Kommentar

«Kanskje trengs ein manipulerande kynikar for å få til fred»

Fred kostar. Nokre gonger kan kanskje ein kynisk og manipulerande person få det til, slik som i Nord-Irland.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kva ekstraordinære menneske treng du for å få slutt på ein krig?

Det var ein mørk desemberkveld i Belfast, året var 1972. Inn døra kom væpna og maskerte menn, for å hente Jean McConville framfor augo på hennar ti born. Mannen Arthur hadde døydd av kreft berre få månader tidlegare. No var det 38-åringen Jean som skulle få dødsdomen. Borna såg dei væpna mannfolka dra mora deira ut av leilegheita, fleire av dei prøvde å halde henne fast, hylte, skreik og protesterte. Det var til inga nytte. Heile nabolaget såg det som skjedde, og alle visste kva som gjaldt: Snu seg bort, late som dei aldri hadde sett noko, som om dei ikkje visste at dette var krigens brutale ansikt.

Å seie ingenting

Mantraet var å seie ingenting – det same som tittelen på ei av fjorårets beste bøker, Si ingenting. En sann historie om mord og terror i Nord-Irland, av forfattaren Patrick Radden Keefe om den blodige konflikten i Nord-Irland. Målt etter folketal var konflikten meir dødeleg enn Vietnam-krigen.

Den mørke desemberkvelden vart dei ti borna til Jean McConville foreldrelause, takka vere den irske terrororganisasjonen IRA sine interne retningslinjer om å drepe informantar i eigne rekker. Nøyaktig kva Jean McConville hadde informert om, kom aldri fram.

Det vert teikna eit bilete av Gerry Adams som ein kynisk, manipulativ og kalkulerande psykopat. Ein hyklar som påstod at han var fredeleg, men som lot andre gjere jobben med å drepe, bortføre og bombe, for at han skulle få skine som den store helten som sikra fred.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ein av dei som sannsynlegvis visste langt meir om kvifor tibarnsmora vart drepen, var den seinare fredshelten Gerry Adams, mannen som skulle regjere som ei ruvande skikkelse i nordirsk politikk i mange tiår – og ein av hovudarkitektane bak den forhandla fram Langfredag-avtala, fredsavtala som i stor grad fekk slutt på krigen.

Ekstraordinære mennesketypar

Då Desmond Tutu nyleg gjekk bort, slo det meg: Kva ekstraordinære mennesketypar trengst for å oppnå forandring? Tutu var ein slik. Han var absolutt ingen psykopat, men likevel ein uvanleg og for mange ein ubehageleg mennesketype: kompromisslaus, uredd, konfronterande og polariserande. Han brukte så visst aldri innestemme. Han var villig til å bruke sterke verkemiddel for å oppnå eit fritt Sør-Afrika.

I motsetnad til den nord-irske katolikken Gerry Adams valde Tutu fredelege middel. Likevel fekk bortgangen til Tutu meg til å tenkje på Gerry Adams, mannen som vert grundig sett under lupa og til dels karakterdrepen i boka til Patrick Radden Keefe – ei bok eg melde for Vårt Land tidleg i 2021.

Adams har heile tida stått på sitt om at han var ein fredens mann, ein som ikkje involverte seg med terrororganisasjonen IRA etter at han slapp ut av fengsel i 1977, men som valde å kjempe med argument, penn og ord gjennom politikken og det nasjonalistisk-irske partiet Sinn Féin. Partiet vart rekna som den politiske fløya til terrororganisasjonen IRA.

Stemmesetel og rifle

Mykje tyder på at Adams var arkitekten bak IRA sin blodige strategi om å bombe, drepe og bortføre motstandarar i Nord-Irland på 1970-, 80- og 90-talet. Han meinte IRA burde kjempe for eit samla Irland, fritt frå britisk overherredøme, «med stemmesetelen i den eine handa og ei Armalite-rifle i den andre». Likevel nekta han hardnakka for å vere medlem av terrororganisasjonen.

Det hindra han ikkje i å dukke opp i gravferder for IRA-medlemer som vart drepne iført den svarte bereten gruppas medlemer var kjend for å bruke. Som politikar forsvara Adams den nådelause valdsbruken gruppa brukte mot alle som var lojale mot London, enten det var britiske soldatar eller sivile protestantar. Under eit arrangement i 1995 ropte ein mann at ein måtte «få tilbake IRA!». Adams svara, smilande og roleg: «Dei har ikkje forsvunne, veit du».

I dag er Adams hata av både lojalistiske protestantar og sine eigne. Ein av dei som på 70-talet hadde vore blant Adams sine næraste våpenbrør, den tidlegare IRA-terroristen Brendan Hughes, fortel i boka at han tidlegare kunne tatt ei kule for Gerry Adams si skuld, men at han no heller vil brukt ei på å drepe han. Hughes og mange andre hadde betalt dyrt, med sitt eige samvit og eigne nervar, for kampen mot britane. «Det viste seg at ingenting var verdt det. Ikkje eit drap var verdt det», fortalde Hughes i boka.

Ekstreme verkemiddel

Hughes fortalde at Adams var mannen som beordra både drapet og forsvinninga av tibornsmora Jean McConville. I 2014 vart han arrestert for drapet, men vart seinare lauslaten og ikkje straffeforfølgd – slik tilfellet er for tallause drap i konflikten om Nord-Irland.

I 1981 gjekk fleire fangar som høyrde til IRA til sveltestreik. Målet var å få offentleg sympati med saka til IRA og Sinn Féin, som trong støtte i eit val det året. Gerry Adams si rolle i sveltestreiken er godt dokumentert, ved at han oppfordra dei sveltande fangane til å halde fram. Så langt var Adams villig til å gå, at han såg ti av kameratane sine døy i sveltestreiken. Fengselslegen, Dr. Ross, som behandla dei sveltestreikande fangane enda seinare opp med å ta livet sitt.

Kynisk, manipulerande og kalkulerande

Den irske journalisten Ed Moloney skreiv seinare at utan sveltestreiken ville det ikkje vore mogleg for Sinn Féin å få den politiske suksessen som gjorde Langfredag-avtala mogleg.

I boka Si ingenting. En sann historie om mord og terror i Nord-Irland vert det teikna eit bilete av Gerry Adams som ein kynisk, manipulativ og kalkulerande psykopat. Ein hyklar som påstod at han var fredeleg, men som lét andre gjere jobben med å drepe, bortføre og bombe, for at han skulle få skine som den store helten som sikra fred.

Kanskje er det ikkje alltid sånn at heltane er dei største heltane og skurkane er dei største skurkane. Nokre gonger kan kanskje ein kynisk og manipulerande også få til fred.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar