Kommentar

Det terroristen ønsker

Akkurat no vert 22. juli-terroristens propaganda spreia på internett – takka vere direktesendingar frå norske aviser. Media bør skru av PR-showet umiddelbart.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei siste vekene har media vore full av åtvaringar om at Anders Behring Breivik ville bruke rettssaka i Telemark fengsel, der han ber om prøvelauslating, til å spreie høgreekstrem propaganda. Blant redaksjonane har det lenge vore diskutert korleis ein skal dekke rettssaka utan å spreie propagandaen, og korleis ein kan ta omsyn til dei overlevande og etterlatne etter 22. juli-terroren.

Åtvaring om propaganda

Det har i stor grad handla om å hindre at terroristen får portrettere seg slik han sjølv ønsker. Jacob Ravndal, forskar på høgreekstremisme ved Politihøgskolen, åtvara mot å vise bilete av Breivik. «Det har i dag en helt annen effekt enn tekst fra skrivne nyhetsartikler», forklara forskaren. Han peika på at bilete som vert publisert frå rettssaka, umiddelbart vert fanga opp på internett og kan bli brukt til å lage ulike typar memer som vert brukt i propaganda.

Likevel presterte fleire norske aviser og mediehus, mellom anna VG, Dagbladet, TV2 og Nettavisen, å publisere direktestrøyming av video frå rettssaka på sine nettsider. Det hadde nok Breivik rekna med då han entra den provisoriske rettssalen inne i gymsalen på Telemark fengsel.

Han hadde limt ein propagandaplakat på dressen sin, og viste fram fleire andre propagandaplakatar. Han kom òg med noko som kunne likne eit ultimatum til vestlege demokrati og NATO, om å samarbeide med hans gruppering. Denne propagandaen vart distribuert rett ut på internett av desse redaksjonane.

Det er i beste fall problematisk, i verste fall fungerte norske aviser som distribusjonskanal for ein høgreekstrem terrorist. Det er òg grunn til å spørje kvifor Breivik får lov å ha med seg denne propagandaen inn i rettssalen.

Breiviks rettssak er sjølvsagt av offentleg interesse og er ein naturleg del av det norske rettssystemet, men journalistar og redaktørar bør ikkje la henne spele seg ut som eit PR-show på terroristens premiss.

—  Emil André Erstad, kommentator

Stopp PR-showet

Redaksjonane som sende bilete bør spørje seg kvifor plakatane til Breivik var skrivne på engelsk. Dei bør òg spørje seg om kva Breivik sjølv ønskte å oppnå med sitt PR-show. Det heldt fram då aktor i rettssaka byrja på si utgreiing, så dommaren måtte avbryte og krevje at Breivik slutta å vise plakaten.

I TV2 si direktesending vart det ganske raskt sett over til studio, der kommentatorar konkluderte med at Breivik ønskte å gjere rettssaka til «ei scene». Den scena vart TV2 sjølv ein heilt effektiv og avgjerande del av. Det hjelper lite at avisene og mediehusa som sende direkte, i etterkant har sladda bileta av Breivik. Som alle veit: Det er vanskeleg å få tannkrem inn att i tuben.

Breiviks rettssak er sjølvsagt av offentleg interesse og er ein naturleg del av det norske rettssystemet, men journalistar og redaktørar bør ikkje la den spele seg ut som eit PR-show på terroristens premiss.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar