Kommentar

Når kristne hjelper avkristninga

Mange av oss norske kristne er så travelt opptekne med tidsklemma vår at vi gjev ny fart til avkristninga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mange piler peikar nedover for kyrkjer her i landet. Eg er spent på om pandemien forsterka utviklinga.

USA og Noreg har mange skilnader i kyrkje- og samfunnsliv. Men like fullt kan vi ta med oss funna til Barna Group for forskar i trusliv. Før sommaren fann dei at tredjeparten av kristne droppa ut av kyrkja under pandemien.

«Gapet mellom kyrkje og samfunn vil berre bli større når vi byggjer opp at kyrkja etter pandemien», konstaterer David Kinnaman i magasinet Christianity Today.

Kven skal folk som kjem med sorg og smerte, møta på kyrkjekaffien dersom mange av oss har noko heilt anna fore søndag etter søndag?

—  Johannes Morken

Ikkje ta fellesskap for gitt

Kva rolle spelar fellesskapet i ei kyrkje for kristne i vestlege samfunn? Til Christianity Today seier pastor Collin Hansen i Birmingham, USA:

«Vi må på nytt læra folk opp i kvifor vi må ta oss bryet med å møtast. Eg trur pastorar (…) kjem til å bli overraska over kor mange som ikkje hadde den visjonen frå starten av, og som aldri vil koma tilbake når signalet kjem om at alt er klart igjen.»

Folk kan ha blitt vane med digitale gudstenester – som er viktige nok, men som ikkje byggjer fellesskap. Når kristne shoppar rundt på Facebook og YouTube, er dei dessutan som alle andre: Dei vel på øvste hylle. Der ligg kanskje ikkje den lokale pastoren.

Andre kan ha kopla seg heilt frå kyrkja. Det starta ikkje med pandemien. Det yngre går først.

Pastor Ryan Burge publiserte på religionunplugged.com nyleg tal som viser at kristne er den religiøse gruppa i USA med dei eldste tilhengarane (saman med jødane). Gjennomsnittsalderen, som stig, er 53 for protestanter og 52 for katolikkar. Kristne får klart færre barn enn mormonarar og muslimar (men fleire enn ateistane).

Burge slo fast at utan kraftig ny tilstrøyming, vil tusenvis av kyrkjer måtte stengja dei neste tiåra. Sterkare er ikkje kyrkjelivet i USA som mange gjerne importerer vekst-impulsar frå.

I kamp mot hytteturar

Mange faktorar har gjort fellesskapet i ei kyrkje mindre viktig. Staten tek seg hos oss så godt av velferd og ein pandemi at det ikkje er Gud mange av oss søkjer i kriser.

Mange som har levd opp med kyrkja, sklir dessutan sakte unna. Kyrkja må konkurrera med idrett og hytter om tida. Mange må kvila ut søndag føremiddag etter eit vennelag som varte til langt på natt. Eller dei held seg heime fordi «gudstenesta ikkje gjev meg noko».

Det kan vera ei stund sidan dei sjekka. Ansvaret kviler heller ikkje berre på prest og sokneråd, men på alle som er knytte til kyrkja.

Er det etter pandemien, for å setja det på spissen, eit langt sterkare sug sjølv blant ein gong aktive kristne etter å drikka vin hos vener, enn å møtast ved nattverdbordet?

I så fall forstår eg godt at styresmaktene opna dørene til pol og ikkje til kyrkjer då dei sist vinter vedtok smittevern.

På skuldrene våre

Åste Dokka skreiv nyleg på denne plassen om «Kristendommen på mine skuldre». Ho skildra først tida då «kristendommen var noe alle hadde felles. Mye kan sies om det, men det lot folk i større grad bære hverandres eksistensielle byrder.»

Den tida kjem ikkje igjen. Korleis agerer vi no når alt er opp til den enkelte? Spurde ho.

Dokka minna oss på korleis kyrkja starta. Evangelia fortel om tolv individ, vi kjenner namna deira. Den nye kristentrua spreidde seg frå munn til munn. Folk slutta seg til, «på tross av samfunnet, familien og datidas selvsagtheter.»

I dag har vi kanskje ein liknande situasjon som då kyrkja blei til. Det treng ikkje gjera oss motlause, skreiv Dokka.

I undergrunnskyrkjer i Iran skjer det same no som i den første kyrkja. Heller ikkje i Noreg sluttar nye seg til utan at vi deler trua.

Held ut som minoritet

Det finst sterke historier om kristne som held ut under sterkt press. I eit tidlegare kristent kjerneområde søraust i Tyrkia er berre 2-3000 kristne tilbake. Dei lever i klemme mellom hæren og kurdiske opprørsgrupper. Meir enn 90 000 av dei vart drepne eller fordrevne i 1915, samstundes med folkemordet på armenarane.

Dei kjem til kyrkje, med den same liturgien som vart brukt i urkyrkja i Jerusalem. Kristendommen kviler på skuldrene deira.

Varmestove

Vi har ingen store flyktningeleirar rett utanfor norske kyrkjer. Nauda hos oss er meir løynd. Det skjer mange stader mykje godt arbeid på gater og i kyrkjer. Ei kyrkjeleg varmestove blir ikkje til av seg sjølv.

Eg kjenner folk som har brent seg i strenge eller svermeriske fellesskap og som har tenkt nytt om kvar dei høyrer til. Men eg kjenner også menneske som har brent seg på livet.

Kven skal folk som kjem med sorg og smerte, møta på kyrkjekaffien dersom mange av oss har noko heilt anna fore søndag etter søndag?


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar