Kommentar

Tajiks problematiske metode

Hadia Tajik kan ikkje oppføre seg som om ho var justisminister frå Framstegspartiet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fredag kveld publiserte statsråd og Ap-nestleiar Hadia Tajik ein oppsiktsvekkande tekst på Facebook. I teksten skreiv Tajik om ei upublisert sak frå Aftenposten, som handla om tre månader i 2019 der ho nytta pendlarbustad av tryggleiksgrunnar.

I teksten hevdar Tajik at Aftenposten sa dei ville publisere ei sak som var eigna til å mistenkeleggjere henne, fordi den føyer seg inn i rekka av store avsløringar om pendlarbustadane til stortingspolitikarane.

Sjølv om Tajik forklara Aftenposten at det var gode grunnar til at ho fekk pendlarbustad tre månader i 2019, mellom anna familiesituasjon og trugslar, påstår Tajik at Aftenposten at dei uansett ville publisere saka. Avisa har endå ikkje publisert saka som Tajik omtalar som «Aftenpostens presseskandale».

Sjefredaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, har på si side sagt at ho ikkje kan kommentere upublisert materiale. Det er det gode grunnar for. Ho seier òg at avisa har prøvd å få Tajik i tale sidan 29. januar, men at Tajik ikkje har ønska å stille til intervju.

Ministeren og Ap-nestleiaren har berre villa kommunisere skriftleg og utelukkande ønska å snakke med redaksjonsleiarane, ikkje journalistane som jobba med saka. «Det har gjort informasjonsinnhentingen vanskelig», skriv Eilertsen på Facebook.

Pikerom og guterom

Umiddelbart etter å ha lese posten til Tajik på Facebook, kom spørsmåla: Var dette alt? Fortalde ho heile sanninga? Kvifor gjorde ho dette? Er ikkje dette djupt problematisk?

To dagar etterpå, søndag kveld, publiserte VG ei sak som viste at Tajik òg hadde svin på skogen: «Fikk skattefri pendlerbolig med kontrakt hun aldri brukte».

For å dokumentere overfor Stortingsadministrasjonen at ho hadde bustadutgifter, sende Tajik i 2006 ein leigekontrakt på ein bustad i heimfylket Rogaland. Problemet var berre at Tajik budde hos foreldra, ikkje i bustaden ho dokumenterte. Tajik vedgår at det ser uryddig ut. Det har ho heilt rett i.

Politikaren Tajik opptrer i ei rolle som liknar både redaktør og politisk kommentator – samstundes som ho sit på toppen av norsk politikk

—  Emil André Erstad, kommentator

På mange måtar liknar saka til Tajik den som i fjor haust førte til at dåverande KrF-leiar og familieminister Kjell Ingolf Ropstad måtte gå av. Guterom er ikkje så mykje verre enn pikerom. VG-saka set òg dei prinsipielt problematiske sidene ved Tajiks metode i eit endå grellare lys.

Hadia Tajik er eitt av dei mektigaste menneska i Norge. Politikken og journalistikken lever i ein tett symbiose som er livsviktig for demokratiet. Det er ikkje politikarane sin jobb å styre kva media publiserer.

Tajik meiner sterkt at Aftenposten «ville skandalisere henne». Då Aftenposten endå ikkje har publisert saka, har vi som står utanfor inga moglegheit til å etterprøve påstanden til Tajik. Politikaren Tajik opptrer i ei rolle som liknar både redaktør og politisk kommentator – samstundes som ho sit på toppen av norsk politikk.

Skadar tilliten

Vi burde forvente at ein statsråd, nestleiar og mangeårig politikar som Hadia Tajik, hadde eit meir prinsipielt syn på forholdet til pressa. Tajik har sjølv jobba som journalist, noko som gjer handteringa hennar endå meir problematisk. At ho risikerte ei negativ pressesak, er ikkje god nok grunn til å publisere informasjon om ei sak Aftenposten endå ikkje har publisert.

Det er godt mogleg at Tajik opplevde journalistane i Aftenposten som nærgåande, og kanskje hadde dei litt mykje Møllers tran innanbords. Det veit vi likevel ingenting om, så lenge Aftenposten ikkje har publisert materialet eller Tajik har lagt fram dokumentasjon.

At Hadia Tajik vel å skape mistanke mot Aftenpostens journalistiske integritet på Facebook, er skadeleg for forholdet mellom politikarar og presse. Og folks tillit til begge.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ein trend i tida at politikarar går ut med saker før media skriv om dei, som dermed tar luven av det viktigaste verktøy til pressa: Å sette dagsorden.

Det er alvorleg. Spesielt alvorleg er det når saka endå ikkje er publisert. Dei politikarane som er mest ivrige på å diskreditere politisk journalistikk, er dei som høyrer til ytre høgre-flanken av politikken. Vi hugsar framleis korleis fleire av justisministrane i Framstegspartiet handterte journalistar, media og kritisk journalistikk. Det burde vere skrekkeksempel som Tajik med sin verdiprofil, heldt seg langt unna.

Det er djupt problematisk av Hadia Tajik å ikkje ville stille til intervju i saka om pendlarbustadane – ei sak som tydeleg skrik etter openheit. At ho deretter vel å skape mistanke mot Aftenpostens journalistiske integritet på Facebook, er skadeleg for forholdet mellom politikarar og presse. Og folks tillit til begge.

Oppdatering 14.25: I ein tidlegare versjon av denne teksten stod det at «dei politikarane som er mest ivrige på denne metoden, er dei som høyrer til ytre høgre-flanken av politikken». Det er no retta til «dei politikarane som er mest ivrige på å diskreditere politisk journalistikk, er dei som høyrer til ytre høgre-flanken av politikken».

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar