Kommentar

Vi må hegne om den gode forventinga

Nettopp i år er det viktig å glede seg til jul. Julebodskapen sigrar over frykta og mismotet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg fekk klump i magen då regjeringa tidlegare denne veka kalla inn til pressekonferanse etter leggetid for minsteguten. Dette kunne berre bety dårlege nyhende. No var det alvor. Og det var nettopp dette statsminister Jonas Gahr Støre la inn over oss: Alvoret. Heller ikkje denne jula blir «som normal». Tvert om må vi no gjere det vi kan for å avgrense medmenneskeleg nærkontakt.

Igjen ser vi dei aukande smittetala på den daglege teljaren. Omikron har endra spelereglane. Sjølve brettet er også så godt som nytt, kan det verke som. Men vi, alle brikkene, er her framleis, hakket meir slitne enn før.

I morgon tenner vi fire lys i adventsstaken. Det er ei knapp veke til jul. Gleda og forventinga som pregar førjulstida, er på nytt blitt ispedd den usikre ventinga. Vi veit ikkje heilt korleis dette utviklar seg. Allereie om nokre dagar kan pilene igjen peike riktig veg, iallfall om det viser seg at få blir alvorleg sjuke av omikronsmitte. Og alle som kan, bør vaksinere seg. Det er likevel framleis mogleg at det «kjem til å bli verre før det blir betre», som det heitte også i starten av pandemien.

Vi må hegne om den gode forventinga. For i Guds verd ligg det gode framfor oss. Og det gode er her og no. Det er ikkje svunnen fortid. Vi har godt i vente.

—  Alf Kjetil Walgermo

Overhengande fare

Vi kjenner på den overhengande faren. Vi går inn i jula med eit damoklessverd hengande over oss, på staden der det skulle vore ein misteltein.

Mistelteinen er symbolet på lykke, god helse og fruktbarheit. Fleire stader i verda blir mistelteinen hangen opp i taket som juledekorasjon, ein populær tradisjon som også medfører kyssing og romantikk. Den som hamnar under mistelteinen, står lageleg til for kyss – føresett samtykke, får vi legge til.

Damoklessverdet er symbolet på ein vedvarande trugsel. Historia frå antikken fortel om hofftenaren Damokles som var misunneleg på herskaren sin. Han måtte vere verdas mest lykkelege menneske, meinte Damokles. Herskaren svarte med å tilby tenaren plassen sin på tronstolen. Damokles steig glad og stolt opp og sette seg vel til rette, berre for å oppdage at det hang eit sverd i eit hestehår over hovudet hans.

Psykisk krevjande

Koronaviruset har i snart to år vore eit slikt sverd over hovudet vårt. Ikkje berre over statsministrar, helseministarar og andre styresmakter, men over heile verdssamfunnet. Og det er psykisk krevjande å leve med eit sverd over hovudet. Det ser vi på verknadene av den sosiale nedlukkinga. Dei ulike tiltaka har i stor grad vore nødvendige, men situasjonen gir oss også ei mengd med nye problem å hanskast med. Spesielt har barn og unge vore sårbare for negative verknader av pandemien. Seinast torsdag åtvara Barneombodet, Redd Barna, Unicef og BufDir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) mot følgjene av utvida heimeskule i 2022. Barn blir ramma av pandemien på mange måtar, frå skuffelse til manglande tryggleik og psykiske helseplager.

Skuffelse har vi kjent på også i vår familie. Dei fleste av barnas juleavslutningar dei seinaste par vekene er blitt avlyste eller sterkt reduserte. Eg synest barna har vore tapre. Men så har dei etter to år med pandemi begynt å venne seg til at ting ikkje alltid blir som planlagt.

Men no er det snart jul. Og sjølv om det ikkje er meir enn ein positiv hurtigtest som skal til før den planlagte julefeiringa er spolert, er det viktig – både for oss vaksne og for barna – å halde oppe og hegne om den gode forventinga.

Bodskap om glede

Glede og forventing er ein sentral del av julebodskapen. Det går tydeleg fram av Lukasevangeliet. Vi skal ikkje frykte, slik Maria ikkje skulle frykte i møte med bodskapen frå engelen Gabriel. «Ver ikkje redd, Maria!» er eit Guds nådeord vi alle skal få lov til å ta til oss – i julehøgtida og elles. Engelen sa det også til gjetarane på betlehemsmarkane: «Ver ikkje redde!» Det er noko av det viktigaste som kjem fram i juleevangeliet, at vi ikkje skal frykte, for julebodskapen er ein bodskap om glede – ei stor glede, ei glede for heile folket.

«I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

Og så syng englane. Og så syng dei endåtil om at Gud har glede i oss!

Guds glede og forventing på julenatta er eit bod på det store underet som blei oss til del den gongen, og som framleis blir oss til del i dag. Julebodskapen kom ikkje som ein bodskap til dei sjølvtrygge. Han kom ikkje som ein bodskap til dei uforferda. Julebodskapen er ein bodskap til dei usikre og redde. Gud kjem nettopp til oss. Han blir ein del av vår eigen sårbare kvardag. Og frå krybba strekker han ei lita spedbarnshand mot oss og vil ha kontakt.

Sverd i sjela

Maria var ofte bekymra, naturleg nok, ho var eit tenkande menneske, ho gøymte på ord og teikn i hjartet sitt og grunda over dei. Jesus blei borte for henne fleire gonger, ho mista han av syne, ja, ved krossen mista ho han totalt. Sjølv Jesu mor hadde ikkje eit problemfritt liv. I ung alder fekk ho høyre at ho ville møte vanskar, ja, evangelisten seier det så sterkt som at det skulle gå eit sverd gjennom sjela hennar.

Også vi kjenner på sverdet. Marias sverd. Damoklessverdet. Det heng trugande over oss og ser ikkje ut til bli borte. Og det er ikkje alltid så lett å vite korleis vi skal takle det. Det muterte viruset legg ein dempar på julestemninga. Mange stader blir det vanskeleg å feire julegudsteneste. Det blir nok fleire digitale løysingar også i år, kyrkjevandringar og utegudstenester. Og det er fint. Men det var ikkje slik vi håpte det skulle bli. Vi hadde så vidt begynt å gå i kyrkja igjen. Vi hadde begynt å få opp tiltakslysta. Så er det tilbake i nye koronatiltak. Somme av oss kjenner nok at det er få krefter att til den felles dugnaden vi har vore ein del av så lenge. Men vi må framleis.

Godt i vente

Difor må vi også noko anna. I førjulsdagane må vi gjere som Maria. Ho fekk legge redsla og uroa bort. Ho fekk kjenne på den gode forventinga. «Mi sjel høglovar Herren», song ho. «Mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.»

Vi må hegne om den gode forventinga. For i Guds verd ligg det gode framfor oss. Og det gode er her og no. Det er ikkje svunnen fortid. Vi har godt i vente.

Vi må alle igjennom smerta. Men julebodskapen har sigra over frykta og mismotet. La oss tenke litt ekstra på det i år.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar