Kommentar

Putin-venen vinn mest sannsynleg igjen

I Ungarn tyder mykje på at ein av dei mest autoritære leiarane i Europa vinn igjen ved valet neste helg. Det gjer Viktor Orbán ved å spele på triksa i Vladimir Putins bok.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Budapest er det knapt mogleg å gå gatelangs, utan å få auge på ein av dei mange valplakatane til regjeringspartiet Fidesz. Det er gode grunnar til: Gjennom gunstige avtalar med leiarane for dei største og særs regjeringslojale mediehusa og næringslivsaktørane, har Viktor Orbán og hans parti skaffa seg eit nesten uavgrensa valkampbudsjett.

Vil valet i Ungarn vere eit fritt og rettferdig val? Svaret på det spørsmålet avheng ikkje berre av korleis stemmene blir gitt frå seg i vallokalet, men òg på om valkampen gir like gode sjansar til opposisjonen og regjeringspartiet. Og den ungarske valkampen er mykje, men den er ikkje rettferdig.

Strategien som verka lenge

Dei siste åra har opposisjonen i Ungarn samla seg i ei brei allianse, der alt frå sosialistar, sosialdemokratar, grøne, liberale og ytre høgreparti er med. Saman har dei stilt seg bak den høgreorienterte og konservative næringslivsleiaren Péter Márki-Zay som sin statsministerkandidat.

Samlinga har bakgrunn i at Ungarn har eit såkalla «first-past-the-post»-element i sitt valsystem, der den kandidaten frå kvar valkrets som får flest stemmer, vert vald. I dei siste vala, sidan Fidesz vann regjeringsmakta i 2010, har partiet tent på denne ordninga med si massive oppslutning.

Kommunikasjonen frå styresmaktene i Budapest er òg etter modell frå den russiske diktatoren: I fleire år har propagandamaskineriet til Fidesz og Orbán spreidd massiv desinformasjon om EU, vestlege land og USA.

—  Emil André Erstad, kommentator

Lenge såg strategien med å samle opposisjonen bak ein felles kandidat ut til å vinne fram. I oktober i fjor leia Márki-Zay med fire prosentpoeng på meiningsmålingane framfor sittande statsminister Viktor Orbán. Opposisjonspartia låg an til å slå Orbáns folk i mange viktige valkretsar.

Stiller ikkje til intervju

No, derimot, ser det mørkt ut for opposisjonen.

Orbán har spelt etter Vladimir Putins lærebok. I Ungarn har han samla dei fleste større mediehusa på hendene til folk som er lojale til han, og diskreditert dei journalistane og redaksjonane som driv kritisk journalistikk mot han. Så ille har det blitt at Orbán ikkje lenger møter journalistar til intervju, med mindre dei kjem frå den lojale delen av medielandskapet.

Slik Putin gjorde, har Orbán innført ei lov for sivilsamfunnet, som liknar Russlands lovgjeving om framande agentar. Dei som får meir enn 20.000 euro i støtte frå ein utanlandsk donor, må registrere seg og kalle seg ein utanlandskfinansiert organisasjon. Lova var openbert meint til å diskreditere og hindre arbeidet til dei frivillige organisasjonane som var kritisk til Orbáns arbeid.

Utbreidd korrupsjon

Fleire journalistar i Ungarn, mellom anna i den uavhengige avisa Atlatszo, har avslørt korleis Orbán-regimet har sørga for å dele ut verdifull statseigd eigedom til Orbán-lojale forretningsfolk. Til gjengjeld får regimet massive beløp tilbake, gjennom stiftingar som folka til Orbán har kontroll på. For alle som har følgd med på korleis Vladimir Putin har brukt oligarkane i Russland til å styrke maktbasen sin, bør det ringe mange bjøller. Det finst berre eitt ord som kan skildre denne forma for maktpolitikk: Korrupsjon.

Kommunikasjonen frå styresmaktene i Budapest er òg etter modell frå den russiske diktatoren: I fleire år har propagandamaskineriet til Fidesz og Orbán spreidd massiv desinformasjon om EU, vestlege land og USA. Til gjengjeld har den russiske presidenten blitt bygd opp som ein føretrekt samarbeidspartnar, spesielt innan energisektoren.

Etter krigen i Ukraina har det skapt eit problem for Orbán-regimet, som no må tale med fleire tunger. Føregår det ein krig i Ukraina, eller er det ein russisk spesialoperasjon? Er det Nato som har pressa strikken for langt, eller er Putin-regimet agressoren? For ungarske veljarar som følger regjeringsvenleg media, er det ikkje lett å vite sanninga.

Kombinert med at Viktor Orbán har hatt flittige besøk til Moskva for å pleie forholdet til Putin, har mange med rette sett på Orbán som ein Putin-ven. Det vert igjen reflektert i måten regjeringa i Ungarn har møtt krigen i Ukraina på. Orbán har trykt på to knappar samstundes.

Spreier frykt for krig

Den eine handlar om å spreie frykta for krig. På den andre sida av grensa, i Ukraina, bur det over hundre tusen etniske ungarar, i det området som på norsk vert kalla Karpato-Ukraina. Mange i Ungarn er naturleg nok redd for at krigshandlingane skal ramme dei etniske ungararane på andre sida av grensa.

Den andre knappen Orbán har trykka på, har handla om å spreie eit inntrykk av at opposisjonen vil dra Ungarn med i krigen i Ukraina. I ein offisiell e-post frå styresmaktene om krigen skreiv regjeringa at «opposisjonen vil sende soldatar til Ukraina, men det vil ikkje vi». Slik vert statsapparatet misbrukt til å spreie feilinformasjon.

Det betyr at det framleis vil sitte Putin-venlege folk frå Ungarn rundt bordet på framtidige toppmøte i Brussel, og at dei framleis vil styre eit land i hjartet av Europa.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er med andre ord ingen rettferdig valkamp som føregår i Ungarn. Orbán speler på alle kort for å vinne valet, og med opposisjonen går det dårleg.

Putin-ven i Brussel

Opposisjonen med Péter Márki-Zay i spissen kan ikkje berre skulde på Orbán for at det går dårleg med dei. I Budapest vert det snakka om at opposisjonen er dårleg førebudd, har ein svak kommunikasjon og at den breie alliansen av parti ikkje skapar naudsynt begeistring for eit skifte blant veljarane.

På målingane ligg opposisjonen og Orbán jamt. Likevel er trenden meir positiv for autokraten som sit med makta, enn for dei som prøver å få til eit skifte.

Valet neste helg kan derfor bety fire nye år for den mest autoritære statsleiaren i Europa. Det betyr at det framleis vil sitte Putin-venlege folk frå Ungarn rundt bordet på framtidige toppmøte i Brussel, og at dei framleis vil styre eit land i hjartet av Europa.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar