Kommentar

Dei skamfulle, olympiske leikane

Det er ikkje anna enn skammeleg å sjå korleis norsk idrett og norske politikarar har latt seg bruke av det kinesiske kommunistregimet i propagandakrigen. Kanskje det beste er å skru av TV-skjermen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle som skrur på TV-skjermen under vinter-OL frå Beijing, bør vite at dei ser på eit propagandashow for det autoritære, kinesiske regimet. Det same regimet som knusar demonstrantar, drep opposisjonelle og set minoritetar i konsentrasjonsleirar.

Alle som skrur på bør òg vite at norske politikarar og idrettsleiarar har bidratt sterkt til at det kan skje.

Pervers idrett

Det var nesten ikkje til å tru, det som NRK Brennpunkt viste oss i første episode av dokumentaren Alt for Kina. Ikkje berre hadde Solberg-regjeringa underteikna ei idrettsavtale med det kinesiske regimet til president Xi Jinping, utan at den frie, norske idrettsrørsla var involvert i forhandlingane.

Norsk idrett har også blitt brukt av toppane i det kinesiske kommunistpartiet til å bidra til at dei olympiske leikane blir ein viktig propagandasiger for regimet. Det har skjedd ved å stille store ressursar til disposisjon for å hjelpe kinesiske utøvarar med å bli best.

Bak avtala stod den tidlegare IOC-mannen Gerhard Heiberg — ein som sjeldan har sett forskjell på demokrati og diktatur.

Norske politikarar bør ha vett til å halde seg heime frå meisterskapen. Og vi som likar norsk idrett bør kanskje berre slå av TV-skjermen.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ordet utøvarar er kanskje eit uttrykk som dreg det litt langt. I dokumentaren får vi sjå korleis norske skitrenarar besøkjer skular og stader der kinesisk ungdom oppheld seg, for å plukke ut folk som aldri har høyrt om langrenn til å trene for å bli best.

Det er idrett utan alt det vakre vi knyter med han. Det er idrett gjort om til ein pervers ambisjon for eit regime som er blant dei mest autoritære i verda. Tett på dei kinesiske utøvarane er den alltid nærverande kinesiske etterretninga, som tydelegvis har full kontroll på kva utøvarane seier, gjer og kommuniserer til ei kvar tid.

Det kinesiske regimet har full kontroll på alt og alle som er del av det, og det er naivt å tru noko anna.

kk

Det har vore påfallande å sjå korleis fotballrørsla klarte å stelle i stand ein stor debatt om menneskerettssituasjonen under fotball-VM i Qatar seinare i år, medan representantar for norsk vinteridrett knapt har klart å ytre ein kritisk tanke om dei olympiske leikane. Leikar som snart startar i eit regime som er langt, langt verre enn det i Qatar.

Fotball vs. vinteridrett

I norsk fotball har det, takka vere sterke, samfunnsbevisste supportergrupper, vore stor debatt om menneskerettssituasjonen i Qatar. Mange har tatt til orde for norsk boikott, medan Fotballforbundet under press har argumentert for at deltaking kan rette fokus på dei elendige kåra der tusenvis av gjestearbeidarar har døydd, journalistar vert fengsla og opposisjonelle knapt blir høyrt. Men så kom vi oss heller aldri til fotball-VM, akkurat slik dei mest realistiske blant oss kanskje forventa.

Er det berre fordi vi aldri vinn i fotball, at vi oppnådde så mykje diskusjon rundt norsk deltaking i fotball-VM? Har kritikken mot leikane i Beijing vore meir stille og forsiktig fordi vi faktisk kan vinne?

Uansett har det vore nesten tyst rundt deltaking i vinter-OL i Beijing. Sjølv då det kinesiske regimet truga OL-deltakarane med straff, dersom dei kjem med ytringar som «bryt med kinesisk lov», var det nesten tyst frå den norske vinteridretten. Alle bør vite at kinesisk lov strir mot dei demokratiske, fridomsverdiane som heile den norske idrettsrørsla er bygd på. Idretten har ei stolt historie som motstandar mot autoritære krefter, som til dømes rolla idretten spelte som del av motstandsrørsla mot nazistane.

Det kan verke som alt dette er gløymd no.

Idrett er blitt politikk

Når vi ser den idrettsavtala Solberg-regjeringa gjorde med Kina, forstår vi kvifor. Vinteridretten har latt seg bruke i eit maktspel så tett knytt til politikk, at det ikkje er noko anna enn skammeleg. Det er nesten ikkje mogleg å sjå kva som er idrett og kva som er politikk.

Dei gongene idretten har fått kritikk for deltaking i konkurransar i autoritære regime, har han ofte prøvd å beskytte seg bak argumentet om at idrett og politikk er to forskjellige ting. Idrett er ikkje politikk, har mange sagt.

I dei olympiske vinterleikane i Beijing kan ikkje norsk idrett og norske utøvarar skjule seg bak noko slikt. NRKs Brennpunkt-dokumentar viser på aller mest tydelege vis at heile meisterskapen knapt er noko anna enn eit stort propagandashow for det kinesiske regimet. Alle som deltek blir del av det Amnesty International omtalar som eit røykteppe for å skjule dei grove, uakseptable menneskerettsovergrepa som det kinesiske regimet driv med kvar dag.

Skru av TV-skjermen

Medan skiskyttarane rettar våpena sine mot blinkane på skiskyttarstadion i Beijing, rettar kinesiske soldatar våpenløpa sine mot demokratiske demonstrantar i Hongkong og uigurarar i Xinjiang-provinsen.

Dersom norsk vinteridrett vil redde stumpane av truverd og moralsk integritet, bør dei snarast mogleg kome med tydeleg og skarp kritikk mot måten politikarane har brukt idretten til å skape eit godt forhold til Kina. I pressesona etter renna bør utøvarane sei kva dei meiner om mangelen på demokrati, ytringsfridom og menneskerettar.

Norske politikarar bør ha vett til å halde seg heime frå meisterskapen. Og vi som likar norsk idrett bør kanskje berre slå av TV-skjermen.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar