Anmeldelser

Mora hennar, Jean McConville, vart dregen ut av leilegheita i Belfast. Ho kom aldri tilbake.

Minna frå terroren i Nord-Irland forsvinn ikkje.

Belfast, 1972. Ein mørk desemberkveld kjem væpna og maskerte menn inn i leilegheita til Jean McConville og hennar ti born. Mannen Arthur har døydd av kreft berre få månader tidlegare. No er det 38-åringen Jean som skal få dødsdomen. Borna ser dei væpna mannfolka dra mora deira med seg ut av leilegheita, fleire av dei prøver å halde henne fast, hyler, skrik og protesterer. Det er til inga nytte. Heile nabolaget ser det som skjer, men alle veit kva som gjeld: Snu seg bort, late som dei aldri har sett kva som skjer, som om dei ikkje veit. Denne desemberkvelden vert dei ti borna foreldrelause, takka vere den irske terrororganisasjonen IRA sine interne retningslinjer om å drepe informantar i eigne rekker. Nøyaktig kva Jean McConville hadde informert om, kom aldri fram.

Opne sår

Sannsynlegvis vart tibarnsmora drepen på grunn av ei misforståing. Kanskje var ho informant for den britiske hæren. Kanskje var ho berre ei heilt vanleg katolsk åleinemor som strevde med å få kvardagen til å gå opp. Historia hennar er uansett symptomatisk for heile konflikten i Nord-Irland frå 1969 til Langfredagavtalen gjorde slutt på dei mest valdelege angrepa i 1998: Mykje av det som skjedde har ingen seinare fått gode svar på. Mange av dei ansvarlege har aldri blitt stilt til ansvar. Såra er framleis så opne og så vonde at konflikten lever i beste velgåande, berre utan dei mest alvorlege valdshandlingane.

Nord-Irland-spørsmålet har vore blant dei vanskelegaste i forhandlingane mellom Storbritannia og EU.

—  Emil André Erstad

Eg har alltid ønskt å lese ei bok som enkelt og greitt kunne forklare meg kva som eigentleg skjedde under det som vert kalla The Troubles (på irsk Na Trioblóidí) – på norsk kjend som konflikta i Nord-Irland. Storverket Say Nothing (på norsk: Si ingenting). A True Story of Murder and Memory in Northern Ireland av den amerikanske journalisten Patrick Radden Keefe, er akkurat den boka eg venta på. Allereie frå første side vert vi kasta inn i dei ulike narrativa, ofte heilt spegelvendte, som prega den blodige konflikten som terroriserte Nord-Irland og Storbritannia i så mange tiår.

---

Bok: Sakprosa

Patrick Radden Keefe

Si ingenting. En sann historie om mord og terror i Nord-Irland

528 sider

Cappelen Damm 2021

Si ingenting

---

En cocktail av hat

Det irrasjonelle hatet er så sterkt, så overtydande og så fullt av vilje til vald. Når ein les om korleis dei ulike væpna gruppene, irske nasjonalistar og britiske lojalistar, budde side om side i den same byen – men likevel var villege til å drepe kvarandre for saka, får ein umiddelbart assosiasjonar til konfliktar som drep over heile verda. Hatet i Nord-Irland er nok mykje det same som hatet i resten av verda, enten vi er i Rwanda, Syria, Tyrkia eller Ukraina. Hatet som får folk til å ta til våpen. Til å lage bombeoppskrifter. Til å plante bilbomber. Til å ta livet av uskuldige menneske – alt saman rettferdiggjort av den store saka og all urettferda ein blir utsett for. Mykje kan skje når nasjonalisme, religion og klassekamp blandast inn i cocktailen.

Radden Keefe har skrive imponerande standardverk om konflikta i Nord-Irland. Nært, balansert og opprivande.

—  Emil André Erstad

Det er lett å ta side i konflikta i Nord-Irland. Det er lett å forstå at katolikkane i Nord-Irland kjende seg undertrykt av det britiske regimet. Radden Keefe skriv godt om korleis britane tok med seg sine eigne metodar for å slå ned opprør, heim til Nord-Irland. Katolske dissidentar vart utsett for grove valdshandlingar av det britiske styret nord på den irske øya. Samstundes får forfattaren fram at dei katolske nasjonalistane var sterkt usamde om vegen vidare, kva strategi som var rett og dei mange grupperingane som dukka opp som følge av all usemja. Alt frå det offisielle IRA, til det provisoriske IRA til meir fredelege demonstrantar. På motsett side fekk den britiske hæren og det nord-irske politiet hjelp av fleire lojalistiske paramilitære grupper som ikkje skydde nokre middel i kampen mot dei katolske motstandarane.

Armlengds avstand

Faren med å skrive ei bok som Radden Keefe har gjort, er at vi som lesarar skal bli presentert for ei ubalansert framstilling. Radden Keefe er amerikanar med irske anar, noko som gjer han utsett for kritikk frå britisk hald. Derfor er det gledeleg å sjå at forfattaren har lukkast særs godt med å halde seg sjølv på ei armlengds avstand til hendingane i Nord-Irland, slik at han kan skrive like kritisk om dei katolske terroristane, som dei lojalistiske. Det skapar truverd, og ei kjensle av å få tak i kva konflikta eigentleg handla om. Dei valdelege grupperingane på begge sider øydela for det store fleirtalet som aldri tydde til vald.

Patrick Radden Keefe

Karakterdrap på Gerry Adams

Sjølv om Say Nothing er sakprosa, er boka skriven så levande, så tett på dei faktiske personane, at den nesten har kvalitetane til god fiksjon. Vi blir kjend med nøkkelpersonane i denne blodige konflikta, som krevde fleire liv enn nokon annan konflikt i Vest-Europa har gjort sidan 2. verdskrig.

Nokon kjem betre ut av det enn andre. Den kjende nasjonalistisk-irske politikaren Gerry Adams er blant dei som verkeleg vert karakterdrepne i boka. Mannen som var ein av dei viktigaste i arbeidet med å få på plass Langfredagavtala, avtala som gjorde slutt på krigen, vert framstilt som ein psykopat som sende unge gutar og jenter framfor seg i striden, let dei unge folka gjennomføre sultestreikar i fengsel som tok livet av fleire – samstundes som han kunne vaske hendene sine frå synd ved å sei at han berre var ein politisk aktør. Forfattaren gjer godt greie for at Adams nok hadde ei meir sentral rolle i den væpna konflikten enn mange hittil har trudd. Noko som gjer at Adams seinare har blitt etterforska for drapet på åleinemora Jean McConville, men at manglande bevis har gjort at saka har gått i stå.

Brexit-relevans

Alle som interesserer seg for krig og fred, politikk og historie, bør lese Say Nothing. No som boka endeleg kjem på norsk er det eit godt høve til å lære meir om ei historie som er så frykteleg nær, og frykteleg vond. Historia er framleis eit ope sår med stor relevans for dagens politiske Europa. På grunn av Brexit er det frykt for at den ulmande konflikta skal blusse opp att.

Faktisk har Nord-Irland-spørsmålet vore blant dei vanskelegaste i forhandlingane mellom Storbritannia og EU. Mykje fordi Irland og Storbritannia sitt medlemskap i EU har gjort konflikten mindre synleg i dagleglivet, for alle dei som no kan krysse grensa heilt fritt. Nyleg kom det drapstrugslar mot den ferske grensekontrollen som skal kontrollere varer som kjem frå det britiske fastlandet til Nord-Irland. For lojalistane er det eit stort nederlag at Nord-Irland no skal behandlast som eit territorie utanfor det britiske kongedømmet. Alternativet er å sette opp tollmurar og grensestasjonar på grensa mot den irske republikken. At dette kan skrape i gamle sår og minner, er det stor risiko for.

Radden Keefe har skrive imponerande standardverk om konflikta i Nord-Irland. Nært, balansert og opprivande. Ingen som les denne fortellinga kan unngå å la den prege dei.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser