaga

Akkurat i år må vi minna om skampletten. Vel så viktig som at det er 80 år sidan, er dette: Blant jødane som kyrkja let vera å bry seg om, var det menn og kvinner som hadde flykta for livet frå Russland.

I 1881 sette tsaren i gang valdsaksjonar – pogromar – mot jødane. Dei fekk skulda for at tsar Aleksander II var myrda. Jødane vart jaga på flukt eller drepne, tidvis gjekk prestar i fronten av mobben – på påskedag.

Den gongen for 140 år sidan var det jødane som var «trusselen mot den russiske nasjonen». At tsaren og kyrkja gjekk i livsfarleg tospann, er slett ikkje nytt.

Dagens russiske patriark Kirill har jamvel ope spelt på jødehat under Ukraina-krigen. I ei preike 13. mars hevda Kirill at ukrainske kyrkjeleiarar som vil bryta med patriarken, gjer det fordi dei er «redde dei jødiske leiarane». I Kristi Frelseskatedral siterte patriarken påskeforteljinga i Johannes-evangeliet, kapitell 19, vers 38. Til støtte for krigsretorikken misbrukte han den redde Josef frå Arimatea.

Lengre er ei av verdas største kristne kyrkjer ikkje komen.

Kirkens Grunn 2

Like visst som at ekstremistar målretta rammar kristne i påsken, har kristne historisk brukt påskehøgtida til angrep på jødar, basert på ei feilaktig skulding – at «dei drap Jesus».

I påsken i år kunne vi trengt Kirkens Grunn 2, utvida med protesten som vart droppa i 1942. Kirkens Grunn 2 kunne også tydeleg markert at mektige kyrkjeleiarar skal setja foten ned for tyranniet, ikkje legitimera bomber og drap.

Det kristne håpet ligg i Jesu død og oppstode, ikkje i religiøst maskert vald og krig. Håpet ligg heller ikkje i å droppa omsorg for andre som jamvel kan vera verre ute enn oss.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar