Kommentar

Alt de gjorde mot ein av desse mine minste

FLYKTNINGAR: Ved grensene til Ukraina strøymer mødre og barn ut, og bilda minner oss om kor grufull krig og flukt er. Lat oss aldri gløyme det igjen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I skuggen av Putin sitt valdelege maktspel, kjem bilde som tek pusten frå oss strøymande kvar einaste dag. Små barn, rykka opp frå liva sine på nokre timars varsel, kledd som om dei berre nett har blitt henta i barnehagen eller frå leikeplassen. Brått er dei i eit framand land.

Dei veit ikkje om barnehagen eller leikeplassen er der når dei ein gong kjem tilbake. Dei veit ikkje om heimen deira er der. Dei veit ikkje om fedrane deira lenger er der.

Eitt av dei sterkaste, er bildet frå framsida av svenske Dagens Nyheter 3. mars. Ein eittåring strekk fingrane i møte med fingrane til faren, på kvar si side av eit dogga togvindauge.

Ein ung familie splittast på ein togstasjon i Europa. Han blir att for å kjempe for fridomen til landet sitt. Ho reiser aleine med eit spedbarn på armen til ei utrygg framtid.

I doggen har mora teikna eit hjarte.

Pappa Taras fingrar möter sonens Matviys fingrar i avskedets stund. Hustrun Kristina tar parets båda barn Matviy ett år gammal och Ustyna 8 år till säkerhet i Polen.

Nestekjærleik

Bilda gjer noko med oss alle, og vi har opna lommebøkene våre, enkelte har også opna heimane sine. Vi har ikkje hatt tolmod til å sjå flyktningar hope seg opp i milliontal i Polen og Romania, og norske bilar og bussar har på privat initiativ henta familiar frå Krakow og Warszawa.

Flyktninghjelpen seier til Vårt Land at dei aleine har teke i mot 104 millionar kroner i gåver frå privatpersonar, bedrifter og kommunar i løpet av vekene sidan Putin eskalerte sin aggresjon mot Ukraina til ein fullskala krig. Til samanlikning utgjer det meir enn halvparten av dei samla gåvene til organisasjonen for heile 2020.

Det bilda frå Ukraina vekkjer i oss er kjensla av at noko er feil. Fullstendig, uforståeleg og hjarteskjerande feil.

Det gjev von for menneskeslekta at vi har desse kjenslene i oss – at vi kan sette oss inn i andre menneske si liding, frykt og fortviling. At vi kjenner oss att i menneske som bur langt borte og som vi aldri har møtt. At vi kan ha medkjensle for korleis det er å frykte for livet og framtida for ein sjølv, eller for eit lite, forsvarslaust barn.

Medkjensla, eller nestekjærleiken om du vil, er den finaste av alle menneskelege eigenskapar.

Det gjev von for menneskeslekta at vi har desse kjenslene i oss – at vi kan sette oss inn i andre menneske si liding, frykt og fortviling.

—  Hans Andreas Starheim
An Afghan woman holds her sick son at the malnutrition ward of the Indira Gandhi Children's Hospital, in Kabul, Afghanistan, Thursday, Feb. 24, 2022.

Ei verd på flukt

Ein dag vil bombene slutte å regne over Kyiv og Mariupol, og forhåpentlegvis vil det komme ein dag då dei som no har flykta frå landet trygt kan reise heim att til Ukraina.

Men framleis kjem det til å vere noko som er fullstendig, uforståeleg og hjarteskjerande feil.

For allereie før Putin sine stridsvogner byrja å rulle mot Kyiv, var det fleire menneske på flukt enn på noko anna tidspunkt sidan andre verdskrig. Ifølgje FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) var 84 millionar menneske fordrive frå heimane sine i 2021.

Om lag 35 millionar av desse var barn.

FILE - In this Oct. 1, 2018 file photo, children sit in front of moldy bread in their shelter, in Aslam, Hajjah, Yemen.

Mange kriser

I Jemen blir store delar av befolkninga halde som gissel i ein komplisert borgarkrig som har rast i eit tiår. Det siste året har katastrofane hopa seg opp i Jemen, med sviktande avlingar, koronapandemi og kutt i bistand til landet. Fire millionar er internt fordrive i landet – dei fleste kvinner og barn. FN omtalar det som verdas største humanitære katastrofe akkurat no.

400.000 barn risikerer å døy av svolt, seier generalsekretær i FN António Guterres. Han seier at ein oppvekst i Jemen no er ein «spesiell form for helvete».

Afghanistan er eit land i oppløysing etter at USA trekte seg ut i august i fjor. Ifølgje UNICEF lid over 3 millionar barn av underernæring, og over 1 million av desse er i akutt fare for å døy. 10 millionar afghanarar er fordrive frå heimane sine.

– Det er så ille som det overhovudet er mogleg å førestille seg, sa sjefen for Verdas matvareprogram David Beasley til BBC i byrjinga av november.

Det har komme nesten ein million flyktningar til Europa frå Syria. Over halvparten i løpet av nokre få månader i flyktningkriseåret 2015. Men dei aller fleste som har flykta frå den forferdelege borgarkrigen i landet, har aldri komme seg lenger enn til overfylte flyktningleirar i nærområda.

Lutfattige Libanon – eit land med om lag same folketal som Noreg – har aleine teke i mot 1,5 millionar syriske flyktningar.

Det afrikanske kontinentet er ramma av ei rekke flyktningkriser, som følgje av langvarige og alvorlege konfliktar i mange land, og også som følgje av at klimaendringar gjer at matkriser kjem stadig oftare.

I DR Kongo er 5 millionar internt fordrive, som følgje av ei av dei mest grufulle borgarkrigane i vår tid. UNHCR melder om forferdelege menneskerettsbord, om drap, lemlestingar og seksuell vald.

Meir enn 2 millionar er på flukt frå Sør-Sudan. Om lag like mange er internt fordrive. To av tre av desse flyktningane er barn, melder UNHCR.

Displaced people wade through mud as they get off a river barge from Bor, some of the thousands who fled the recent fighting between government and rebel forces in Bor by boat across the White Nile, in the town of Awerial, South Sudan Thursday, Jan. 2, 2014.

Bilde som tek pusten frå oss

Då eg skulle skrive denne teksten, leita eg fram att bildet av vesle Alan som i 2015 blei skylt i land på ei strand i Tyrkia. Den raude t-skjorta, dei korte buksene, dei bitte små joggeskoa han hadde på.

Eg trudde eg hugsa kvar detalj i det bildet, men eg braut saman då eg såg det på nytt.

Flyktningkriser kan omtalast i tal og statistikk, utan at vi kjenner så mykje på det. Men eitt enkelt bilde kan vere nok til at vi med full kraft blir slått av den grufulle røyndomen – at kvart og eitt av desse tala er eit menneske som deg og meg, uansett kor i verda dei kjem frå.

Når krisa i Ukraina ein dag tek slutt, og bilda blir borte, så må vi aldri gløyme det igjen.

A boy looks on inside a crowded wooden boat carrying more than seven hundred migrants before being rescued, during a rescue operation in the Mediterranean sea, about 13 miles north of Sabratha,



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar