Kommentar

Frykta for Kina

På ni år har Xi Jinping skrudd til diktaturet i Kina.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mor mi var så redd for Sovjet og Kina at ho vart djupt uroleg då eg og ein kamerat skulle reisa med tog gjennom Sibir på veg til Beijing i januar 1986.

Det var ikkje lenge sidan den Moskva-dikterte unntakstilstanden i Polen i 1981 og endå kortare tid sidan Dagbladet sist offentleggjorde kart over Den raude arme sine ruter for ein frykta invasjon mot vest. Den tredje verdskrigen var ikkje så langt unna tidleg på 80-talet.

Minna frå Maos skrekkregime – med millionar av døde – sat djupt i, ti år etter at kulturrevolusjonen i Kina tok slutt i 1976.

Veggaviser mot despoti

I 1976 starta eg den politiske karriera mi på Sogndal gymnas – med veggaviser om redslene frå dei to kommunist-diktatura. Gymnaset hadde vore dominert av AKP (m-l) og Raud Ungdom. Dei dyrka Mao under Kulturrevolusjonen og støtta Kina til langt på 80-talet, slik dei hadde lagt seg langflate også for andre raude despotar.

Mor mi var meir uroleg enn eg meinte ho ho trengte å vera i januar 1986. Gorbatsjov hadde nettopp kome til makta i Moskva, med glasnost og perestrojka. Same dagen som vi sette oss på toget i Oslo, kom den nyaste utgåva av det amerikanske magasinet Time som hadde kåra Deng Xiaoping til «Årets mann». Vi tok Time med som lesestoff, også vi var prega av vestleg Kina-optimisme.

I Beijing blei vi to, i raude fjellanorakkar mellom blå og grøne Mao-dressar, omringa av unge med breie og interesserte smil. Det verste vi vart utsette for, var å bli kasta av bussen fordi vi hadde kjøpt feil billett. Diktaturet slo til – i form av ein billettkontrollør.

Mange i vest trudde at Dengs økonomiske opning også ville gje politiske reformer. Det viste seg å vera naivt. Deng løyste opp dei rigide kollektivbruka. Han godtok at bøndene produserte mat på eigne åkerlappar. Deng innsåg at regimet hadde eigeninteresse av at folk fekk mat og auka velstand.

Men diktaturet blei aldri borte. Regimet ville sikra at det sjølv overlevde. Det skulle aldri bli ramma av det som såg ut til å skje i Sovjet – der politisk opning bana vegen for kollaps for imperiet.

Massakrane i 1989

I juni 1989 slo diktaturet til igjen. Aktivistar vart massakrerte i Beijing og andre byar. Nett den helga var mor og far på gjesting i Oslo. Vi snakka ikkje om reisa i 1986 eller om kva som kunne hendt dersom kameraten min og eg hadde venta til juni 1989 med å innta Den himmelske freds plass. Men frykta for Kina var vi saman om då vi med skrekk følgde meldingane frå NRK-korrespondent Fritz Nilsen.

Regimet hadde med brutal vald etablert full politisk kontroll.

I 20 år levde kinesarane i spennet mellom frykt og velstand frå statskapitalismen. Mange uregistrerte kyrkjer trudde til dømes at den nye tida var varig og etablerte seg på gateplan i store byar. Andre frykta at diktaturet ville slå til og heldt seg i huskyrkjene.

Komande måndag er det ni år sidan Xi Jinping blei generalsekretær i kommunistpartiet. Han skrudde til diktaturet – med strenge lover, politirazziaer, dynamitt mot «ulovlege» bygg, fengsling og ei massiv overvaking verda aldri før har sett.

Han greip også til hardhendt ideologi: Også statsgodkjent religion, skal styrkja Xi Jinping sitt ideologiske program. Store uregistrerte kyrkjer som hadde trudd på ei ny tid, er stengde med makt – og tilbake i huskyrkjene.

Xi Jinping greip også til nasjonalisme. I Xinjiang blir nærast eit heilt uigur-folk sendt til brutal omskolering. Den store provinsen i vest skal bli fullt innlemma i imperiet.

I Hongkong har Beijing brukt politimakt og ei ny tryggingslov. Folket på Taiwan har god grunn til frykt, også for ein invasjon. Xi Jinping synest fast bestemt på å innlemma øya i imperiet.

Utanfor dei grensene Beijing definerer som sine, kjøper Kina seg makt gjennom handelsavtalar og «fryseboksar» – og fysisk og digital infrastruktur.

Klima og frykt

I 1986 var det så få bilar i Beijing at det å leiga sykkel var ein fest. I dag er det livsviktig å få Kina med på dramatiske klimakutt. Xi Jinping må ikkje berre produsera elbilar, men også slutta å fyra opp nye kolkraftverk.

Men sjølv om Xi ein dag heilhjarta skulle bli med i global klimakamp, er frykta for Kina framleis svært reell. Då Stein Ringen skreiv boka «Det perfekte diktatur» for 5 år sidan, frykta han at Kina ville bli ein «totalitær stat av verste sort». Xi Jinping har sidan den gongen styrkt spådommen.

I 1986 sende eg postkort frå kvar einaste by for å fortelja mor mi at ho kunne ta det med ro. I dag skriv eg tekstar om at vi har god grunn til å uroa oss.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar