Kommentar

NM i pokerfjes

Skal SV vere ei lojal dørmatte for regjeringa, eller skal partiet bli ein forhandlingsmeister med store gjennomslag dei neste fire åra? Slaget står no.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Viss vi tenker på at SV for snart to månader sidan braut regjeringsforhandlingane i Hurdal, og at partiet for ei veke sidan la fram eit veldig annleis alternativt budsjett enn forslaget frå Ap og Sp, er det eigentleg litt rart at stemninga mellom dei tre partia har vore overraskande harmonisk. Ingen av partia ville blunke og vise korta.

Men, så viser det seg, at den siste veka eigentleg berre har vore eit slags norgesmeisterskap i å ha pokerfjes. Alle dei tre forhandlarane - Eigil Knutsen (Ap), Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og Kari Elisabeth Kaski (SV) – har til media skrytt av den gode tonen og tilliten mellom partia. Inne i forhandlingsrommet har stemninga vore dårlegare fordi lite har skjedd.

Hurdal 2.0

SV opplever at forhandlingane er ein slags reprise av forhandlingane i Hurdal, der dei to større partia er lite villige til å gje SV høvelege gjennomslag. Sp og Ap opplever på si side at SV er i overkant kravstore. På mange måtar er forhandlingane ikkje berre forhandlingar om neste års statsbudsjett, men også ei forhandling om SV skal vere meir enn lojalt stemmekveg i Stortinget dei neste fire åra.

Gjennom helga har Ap og Sp kommunisert at dei har møtt veggen, og at det derfor var behov for å løfte forhandlingane opp til dei parlamentariske leiarane. Den situasjonsskildringa er SV ueinig i, og SV-arane tett på forhandlingane meiner Ap og Sp hevar temperaturen for mykje.

I forhandlingane under Solberg-regjeringa var det vanleg at dei parlamentariske leiarane kom inn mot slutten då eit resultat var nær avklaring. Slik forhandlingane mellom SV, Ap og Sp står no, er det framleis langt igjen til eit resultat dei tre partia kan godta. Hittil har forhandlingane vore prega av eit stort detaljnivå.

Uerfarne forhandlarar

Ingen av dei tre forhandlarane Knutsen, Gjelsvik og Kaski har forhandla om eit statsbudsjett før. Knutsen og Gjelsvik har vore lite villige til å forhandle direkte over bordet inne i forhandlingsrommet, fordi dei er avhengige av å sjekke ting bakover med regjerings- og partiapparatet. Det har forseinka framdrifta.

Kven tapar mest på at partia ikkje einige? Sannsynlegvis SV, fordi Sp og Ap kan velge å køyre slalåm med andre parti. Det er nok også grunnen til at SV har fått så lite i forhandlingane til no, fordi dei to andre veit at SV har høgast kort i spel.

—  Emil André Erstad, kommentator

SV står hardt på at eit resultat bør innehalde større klimakutt, raskare grøn omstilling, meir omfordeling i skattesystemet, meir til velferd gjennom billegare tannhelse, skulefritidsordning og reversering av usosiale kutt. I tillegg ønsker SV at partia skal starte arbeidet med profittfri velferd. Slik kan SV høgne resultatet.

I 2013 flytta KrF og Venstre på 2,7 milliardar kroner i forhandlingane i Stortinget. Regjeringspartia har lekka at det skal vere flytta på «godt over tre milliardar kroner» så langt i forhandlingane med SV. Det er grunn til å ta denne summen med ei klype salt, men han viser uansett at SVs forventningar om å flytte på langt meir pengar enn det KrF og Venstre gjorde i 2013 er milevis frå å bli innfridde. Ap og Sp vil ikkje syne SVs innsats.

Høg innsats

Den andre store usemja handlar om kor mange såkalla verbalforslag – altså punkt med tekst om kva regjeringa skal følge opp utover dei reine tala i budsjettet – dei tre partia kan bli samde om. For SV er det også her ein kan reformere politikken frå Stortinget.

Kven tapar mest på at partia ikkje einige? Sannsynlegvis SV, fordi Sp og Ap kan velge å køyre slalåm med andre parti. Det er nok også grunnen til at SV har fått så lite i forhandlingane til no, fordi dei to andre veit at SV har høgast kort i spel.

Det er ein desto viktigare grunn til at forhandlingane er eit slags all-in for SV. Seier partiet pass og kastar korta, har dei satt seg sjølv på sidelinja i fire år.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar