Kommentar

Kvifor vart MDG-veljarane sittande heime?

Her er tre moglege forklaringar på valets store mysterium.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

I Vårt Lands måling for september klarar MDG nok ein gong å presse seg over sperregrensa, med ein oppslutning på 4,4 prosent. Det stadfestar trenden som Nettavisen si måling viste førre veke, der partiet fekk 5,5 prosent. Det er særs uvanleg at partia som tapar val, gjer det godt på målingane like etterpå. Vanlegvis er det vinnaren som aukar oppslutninga også etter valet, slik tilfellet er for Arbeidarpartiet på Vårt Land si måling for september. Partiet aukar frå 26,3 prosent med eit prosentpoeng til 27,3 prosent.

MDG hadde i valkampens mest intense månad, august, 5,5 prosent i snitt på målingane, og hamna likevel under sperregrensa med knappast mogleg margin med 3,9 prosent. Valforskarar, forståsegpåarar og alle med snev av politisk interesse klør seg i hovudet.

MDG sin sperregrensekamp stod om så få stemmer at det for alt vi veit berre var tilfeldigheiter som gjorde at Une Bastholmfår ei partigruppe på berre tre representantar dei neste fire åra.

—  Emil André Erstad, kommentator

Her er tre moglege forklaringar.

1. MDG vert målt feil

Meiningsmålingar er særs feilbarlege, og mest feilbarlege er dei blant unge veljarar. Det er fordi dei unge i minst grad svarar på meiningsmålingar. I mangel på svar frå unge veljarar, må meiningsmålingsinstitutta bruke eigen vekting av svara for å skape ein prognose. Vektinga av MDG kan rett og slett vere feil, og derfor er det ikkje samsvar mellom målingane og valresultat for MDG.

2. Unge veljarar vart demobilisert

I slutten av valkampen var det ikkje mykje spenning att. Alle visste at det vart regjeringsskifte. Spesielt unge veljarar er kjenneteikna av at dei treng ein grunn til å stemme, ei spesiell sak som er avgjerande. FNs klimarapport kan ha vore ei slik sak, men den fekk litt mindre merksemd i siste del av valkampen samanlikna med første halvdel. Årets val var ikkje eit spennande val der få stemmer avgjorde kva stemmer som skulle vinne regjeringsmakt, noko som kan ha ført til at MDG sine unge veljarar heldt sofaen.

3. Mange veljarar var på vandring

Gjennom valkampen såg vi at det var stor variasjon frå måling til måling mellom kva parti som gjorde det bra. Mykje tyder på at ein del av veljarane på vandring på venstresida kan ha landa på Ap den siste helga, for å sikre eit stabilt skifte. Det kan ha vore utslagsgjevande for MDG sin kamp mot sperregrensa.

Klimavalkampen vart også MDG sitt store problem, fordi fleire andre parti fekk snakke truverdig om sin eigen klimapolitikk og dermed måtte MDG gjere seg meir ytterleggåande og aktivistiske for å få plass i klimadebatten. Ein del av veljarane på vandring valde derfor kanskje Venstre eller SV framfor MDG.

MDG sin sperregrensekamp stod om så få stemmer at det for alt vi veit berre var tilfeldigheiter som gjorde at Une Bastholm får ei partigruppe på berre tre representantar dei neste fire åra.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar