Kommentar

Tre alternativ til krig i Ukraina

Det treng ikkje bli krig i Ukraina, viss vestlege land berre byrjar å gå hardare til verks mot Putins russiske regime.

l

2022 kan bli året vi igjen får fullskala, skikkeleg krig på europeisk jord, men vi må tilbake til søndag 8. desember 1991, i ein slags luksuriøs skogshytte-residens nær den polske grensa i den gamle urskogen Białowieża i Kviterussland, for å finne bakgrunnen.

Der sat den russiske presidenten Boris Jeltsin, den nyvalde ukrainske presidenten Leonid Kravtsjuk og den kviterussiske leiaren Stanislav Sjusjkevitsj. Det som skjedde der for over 30 år sidan fekk enorme konsekvensar for verdshistoria, Sovjetunionens skjebne og dagens ulmande konflikt i Ukraina, men dei tre leiarane har i ettertid vore usamde om kvifor dei eigentleg sat der samla.

Sjølvstendet som vart vanskeleg

Vi veit at møtet resulterte i ei avtale med 14 punkt, og at dei tre leiarane tok seg ein slurk brandy for kvart punkt dei vart einige om.

I løpet av det siste åra hadde Sovjetunionen sakte smuldra opp og eit stort antall sovjetiske republikkar fått sjølvstende. No var det i realiteten berre Kviterussland, Ukraina og Russland som var att i den tidlegare så mektige kommunistunionen.

Kviterussiske Sjusjkevitsj hevdar målet med møtet var å diskutere olje- og gassforsyningane til Kviterussland, medan ukrainske Kravtsjuk var overtydd om at møtet handla om framtida til Sovjetunionen – og dermed også framtida til Ukraina, Kviterussland og Russland som sjølvstendige statar.

Russlands autoritære styre, omfattande korrupsjon og aggressive åtferd mot Ukraina og andre land må få konsekvensar. Då må presset mot det autoritære russiske regimet bli forsterka. Og det kan skje heilt utan at det blir løsna skot, bomber eller granater.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ved slutten av møtet fekk kviterussaren jobben med å ringe til det sovjetiske kommunistpartiet sin generalsekretær, Mikhail Gorbatsjov, den øvste sovjetiske leiaren, for å informere han om at dei tre hadde gjort slutt på Sovjetunionen sin eksistens. Frå no av skulle Kviterussland, Ukraina og Russland vere sjølvstendige, uavhengige statar.

Men der starta òg problema for dagens forhold mellom mellom Ukraina og Russland.

Aggressive Putin

Gjennom desember og hausten i år har russiske troppar mobilisert på den ukrainske grensa, og no tel dei russiske soldatane langs grensa opp mot 100.000. Rett før jul uttalte president Vladimir Putin til russiske militærtenestemenn at Russland ville ta «passande militærtekniske tiltak» dersom Vesten fortsette med si «openberre aggressive haldning».

I russisk nasjonal identitet har Ukraina alltid vore knytt til Russland. Dei deler felles språklege røter i det slaviske og felles religiøse band i den ortodokse trua. Forløparen til det russiske imperiet, det historiske Rus-riket, hadde sitt utspring rundt det området som i dag er den ukrainske hovudstaden Kiev. Det bur millionar av russarar i austlege Ukraina, som i praksis kjenner seg tettare knytt til Mosvka enn til den ukrainske hovudstaden.

Dei russiske leiarane har aldri skikkeleg akseptert at Ukraina er ein heilt sjølvstendig stat, slik dei heller ikkje ser på Kviterussland som heilt sjølvstendig. Derfor har Putin og hans folk dei siste månadane sett frem ei rekkje krav til Ukraina, USA og EU om kva dei kan akseptere at skjer med Ukraina si framtid. Russarane har mellom anna lagt fram utkast til nye, internasjonale avtaler dei ønsker å inngå med NATO og USA – på ein veldig utradisjonell måte innan internasjonalt diplomati.

Heilt urealistiske krav

Stikkorda er at NATO må stoppe utvidingane sine austover og trappe ned aktiviteten i landa som tidlegare var del av Sovjetunionen. Russarane krev at NATO trekk tilbake sitt tilbod om at Ukraina kan bli medlem av alliansen, og at NATO aldri må opprette militærbasar i sovjetiske statar som ikkje allereie er medlemer. Den norske utanriksministeren Anniken Huitfeldt har omtalt dei russiske krava som «heilt urealistiske».

Russarane oppfører seg som om dei eig Ukraina.

Viss ein ser på president Putin og hans regimes oppførsel i den tida han har styrt Russland, har det ikkje vore enkelt å føresjå kva han planlegg. I august 2008 invaderte han Georgia – til stor overrasking i Brussel, Washington og vestlege hovudstader.

No er det ukrainarane sitt sjølvstende som står på spel – eit sjølvstende som allereie har vore truga av Russland si annektering av Krimhalvøya i 2014 og den pågåande borgarkrigen aust i landet.

Meir effektivt enn kuler og krutt

Kan vi unngå krig på europeisk jord i 2022? Russlands autoritære styre, omfattande korrupsjon og aggressive åtferd mot Ukraina og andre land må få konsekvensar. Då må presset mot det autoritære russiske regimet bli forsterka. Og det kan skje heilt utan at det blir løsna skot, bomber eller granater.

For det første må dei internasjonale organisasjonane bruke sine verktøy. I 2014, etter anneksjonen av Krim, vart Russland tatt frå stemmeretten i Europarådet si parlamentarikarforsamling. Dei fekk likevel tilbake stemmeretten i 2019. Ein måte å få russiske leiarar til å tenke seg om ein gong eller to, er å ta frå dei stemmeretten igjen.

Leiarar i demokratiske land må bruke diplomatiet for alt det er verdt, men òg den delen av verktøykassa som vil straffe det russiske regimet utan militære verkemiddel.

—  Emil André Erstad, kommentator

For det andre bør Putin og hans indre sirkel bli sett under langt hardare sanksjonar enn hittil. Alle demokratisk innstilte land bør innføre omfattande og målretta sanksjonar for å hindre innreise og fryse eigedommane og verdiane til den indre sirkelen. Mange har dyre feriehus i Europa, og vil merke på kroppen viss moglegheitene til å bruke desse forsvinn.

For det tredje bør vestlege land bruke gassrøyrledningen Nord Stream 2 for å stoppe den russiske aggresjonen. Mange fryktar at røyrledningen vil gje russarane energimonopol i Europa, fordi russarane dermed vil kontrollere tilgangen og prisen på gass til Europa. Det er derfor ingen god idé å opne røyrledningen slik situasjonen er no.

Leiarar i demokratiske land må bruke diplomatiet for alt det er verdt, men òg den delen av verktøykassa som vil straffe det russiske regimet utan militære verkemiddel.

Fordi ingen er tent med krig, og ingen er tent med eit Russland som får bølle seg til å få det som dei vil.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar