Kommentar

Sjokket i EU-debatten

Mange nordmenn tenker seg om ein ekstra gong. Kjernespørsmålet er om norsk tryggleik bør vere basert på sterkare støtte frå Paris, Brussel og Berlin, i tillegg til den frå Washington?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjå for deg at Norge blir okkupert av Russland, medan EU sitt på hendene og ser på. Det er akkurat det som skjer i TV-serien Okkupert. Den fiktive regjeringa i TV-serien stoppar all norsk oljeproduksjon av omsyn til klimaet, noko EU ikkje tolererer fordi det får enorme konsekvensar for energibehovet i Europa.

Etter den russiske invasjonen av Ukraina er ikkje scenarioet like fjernt som det har vore. Den russiske krigsmaskina skremmer naturlegvis mange nordmenn, slik den òg skremmer svenskar, finnar, polakkar og baltarar.

Norge er utanfor

For er Norge eigentleg ein del av Europa, sånn på ordentleg? Ja, vi er medlem av Nato, vi er med i EØS, men er vi på innsida av det europeiske fellesskapet i ein verkeleg spent og skarp situasjon? Det er det nok mange nordmenn som lurer på no, etter kvart som meldingane om grove krigsbrotsverk — kanskje til og med folkemord — kjem inn frå Ukraina.

Ingenting i norsk politikk dei siste femti åra har endra på motstanden mot norsk EU-medlemskap. Motstanden har vore bygd på dei store, sterke motkulturane som har dominert norsk politikk sidan 2. verdskrigen. Kamp mot sentralisering, vernet om norsk landbruk. Desse motkulturane står så sterkt at det knapt har vore mogleg å rikke den norske EU-motstanden. Fleire har spådd at det må skje eit utanrikspolitisk sjokk for å skake i fleirtalets syn på eit eventuelt norsk medlemskap i unionen.

Først kom Brexit, så kom Trump — og no kom Ukraina. Det er først det siste sjokket — i form av ein heilt ekte invasjonskrig i Europa — som hadde potensial til å endre på nordmenns haldningar til EU.

Historia vi gløymde

Sjølve utgangspunktet for EU-samarbeidet var at tettare økonomisk samarbeid og mindre tydelege grenser mellom dei europeiske nasjonane, skulle gjere det umogleg med krig, blodbad og øydeleggingar i Europa.

No viser verkelegheita at verda er meir ustabil og brutal enn vi trudde.

Framtida er uføreseieleg og skumlare enn dei nesten tre tiåra vi har lagt bak oss sidan 1994. Det kan gje vind i segla til ein ny, norsk EU-debatt.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det viser seg att i den siste meiningsmålinga Vårt Land har gjort om eit potensielt norsk EU-medlemskap. Der ser vi ei stor auke i talet på nordmenn som no svarar at dei er usikre, der fleire tidlegare har sagt eit blankt ja eller nei.

Tida for utanrikspolitiske sjokk er sannsynlegvis ikkje forbi. Kva viss Trump vert vald igjen av det amerikanske folket i valet om litt over to år? Det kan fort skje.

I ein slik situasjon vil nok mange nordmenn tenke det er meir komfortabelt at norsk tryggleik baserer seg på sterkare støtte frå Berlin, Brussel og Paris, i tillegg til den frå Washington.

Ny, norsk EU-debatt

I Danmark har vi sett det same skiftet skje. Landet har sidan 1992 hatt eit såkalla forbehold om å ikkje knyte seg til forsvarssamarbeidet i EU. Landet har jo hatt sitt eige forsvar, og tryggleiken i Nato. No styrkar EU samarbeidet om forsvarspolitikken. På den måten kan unionen styrke Natos forsvar av kontinentet, mellom anna i etableringa av ein felles reaksjonsstyrke på 5000 soldatar. Diskusjonen om ein større EU-hær går òg for fullt blant medlemslanda i Brussel. Derfor har den danske statsministeren varsla folkeavstemming om det danske forsvarsforbeholdet i EU. Dei fleste forventar at det forsvinn.

Det er forståeleg at mange nordmenn òg tenker seg om i spørsmålet om kva del Norge skal ha i det europeiske samarbeidet. Framtida er uføreseieleg og skumlare enn dei nesten tre tiåra vi har lagt bak oss sidan 1994. Det kan gje vind i segla til ein ny, norsk EU-debatt.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar