Kommentar

Ingen må undervurdere Olaug Bollestad

Den største tabben i mi politiske karriere var å undervurdere Olaug Bollestad. Ho kan få til det ingen andre har fått til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne veka var det tre år sidan Knut Arild Hareide tapte kampen om KrFs retningsval. Om ei veke vert Olaug Bollestad vald til ny KrF-leiar.

Klokka var 14.37, fredag 28. september. Eg sat heilt bak i rommet og kunne kjenne spenninga som no breidde seg. Vi kunne berre høyre ei stemme snakke, og det var ei stemme som opp gjennom åra hadde blitt imitert som sped og lys. No var stemma til Knut Arild Hareide tung og klar. Heilt framme på første rad sat Hareide sin nestleiar, Olaug Bollestad. Hareide stod framfor henne med ein bodskap om at han ville føre KrF inn i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Nebb og klør

Eg sat bak i rommet og lurte på korleis Bollestad ville ta imot bodskapen. Inntil få timar før talen hadde det vore uklart kor ho ville lande – om ho ville støtte Hareide sitt råd, eller om ho ville stille seg negativ. Då vi omsider hadde fått beskjeden om at ho var ueinig, knytte spenninga seg til kor sterkt ho ville kjempe mot.

Rett etter talen 28. september vart det klart: Olaug Bollestad ville kjempe mot Knut Arild Hareide sitt råd, med nebb og klør.

Viss Olaug Bollestad klarar å vise at ein kan vere folkeleg og populær, sjølv som tydeleg KrF-ar, kan ho kanskje få til eit mirakel med partiet i neste stortingsval.

—  Emil André Erstad, kommentator

Lite visste vi kor mektig motstandar ho ville bli. I dag er eg sikker på at vi ville vunne, dersom folka rundt Hareide hadde brukt meir tid og ressursar på å få Olaug Bollestad om bord på planen i tida før talen blei halde. Bollestad vart rett og slett undervurdert.

Fleire har undervurdert henne

Olaug Bollestad er den inkarnerte gjennomsnittsveljaren til KrF. Ein politikar som seier det ho tenkjer, som tek ting på sparket, men også ei som stiller opp for folk i nærmiljøet sitt, som deltek på dugnad, og som har orden på hage og bakst. Ei som bryr seg om og viser hjartevarme for menneska rundt seg, og som sjeldan tar seg sjølv høgtideleg – noko den enormt populære Instagram-kontoen hennar vitnar om.

Det finst ikkje mange som Olaug Bollestad. Likevel er det mange som har vore skeptiske til henne som ny KrF-leiar. Mange har nok undervurdert henne.

Ho vart ikkje KrF-leiar då Knut Arild Hareide gav seg etter retningsvalet i 2018. Ho fekk ikkje fleirtalet av fylkeslaga med seg i høyringsrunden om kven som skulle etterfølge Kjell Ingolf Ropstad.

Velsigna av låge forventningar

Det viser at det er knytt lågare forventningar til Olaug Bollestad som partileiar, enn det var til forgjengarane. Både Knut Arild Hareide og Kjell Ingolf Ropstad hadde i si tid sterk støtte i heile partiorganisasjonen som soleklare førsteval.

Dei låge forventningane kan vise seg å bli Olaug Bollestad og KrF si velsigning. For kven er det eigentleg som har lukkast skikkeleg godt i norsk politikk dei siste åra? Jo, det er politikarane som i starten av sine karrierar som partileiarar hadde dei lågaste forventningane knytt til seg: Erna Solberg og Trygve Slagsvold Vedum.

Vedum var nærast å rekne som ein slags mellombels overgangsfigur for eit kriseramma Senterparti, etter at Liv Signe Navarsete såg seg tvungen til å gå av som partileiar i 2014. No har han gjort Senterpartiet til eit av dei mektigaste partia i norsk politikk, og sit trygt på toppen.

Solberg vart motarbeidd av sterke krefter i sitt eige parti i starten, men vart sittande att som ein av dei mest suksessrike Høgre-politikarane gjennom tidene.

Bollestad kan få til eit mirakel

Kva kan vi eigentleg vente av Olaug Bollestad?

Nøkkelen er å skape nærleik mellom den folkelege politikaren ho er, og partiet ho skal leie.

Mange likte Knut Arild Hareide og heia på han, men det handla ofte meir om at han braut med fordommane mot KrF. Mykje av hans person representerte ein kontrast til partiet han leia. Kjell Ingolf Ropstad og Dagfinn Høybråten sleit begge med eit sterkt mørkemann-stempel i offentlegheita. Viss Olaug Bollestad klarar å vise at ein kan vere folkeleg og populær, sjølv som tydeleg KrF-ar, kan ho kanskje få til eit mirakel med partiet i neste stortingsval.

Alle som høyrde Olaug Bollestad bli intervjua på podkasten til Hanne Skartveit for nokre år sidan, veit at Bollestad er ein overtydd og reflektert kristendemokrat.

Eigenrådig Instagram-suksess

KrF har ikkje vore synlege med eigen politikk, og har mangla ein tydeleg profil. Olaug Bollestad kan by på begge delar. Ho er brennande engasjert i helse- og omsorgspolitikken, ho er tydeleg og spissformulert og ho er synleg – i alle kanalar. Nokon vil til og med kalle henne ein velferdspopulist, av den typen KrF treng for å vinne veljarar. Folk i dei tusen heimane kjenner henne. Men det viktigaste er kanskje dette: Olaug Bollestad som KrF-leiar er også så kjend at ho kan gje rom til å byggje opp yngre KrF-profilar, som Dag Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse.

Den populariteten Olaug Bollestad nyt blant vanlege folk kan gjere henne til ein mektig leiar av KrF som har autoritet nok til å klare det fornyingsprosjektet partiet treng å gjennomføre.

—  Emil André Erstad, kommentator

Olaug Bollestad er også kjend som ei som tar eigne val og vere nokså eigenrådig. Ho lar seg ikkje pille på nasen.

Då kommunikasjonsfolka i KrF for eksempel skulle arrangere seminar om sosiale medium for KrF-politikarane før stortingsvalet i 2017, var det klare rådet at alt skulle publiserast «med måte». Altså var underteksten at enkelte la ut litt vel mykje frå privatlivet sitt, med fleire av Bollestad sine publiseringar som eksempel på kva politikarane skulle unngå. Olaug Bollestad nekta å høyre på rådet, og gjekk heilt motsett veg - og vart med det ein braksuksess på Instagram.

Lågmælt om kristentrua

Bollestad bryt med forgjengarane sine som KrF-leiarar. Ho verkar meir original, friare og folkeleg enn dei aller fleste som har hatt leiarklubba før henne.

Eit anna viktig element er dette: Olaug Bollestad snakkar sjeldan om kristentrua si offentleg, i alle fall utan å bli særleg konkret. Det er vanskeleg å sette ho i ein teologisk bås, slik det har vore langt lettare med folk som Dagfinn Høybråten, Valgerd Svarstad Haugland og Knut Arild Hareide. I eit fragmentert Kristen-Norge kan ein slik lågmælt profil om eiga tru og teologiske standpunkt vere meir samlande og effektiv.

Den populariteten ho nyt blant vanlege folk kan gjere henne til ein mektig leiar av KrF som har autoritet nok til å klare det fornyingsprosjektet partiet treng. Bollestad kan bli KrF-leiaren som klarte å snu den utviklinga Høybråten, Hareide og Ropstad aldri klarte å snu.

Det politiske Norge gjer lurt i å ikkje undervurdere Olaug Bollestad.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar