Kommentar

Dette er mannen som gjer Erdogan så sint

Kva er det med milliardæren Osman Kavala som får Tyrkia til å utløyse ei stor diplomatisk krise med Norge?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Laurdag braut det ut full diplomatisk krise mellom Tyrkia og Norge, saman med ni andre land, der dei fleste også er NATO-land. Tidleg på laurdag sa Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at han hadde bedt utanriksministeren om å erklære dei ti ambassadørane for personana non grata så raskt som mogleg. I diplomatiet er oftast omgrepet «persona non grata» synonymt med utvising.

Kvifor Kavala?

Erdogans raseri stammar frå ei felles fråsegn ambassadørane frå Norge, USA, Tyskland, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Nederland, New Zealand og Sverige kom med 18. oktober.

I Tyrkia er det mange som på sosiale medium spør seg kvifor vestlege land har engasjert seg så sterkt for akkurat Osman Kavala si sak. Ja, kvifor det?

Det er uvisst akkurat kor mange menneske som er innesperra som politiske fangar i tyrkiske fengsel, men talet er så høgt at det tyrkiske justisdepartementet i to separate rundar med amnesti har lauslate 190.000 ikkje-politiske fangar sidan kuppforsøket i 2016 – og likevel har talet på fangar i tyrkiske fengsel auka. Ein reknar no med at så mange som 300.000 menneske sit fengsla i Tyrkia, og at fleire titusen av desse er å rekne som politiske fangar.

Av desse er det fleire kjende og folkekjære opposisjonelle som har talt president Erdogan rett imot. Ein av dei er leiaren for det store prokurdiske partiet i Tyrkia, Selahattin Demirtas frå HDP, som har sitte fengsla sidan 2016. Viss ein skal måle dei politiske fangane etter folkeleg oppslutning, er Demirtas blant dei viktigaste.

Liten folkeleg støtte

Så kvifor valde vestlege land å gå ut med kravet om å sette Osman Kavala fri frå fengsel? Dei kunne namngitt fleire politiske fangar, eller ikkje namngitt nokon. Likevel valde dei akkurat Kavala.

På sosiale medium i Tyrkia er det fleire som har hengt seg opp i akkurat dette faktumet. Kva er det med Osman Kavala som gjer han så viktig for store vestlege land som USA, Canada, Frankrike og Tyskland? Har han jobba for desse landa i skjul? Er det hald i skuldingane mot han? Er han verkeleg ein skurk? Eller endå verre: Ein spion?

Slike spekulasjonar er vanleg når eit autoritært regime sit politiske motstandarar i fengsel. Spekulasjonane er effektive for å redusere den folkelege støtta til dei politiske motstandarane som hamnar i fengsel.

Spekulasjonane er som oftast også berre det: Spekulasjonar utan rot i verkelegheita.

Den raude milliardæren

Osman Kavala vart i Tyrkia kalla «den raude milliardæren» fordi han var kjend som ein venstreorientert, intellektuell forretningsmann. Forlaget han var med å drive, var kjend som eit av dei beste og mest truverdige forlaga for bøker om politisk historie, statsvitskap, biografiar og samfunnsvitskap. Kavala er kjend som den rake motsetninga til Erdogan: moderne, liberal, sekulær og kritisk til den sterke nasjonalismen som pregar det tyrkiske samfunnet.

Akkurat det siste har gjort at den folkelege støtta til Kavala er låg. Det er få land som har ein så levande og sterk nasjonalisme som Tyrkia. Mykje handlar om at geografien og historia har ført til ei kjensle av at den tyrkiske nasjonen konstant er truga av fiendar frå utsida – fiendar med ein annan kultur, anna språk og anna tru.

Slike som Kavala vert derfor tatt for å sitte i eit elfenbeinstårn og sjå ned på resten av det tyrkiske samfunnet.

Erdogans strategi

Det er også noko av grunnen til at Kavala er den perfekte fienden for Erdogan, og sannsynlegvis ein av årsakene til at Kavala vart fengsla i 2017 for si rolle i det breie og folkelege opprøret som fann stad i 2013 i Gezi-parken i Istanbul. Dei andre politikarane frå opposisjonen tør ikkje å vere så kritiske til Erdogan sin skarpe retorikk mot dei utanlandske ambassadørane, fordi dei veit at store delar av det tyrkiske folket – også deira eigne veljarar – ser med djup mistru på figurar som Osman Kavala.

Derimot har Osman Kavala fått støtte frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Domstolen har sagt at Tyrkia bryt den europeiske menneskerettskonvensjonen ved å halde Kavala fengsla, fordi han etter EMD sitt syn er uskuldig og uretteleg sett i fengsel.

Mange spør seg også kvifor Erdogan valde å trøkke så hardt til mot dei utanlandske ambassadørane akkurat no.

Det er grunn til å spørje seg kor effektivt det er av dei utanlandske ambassadørane å komme med ei offentleg uttale til fordel for Kavala

—  Emil André Erstad, kommentator

Sterk nasjonalisme, lite effektivt

Den tyrkiske presidenten er ein politisk strateg av høgt format, om han er aldri så autoritær og korrupt. Han kan kunsten å manipulere folkeviljen til si eiga vinning. Han veit godt at den sterke tyrkiske nasjonalismen ikkje har høg toleranse for at utanlandske makter blandar seg inn i interne tyrkiske saker, som Tyrkia meiner at fengslinga av Osman Kavala er.

Det er derfor grunn til å spørje seg kor effektivt det er av dei utanlandske ambassadørane – også den norske – å komme med ei offentleg uttale til fordel for Kavala. Det kan føre til at det vert vanskelegare, ikkje lettare, å få han ut av fengsel. Fordi det går politisk prestisje, nasjonalisme og mykje anna inn i saka.

Ei anna sak som kan ha fått Erdogan til å reagere så skarpt, er avgjerda om å plassere Tyrkia på grålista til det globale kvitvaskingsbyrået FATF for manglar i Tyrkias kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering. Det er med på å styrke den økonomiske krisa som allereie har prega Tyrkia i lang tid, der valutakursen fell og inflasjonen stig. Det er no fare for hyperinflasjon i Tyrkia. Det rammar Erdogan sine fattige AKP-veljarar hardt, og dermed også støtta hans.

Kjempa for saka si

Det kan gjere at Erdogan vil sjå det som tenleg å skrive ut eit raskt nyval allereie til våren eller i juni, ettersom alt tyder på at den økonomiske krisa vil forverre seg i tida fram mot det planlagde presidentvalet i 2023. I så fall vil vi berre få sjå fleire provokative utspel frå presidenten framover.

Osman Kavala derimot, kjem sannsynlegvis til å bli sittande i fengsel til Tyrkia får ein president med meir demokratisk sinnelag. Berre fordi han på lovleg vis kjempa for det samfunnet han trudde på.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar