Ikkje berre russarane, men òg amerikanarane og kinesarane vil merke at det har skjedd eit regjeringsskifte i Noreg – og at den politiske linja i utanrikspolitikken no er styrt av Arbeidarpartiet.
Tysdag den kommande veka møter Anniken Huitfeldt sin russiske utanriksministerkollega, ringreven Sergej Lavrov – mannen som har vore sjefen for russisk utanrikspolitikk sidan 2004. Lavrov kjem for å delta på utanriksministermøtet i Barentsrådet.
[ Emil André Erstad: Dette er mannen som gjer Erdogan så sint ]
Nye takter i utanrikspolitikken
Dei mest heftige debattane i norsk politikk handlar sjeldan om utanrikspolitikken. Grunnen er enkel: Om Noreg si rolle i verda er det stort sett konsensus. Kjernen ligg fast frå regjering til regjering, uavhengig av farge: NATO-medlemskapet, EØS-medlemskapet, Norge som forkjempar for ei regelstyrt verd der FN, folkeretten og sterke institusjonar sikrar fred, stabilitet og ro.
Det meste kjem med andre ord til å halde fram som før, sjølv om Anniken Huitfeldt (Ap) no har overtatt statsrådskontoret til Ine Eriksen Søreide (H).
Det er sannsynleg at den amerikanske presidenten etter 2024 vil heite Donald Trump. Då kan det vere lukkeleg av Norge å ikkje sitte på fanget til amerikanarane i utanrikspolitikken.
— Emil André Erstad, kommentator
Men ikkje alt.
Huitfeldt møter altså Lavrov i Tromsø få veker etter at Hurdalsplattforma kom på plass. I den regjeringserklæringa stakar Støre-regjeringa ut ein ny kurs for forholdet til den store naboen i aust. Som Huitfeldt sa tidlegare denne veka: «Russland er en nabo. Og vi er helt avhengige av å snakke med naboen og utvikle samarbeidet».
[ Berit Aalborg: «Dette kommer til å gå inn i historien som en skamplett» ]
Justering av naboskapet
Det er ei anna linje enn den uforsonlege retorikken Solberg-regjeringa la opp til etter at Russland annekterte Krim-halvøya i 2014, heilt i starten av regjeringsperioden. Børge Brende måtte dermed vere langt hardare i klypa med russarane, medan Arbeidarpartiet sin posisjon under Anniken Huitfeldt heile tida har vore at det sjølv i kriser må vere god diplomatisk kontakt.
Ja, Norge skal drive med tydeleg avskrekking som del av NATO-samarbeidet i nord. Men for at det skal vere god balanse i forholdet til Russland, må det òg vere tydeleg beroligelse. Det er liten tvil om at Arbeidarpartiet som no styrer utanrikspolitikken, meiner at Solberg-regjeringa la for stor vekt på avskrekkingselementet utan at beroliginga kom i tillegg.
For det er mykje å snakke med Russland om – heilt utan å pirke borti dei grove menneskerettsbrota regimet til Putin står for kvar einaste dag: Forvaltning av torskestammen i Barentshavet, klimasamarbeidet om boreal barskog, folk-til-folk-samarbeidet, det institusjonelle samarbeidet gjennom Arktisk Råd og Barentsrådet og ei rekke andre spørsmål som kan bidra til eit godt naboskap i nord.
[ «Små blir sist i markeringer mot Støres styre. KrF starter bakerst» ]
Meir sjølvstendig linje
Det betyr med andre ord ei meir sjølvstendig norsk linje i utanrikspolitikken, sjølv om Noregs linje i det store og heile kjem til å vere den same.
Det auka sjølvstendet kjem vi til å merke på fleire område enn i forholdet til Russland.
[ I Noreg er vi like, men kanskje er du likare enn andre. ]
Spesielt på to viktige saksfelt møter Støre-regjeringa ei heilt anna internasjonal verkelegheit enn Solberg-regjeringa gjorde: Det eine er den stadig tøffare maktkampen mellom USA og Kina, og det andre er klimakrisa. Begge delar vil fylle timeplanen til utanriksminister Anniken Huitfeldt og hennar politiske leiing.
I Hurdalserklæringa står det at Norge skal samarbeide med Kina langs ei nordisk og europeisk linje.
Maktkampen mellom Kina og USA
Dei neste åra kjem konkurransen og konfliktane mellom USA og Kina til å auke i omfang. Det er ein kappestrid ingen veit korleis vil ende, om det vil gå bra eller om verda vil bli kasta ut i ein stormaktskrig – kald eller varm.
Noreg kom seg greitt gjennom Den kalde krigen fordi vi hadde ei sjølvstendig norsk linje. NATO-medlemskapet var ankeret i politikken, men samstundes la norske politikarar sjølvvalde restriksjonar på norsk utanrikspolitikk, som mellom anna betydde at det ikkje skulle vere atomvåpen eller framande militærbasar på norsk jord i fredstid.
Dei nye signala frå Huitfeldt og Hurdal vitnar om ei justering av kursen – ei større endring enn det vi fekk då Solberg-regjeringa tok over etter Stoltenberg-regjeringa i 2013.
— Emil André Erstad, kommentator
Nettopp fordi Noreg ikkje er eit medlem av EU, forventar til dømes amerikanarane at Noreg skal opptre meir vestleg enn resten av Europa. Kvar gong EU vender seg mot amerikanarane, vender USA blikket sitt mot Noreg og forventar større lojalitet til den amerikanske linja i utanrikspolitikken. Forventningane er sterke.
Med Huitfeldt og Arbeidarpartiet i UD blir det no meir fokus på balanse mellom norske, europeiske og amerikanske interesser, sjølv om forankringa av det tette samarbeidet med USA i tryggleikspolitikken framleis vil stå sentralt.
Globale kutt
Kina har nok same oppfatning som amerikanarane: At Noreg er eit lite eller mellomstort land som kan pressast på plass. Derfor er det for Noregs del avgjerande at både amerikanske diplomatar og kinesiske diplomatar får ei tydeleg, trygg og riktig forståing av dei norske posisjonane. Det handlar om å vere føreseieleg og klar. Til denne jobben treng Noreg å alliere seg med dei nordiske naboane og Tyskland, i eit nordeuropeisk interessefellesskap.
Når det gjeld klimarkrisa, kjem utanrikspolitikken framover til å handle om korleis Noreg kan bruke utanrikspolitiske ressursar på å assistere den globale reduksjonen av klimagassutslepp på ein best mogleg og mest effektiv måte. Her er det grunn til at Støre-regjeringa sine lovnader om ein meir aktiv stat i næringspolitikken også vil spele ei viktig rolle med å rigge til for at norske næringslivsaktørar kan bidra i det globale grøne skiftet.
Trump etter 2024
I Arbeidarpartiet meiner mange at utanrikspolitikken var for responsiv under Solberg-regjeringa, og at den i for liten grad var basert på eigne strategiske vurderingar av lange linjer. Dei nye signala frå Huitfeldt og Hurdal vitnar om ei justering av kursen for Noregs rolle i verda – ei større endring enn det vi fekk då Solberg-regjeringa tok over etter Stoltenberg-regjeringa i 2013.
[ Vårt Land: Libanon står på kanten av stupet ]
Mange vil nok intuitivt forvente at ei regjering basert på venstresida vil ha lettare for å føre ein aktivistisk utanrikspolitikk enn ei regjering med utspring på høgresida. Likevel er signala at Huitfeldt berre kjem til å heve stemma sin i spørsmål der ho trur det kan bidra til positiv forandring. På kva område kan norsk utanrikspolitikk gjere ein reell forskjell? Her vil freds- og forsoningspolitikken, menneskerettspolitikken og engasjementet i Sikkerhetsrådet framleis vere viktig.
Ei meir sjølvstendig linje i utanrikspolitikken vil irritere amerikanarane. Likevel kan det vere lurt å lytte til den utanrikspolitiske kommentatoren Robert Kagan i Washington Post: Det er sannsynleg at den amerikanske presidenten etter 2024 vil heite Donald Trump.
Då kan det vere lukkeleg av Norge å ikkje sitte på fanget til amerikanarane i utanrikspolitikken.