Kommentar

Derfor er forhandlingar einaste veg fram

Å tru at Taliban vert fredselskande kvinnesaksaktivistar utan å forhandle med dei, er som å tru på julenissen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nelson Mandela forhandla med det sørafrikanske, kvite regimet som hadde halde han og støttespelarane hans i fengsel før apartheid fall i 1991. Han vart henta i cella si ute på Robben Island, og ført inn til fastlandet i Cape Town – i skjul – for å sikre ei betre framtid for fleirtalet av sørafrikanarar. Demokratiforkjemparane i Aust-Europa forhandla med kommunistane som hadde drepe, torturert, fengsla og forfølgd dei før fridomen kom i 1989. Då Berlinmuren fall og fridomen kom, sat dei seg ned rundt det same bordet og forhandla om korleis overgangen frå kommunisme til demokrati skulle sjå ut.

Verdssamfunnet har i lang tid forhandla både med dei brutale regima i Nord-Korea og Iran for å stanse deira atomvåpenprogram. Til og med før 2. verdskrig var slutt, forhandla amerikanarane med representantar for Hitlers naziregime.

Ingen legitimering

Skjedde desse forhandlingane fordi Mandela likte apartheidregimet? Forhandla demokratiforkjemparane i Aust-Europa med kommunistane, fordi dei ville legitimere dei? Forhandlar verdssamfunnet med Nord-Korea og Iran fordi dei likar diktatura som styrer frå Pyongyang og Teheran?

Sjølvsagt ikkje. Dei forhandla fordi forhandlingar er det einaste som nokon gong har ført verda framover.

Slik er det òg med forhandlingane Norge har stelt i stand for Taliban.

Vi kjem ikkje unna at vi har prøvd bomber og skarp ammunisjon mot Taliban i tjue år. Parallellt med krigen har Norge fleire gonger sitte med Taliban og forhandla. Det er fordi alle veit at forandring berre skjer ved å snakke saman.

—  Emil André Erstad, kommentator

Militærmakt, stigmatisering, isolasjon og boikott har ofte lagt grunnlag for forhandlingar, men har i seg sjølv aldri vore nok til å få reell forandring. På eitt eller anna tidspunkt i dei fleste situasjonar i verdshistoria, har det føregått forhandlingar.

Forståelege reaksjonar

Det er forståeleg at enkelte reagerer på forhandlingane med Taliban, ettersom terrorrørsla som no har tatt makta i Afghanistan, står milevis frå verdiane dei fleste av oss står for. At eit av medlemene i forhandlingsdelegasjonen til Taliban, Anas Haqqani, er medlem av det brutale Haqqani-nettverket som står bak fleire av dei verste terroraksjonane dei siste tjue åra, er høgst problematisk. Dei stod bak terrorangrepet på Serena Hotel i Kabul i 2008, der journalisten Carsten Thomassen vart drepen og dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre forsøkt drepen.

Frp-leiar Sylvi Listhaug har her heime stilt seg i spissen for kritikken mot å forhandle med Taliban. Ho har trekt fram dei beskjedne millionbeløpa som Norge brukar på forhandlingane, som ein hån mot norske skattebetalarar. Det er grunn til å spørje kor ho var alle dei åra Norge pøste milliardar inn i militære operasjonar i Afghanistan med særs liten effekt? Det er fint med debatt om norsk utanrikspolitikk, men den bør skje utan billege slagord og meiningslause retoriske poeng. Ingen bør få sleppe unna med lettvinte svar på kompliserte utanrikspolitiske spørsmål.

Éin av dei som støttar Listhaugs kritikk er Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk. Han kallar forhandlingane «forakt for vanlige folks følelser». Han får heller seie det direkte til dei modige menneskerettsforkjemparane, journalistane og kvinnesaksaktivistane, som akkurat no sit og forhandlar med Taliban på Soria Moria hotell og konferansesenter i Oslo.

Forandring må skje

Det er verd å merke seg vitnesbyrdet til Nina Lian Brandt som mista broren sin i Afghanistan – løytnant Christian Lian i Kystjegerkommandoen. «Vi må være intelligente og rause nok til å benytte de metoder som skal til for å unngå så mye krig og katastrofer som over hodet mulig», skriv ho.

Vi kjem ikkje unna at vi har prøvd bomber og skarp ammunisjon mot Taliban i tjue år. Parallelt med krigen har Norge fleire gonger sitte med Taliban og forhandla. Det er fordi alle veit at forandring berre skjer ved å snakke saman.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar