Kommentar

Mannen som vart forvandla

I fleire år ropte opposisjonspolitikar Trygve Slagsvold Vedum ulv, ulv. Som finansminister må han nyansere og sei at ulven kanskje ikkje er så stor og skummel som han skulle ha det til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For folk som ikkje følgjer norsk politikk frå time til time, er det kanskje vanskeleg å forstå at finansminister Trygve Slagsvold Vedum er same mann som tidlegare kalla seg opposisjonspolitikar Trygve Slagsvold Vedum. Veljarane ser i alle fall ikkje ut til å forstå det, og forsvinn i hopetal frå Senterpartiet. På Vårt Lands desembermåling er Senterpartiet no 3,4 prosentpoeng bak valresultatet, og 1,5 prosent ned frå november. Snittet for målingane frå andre byrå viser same, nedgåande tendens.

Brotne forventningar

For kva skjedde eigentleg med Trygve Slagsvold Vedum – den tydelege, munnrappe opposisjonspolitikaren som hamra den same bodskapen kvar gong nokon putta ein mikrofon framfor munnen hans? Svara var så enkle, korte og unyanserte at mange med rette valde å kalle han ein populist. Endå fleire valde å stemme på han.

I oktober vart han finansminister, og sidan den gongen har svara hans blitt fylt med langt meir kompliserte, nyanserte og unnvikande ord enn tidlegare. Han høyrest rett og slett ut som ein ansvarleg politikar – meir i stil med det Senterpartiet vi kjende før populist-strategien slo inn.

Problemet er berre at veljarane forventa noko anna.

Problemet med populisme

Bakgrunnstala frå Vårt Lands desembermåling viser at Senterpartiet tapar til både Høgre og Framstegspartiet, men mest av alt tapar partiet til sofaen. 23 prosent av dei som stemte Senterpartiet i september seier no at dei ikkje veit kva dei vil stemme. I faktiske tal utgjer det over 90.000 misfornøgde, demobiliserte veljarar.

Tiltaka – som finansminister Vedum er ansvarleg for – for å få ned straumprisane, er sjanselause mot straumprisane – som i motsetnad til Senterpartiets oppslutning, skyt fart mot himmelen kvar dag som går.

—  Emil André Erstad, kommentator

Populisme kan vere eit effektivt grep viss ein er i opposisjon. Problemet med ein populistisk, unyansert strategi er at den er kortsiktig fordi den lovar veljarane noko som ingen ansvarlege politikarar kan halde, viss dei kjem i posisjon.

Trygve Slagsvold Vedum gjorde kritikarane til skamme etter valet. Strategien hans gav Senterpartiet enorm innflytelse over politikken, ei historisk stor stortingsgruppe, store gjennomslag i statsbudsjettet og fleire statsrådar enn partiet nokon gong har hatt. Alt skulle liggje til rette for at partiet i draumeregjeringa si med Arbeidarpartiet, skulle få skine.

Det har ikkje skjedd.

Galopperande straumprisar

Tvert om fekk landet meir koronapandemi og ei straumkrise som er i ferd med å knekke privatøkonomien til mange menneske med dårleg råd. Tiltaka – som finansminister Vedum er ansvarleg for – for å få ned straumprisane, er sjanselause mot straumprisane som i motsetnad til Senterpartiets oppslutning, skyt fart mot himmelen kvar dag som går.

Det er vanskeleg å forstå for folk at regjeringa no berre brukar rundt 9 milliardar kroner på å redusere folk sine straumrekningar, samstundes som staten samla sett håvar inn over 27 milliardar kroner frå Statkraft berre i år. Det er mykje meir enn dobbelt så mykje som snittet for inntektene mellom 2010 og 2020. For 2022 vil summen sannsynlegvis bli høgare. At mannen som ivra for å redusere folk sine kvardagskostnadar og avgifter i opposisjon, no er ansvarleg for å administrere historisk høge straumprisar, er uforståeleg for mange.

Skremmer veljarar til skogs

I biletleg forstand har opposisjonspolitikaren Trygve Slagsvold Vedum brukt dei siste åra på å rope ulv, ulv – til dømes når han har skulda på EØS for mange ting som er gale i Norge. Som finansminister er det jobben hans å sei at ulven kanskje ikkje er så stor og skummel som han skulle ha det til – noko han fekk erfare denne veka då han skulda på EØS for manglane i ordninga med lønnsstøtte, utan at det var EØS-avtala sin feil.

Problemet er at bodskapen om dei meir nyanserte ulven skremmer veljarane hans til skogs.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar