Kommentar

Tid for oppgjer

Få dagar etter at 532 jødar som kveg vart stua ombord i «Donau», trygla Frelsesarmeen om å få overta bustaden til ein familie som var send til Auschwitz. Er det tid for oppgjer?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då «Donau» la ut frå Akershuskaia i Oslo 26. november 1942, var nesten heile den store familien til Leiser Bodd ombord. Han, kona Janta og seks av dei sju barna Leiser hadde med den første (avdøde) kona si og mange barnebarn var på veg til Auschwitz.

Inndregne verdiar

Alt dei arresterte norske jødane eigde, vart overteke av den Quisling-styrte statskassa, med unntak av edelt metall som tyskarane tok.

Lakkegata 15 i Oslo, der Leiser, Janta og fire av borna vart arresterte av norske politifolk, var eigd av Frelsesarmeen sitt eigedomsselskap.

Likvidasjonsstyret som Quisling-styret oppretta for å rana jødane for alt dei eigde, møtte kø av folk som ville skaffa seg bustader, møblar og anna innbu. Mange understeikna med «Heil og sæl!».

To veker etter at «Donau» hadde lagt frå kai, kasta eigedomssekretæren i Frelsesarmeen seg over skrivemaskina. Brevet 9. desember vart signert med «ærbødigst»:

«Da Frelsesarmeens hovedkvarter er kjent med at vår leieboer i Lakkegaten 15, Leiser Bodd, er reist og ikke vil komme tilbake til leiligheten, vil en på det aller instendigste be dommeren og likvidasjonsstyret å la Frelsesarmeen få benytte denne leilighet til en av sine gifte offiserer…»

Offiseren ved hovudkontoret hadde lenge ønskt ein heim til seg og kona. No var den jødiske familien fjerna. Frelsesarmeen såg sin sjanse.

Brevet der Frelsesarmeen trygla til seg husværet deira etter arrestasjonen, viser behovet for eit tydeleg oppgjer med krigshistoria – også om forholdet til jødane.

—  Johannes Morken

Rett i gasskammer

Juristen Christopher S. Harper fann brevet i Riksarkivet og tok det med i notatet «Det ufullstendige oppgjøret» (HL-senteret, 2020), som eitt av mange døme på at dei som fekk kjøpa eller overta verdiar etter jødane, etter krigen slapp rettsoppgjer.

Eigedomssekretæren hadde heilt rett: Leiser Bodd ville aldri koma tilbake. Han, kvinnene og barnebarna vart sende rett i gasskammer då dei kom til Auschwitz 1. desember. Alle sønene vart sette til slavearbeid og gjekk alle i døden mellom 1943 og 1945.

I Oslo ville Frelsesarmeen gjerne at offiseren og kona skulle få flytta inn i det tomme husværet i Lakkegata før jul. Så raskt gjekk det ikkje. Men 11. januar 1943 skreiv Finansdepartementet at «det var intet i veien for at ovennevnte leilighet overlates Frelsesarmeen…». Den 14. januar sende eigedomssekretæren takkebrev.

Det er 79 år sidan i dag.

NS-venleg

Rolla til Frelsesarmeen i kyrkjekampen under Den andre verdskrigen var lenge lite utforska. Sjølv skapte Frelsesarmeen inntrykk av at organisasjonen for fullt hadde vore med. Frå starten var det sant, med støtte til protestbrevet frå Den norske kyrkja i februar 1941 mot mellom anna Hirdens overgrep.

Men då teologiprofessor Hallgeir Elstad og Per Arne Krumsvik frå det historiske selskapet til Frelsesarmeen dukka ned i arkiva, vart biletet mindre pent. I 2018 publiserte dei artikkelen «Frelsesarmeen og den norske kirkekampen» (Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap, 2018).

Dei påviste at Frelsesarmeen trekte seg ut av kyrkjekampen då Joachim Myklebust blei kommandør og landsleiar like etter hyrdebrevet i februar 1941. Då biskopane påskedag året etter la ned dei statlege embeta og sende ut «Kirkens Grunn» for å grunngje brotet med nazi-regimet, nekta Myklebust å støtta opp. Han skulda biskopane og prestane for å vera «dumme og uvettige». Han refsa dei som gjekk ærende for «bolsjevikene og den flyktede norske regjering». Frelsesarmeen skulle, sa Myklebust, halda seg unna politikk og kalla folk til frelse.

Myklebust var blitt sterkt anti-kommunistisk i Finland der han gjorde teneste under borgarkrigen i 1918. Han melde seg aldri inn i NS. Men det gjorde alle borna, og det er god grunn til å tru at det påverka faren. To av sønene fekk viktige rollar i NS: Ein var sentral i Germanske SS Norge, ein annan var ei tid leiar for propagandaavdelinga i Kulturdepartementet.

Intern motstand

Myklebust (som 6. mai 1945 gjekk av etter ordre frå det internasjonale hovudkvarteret) møtte intern motstand mot den NS-venlege lina, mellom anna frå sin nestkommanderande, Olav Hovde. Då biskopane 10. november 1942, med støtte frå frikyrkjer og organisasjonar, sende protestbrev mot at jødiske menn var arresterte, kom det også støtte frå Frelsesarmeen.

Men kanskje var signaturen til Myklebust ikkje resultat av omsorg for jødane, men heller resultat av internt press frå Hovde og fleire som ville vera med i kyrkjekampen.

Biskopane har i vår tid beklaga at protesten kom altfor seint. Den norske kyrkja leitar no etter svar på kvifor kyrkja ikkje brydde seg før det var for seint.

Snublesteinar

Frelsesarmeen verdsette at Elstad og Krumsvik hadde grave fram historia. Men offentleg er ikkje funna kommenterte av Frelsesarmeen.

I Lakkegata 15 A i Oslo driv eit korps i Frelsesarmeen arbeid i dag. På fortauet ligg «snublesteinar» – minnesteiner – for Leiser, Janta, Anna, Sofie, Moritz og Bernhard Bodd.

Brevet der Frelsesarmeen trygla til seg husværet deira etter arrestasjonen, viser behovet for eit tydeleg oppgjer med krigshistoria – også om forholdet til jødane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar