Kommentar

Tolmod er ingen uendeleg ressurs

Forskjellen mellom ord og handling frå helsestyresmaktene, er problematisk stor. Vi risikerer at folk mister respekten for den sosiale nedstenginga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Heile denne lange dagen låg det i lufta: Ei ny sosial nedstenging luska rundt i korridorane hos FHI, Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet. Folk snakka om det rundt lunsjborda på jobb, på bussen heim eller over handlediskane på butikkane.

Trugar pasienttryggleiken

I media fekk vi små forventningsjusterande drypp frå Nakstad, Stoltenberg og Guldvog, medan den politiske leiinga i Støre-regjeringa sat og bestemte korleis dei konkrete tiltaka skulle sjå ut. Gjennom ettermiddagen førebudde helsedirektør Bjørn Guldvog folket på den kommande sosiale nedstenginga ved å peike på omsynet om at alle som treng det, får naudsynt helsehjelp. Sjukefråveret i helsetenesta er no så høgt at det kan truge pasienttryggleiken.

Alle forstod at det berre var å stålsette seg for det som heilt uunngåeleg var på veg. Ei trist og uggen stemning breidde om seg. Inngripande koronatiltak er for mange menneske synonymt med einsemd, arbeidsløyse, tapte inntekter og depresjon.

For dei med ein god familie rundt seg, trygge jobbar og stabil inntekt, er det kanskje ikkje så farleg med to veker utan restaurantbesøk. For ei ung kvinne som bur åleine på ein liten hybel i Oslo, med jobb i kultur- eller utelivsbransjen, er det som skjer no ingen leik.

Det er eit paradoks at tiltaka for å stanse smitten skal vere så harde, nesten illiberale, samstundes som tiltaka for å auke kapasiteten i helsevesenet ikkje er på tilsvarande nivå

—  Emil André Erstad

Beredskapen skremmande dårleg

Så, klokka 19 i kveld, kom orda frå statsminister Støre, finansminister Vedum og helseminister Kjerkol i regjeringa sin Marmorhall. Med juleferien rett rundt hjørnet, må vi gjennom ei ny sosial nedstenging: Det blir redusert skjenking, reduserte moglegheiter for trening, påbod om heimekontor og relativt sterke sosiale restriksjonar. Regjeringa kallar det ikkje ei nedstenging, men det er i realiteten eit av få ord som passar. For mange verksemder, sosiale grupper og ting som skjer, er det ei heilt reell nedstenging.

Kanskje hadde ein del forventa at tiltaka var hardare og meir inngripande enn dei faktisk var, men for mange er det no slutt på tolmodet med at det gong på gong kjem store avgrensingar på korleis folk skal leve liva sine. Det er eit paradoks at tiltaka for å stanse smitten skal vere så harde, nesten illiberale, samstundes som tiltaka for å auke kapasiteten i helsevesenet ikkje er på tilsvarande nivå. Vi har snart hatt pandemi i to år, utan at veldig store endringar har skjedd i helsevesenet. Lite har blitt gjort for å auke kapasiteten. Det er meir enn eit paradoks, det er heilt uforståeleg. Beredskapen er framleis skremmande dårleg.

I og med at tiltaka for avgrense den sosiale fridomen til folk er så inngripande for å unngå å overbelaste helsevesenet, burde ein forvente at styresmaktene stilte opp med tilsvarande ekstraordinære tiltak for å auke kapasiteten i det same helsevesenet. Professor Tore Wig skreiv på Twitter at styresmaktene burde ta «radikale krigsliknande grep for å auke kapasiteten». Han har nok mykje rett i det.

Tiltak står uprøvd

Kvifor har ikkje sjukepleiarane fått kraftig auke i løna? Kvifor hasteutdannar vi ikkje helsepersonell – til dømes intensivsjukepleiarar som det er stor mangel på? Kvifor er ikkje Sivilforsvaret sendt ut for å hjelpe helsevesenet? Kvifor er det ikkje krav om vaksine for helsepersonell? Desse grepa står ennå uprøvd. Støre seier det er løyvde pengar til noko opptrapping framover, men det kjem for seint.

Sjølvsagt er det viktig at vi får ned smitten i befolkninga, der nokon av oss er meir utsett enn andre. Men igjen er det vanlege folk, bedrifter og næringsliv som skal betale ein uforholdsmessig høg pris for å stanse smitten. Nokre grupper må heilt konsekvent betale ein høgare pris enn andre. Vi veit òg at helsepersonell står i ein allereie krevjande situasjon.

I jussen, statsvitskapen og filosofien lærer studentane om den såkalla samfunnskontrakten – ofte kalla samfunnspakt – som skildrar den tenkte kontrakten menneska i naturtilstanden inngår, for å sikre og leggje under seg felles statsmakt der beskytting og felles rettar inngår. Det er denne kontrakten vi tærer på kvar gong styresmaktene innfører inngripande tiltak for å stanse smitten. På eit eller anna tidspunkt finst det ei grense for kor langt styresmaktene kan gå, før handteringa mistar legitimitet og støtte. Folk mistar rett og slett tolmodet.

Nær grensa no

Vi er svært nær den grensa no, og det vil igjen skade oss alle.

For kvar er vi eigentleg på veg? Kor mange fleire sosiale eller fysiske nedstengingar kan vi tole? I september gav assisterande helsedirektør Espen Nakstad ut boka si og proklamerte at «vi gradvis beveger oss mot ein meir normal kvardag». Når ikkje eingong helse-Noregs supermann har peiling på kva vi har i vente, korleis skal då folk stålsette seg for endå ei sosial nedstenging utan å vite kvar vi er på veg? Ein strategi må ha eit ønska utfall, eit resultat, ein slutt eller end-game.

I møte med koronaen ser det ikkje ut til at noko slikt finst.

Dei fleste av oss har forståing for at pandemien er meir langvarig enn helsestyresmaktene først forstod, men då er det desto viktigare at riktige og forholdsmessige tiltak kjem til riktig tid.

No er det snart slutt på tolmodet. Helsestyresmaktene bør få meir samsvar mellom ord og handling, elles risikerer vi at mange av oss kjem til å gje blaffen snart

—  Emil André Erstad

Risikerer at folk gir blaffen

Då er spørsmålet kvifor styresmaktene ikkje har gjort langt meir for å sikre at helsevesenet over tid kan tole at fleire blir smitta og at fleire blir lagt inn på intensivavdelingane. Det kan umogleg vere meir samfunnsøkonomisk lønsamt å halde på med nedstenging etter nedstenging. Sjukepleiarane kunne nok fått ei ganske betydeleg lønsauke før vi kom opp på nivået til dei krisepakkane vi har betalt ut til næringslivet så langt.

Og samfunnsøkonomien kan eigentleg ta seg ein bolle, for dei menneskelege kostnadane av nedstengingane er langt større og meir alvorlege. Dei konsekvensane veit vi framleis altfor lite om i stor skala.

No er det snart slutt på tolmodet. Helsestyresmaktene bør få meir samsvar mellom ord og handling, elles risikerer vi at mange av oss kjem til å gje blaffen snart.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar