Kommentar

Å misforstå kvarandre med vilje

Må vi brenne aller bruer til alle som gjer noko dumt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle kan gjere feil, men nokre feil er større enn andre. Likevel kan det vere verd å tenke gjennom at Kjell Ingolf Ropstad og Christian Tybring-Gjedde er menneske med kjensler, tankar og familie som ser alt det som blir skrive om dei. Tonen i debatten tel. Ordbruken tel. Kan vi prøve å forstå kvarandre i beste meining heller enn å konstant jakte på feil og manglar hos meiningsmotstandarane våre?

To gonger den siste veka har desse tankane slått meg. Først var det Kjell Ingolf Ropstad. Han hadde openbert vandra rundt i ei etisk gråsone med måten han har halde fram med å ha folkeregistrert adresse på guterommet i Evje, for å slik kunne ha tilgang på pendlarleilegheit betalt av Stortinget i Oslo. Deretter var det Christian Tybring-Gjedde som tilbaud ei muslimsk jente 1000 kroner for å ta seg hijaben, då jenta besøkte Frp si valbod på Karl Johans gate.

Unison fordømming

I begge tilfella kokte det på Twitter. Det er lett å kaste seg på den unisone fordømminga av sakene. Kanskje fordi kritikken mot begge er heilt legitim.

Her ligg det likevel reell politisk debatt som vi går fullstendig glipp av dersom vi misforstår kvarandre med vilje.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det gir nesten ein slags rus å skrive ei melding på Twitter i rein affekt, slik mange gjorde mot Ropstad og Tybring-Gjedde måndag. Harselasen ville ingen ende ta. For ein dag for Twitter-folket det må ha vore. Eg snakkar av personleg erfaring. Sakene om dei to politikarane passa perfekt inn i fiendebiletet til mange av dei som brukar mykje tid på Twitter, der verken Kristeleg Folkeparti eller Framstegspartiet står særleg høgt i kurs. Endå mindre profilar som Ropstad og Tybring-Gjedde.

Er det likevel slik at bustad-saka til Ropstad skal diskreditere partiet hans og alle sakene han kjempar for, slik mange gav uttrykk for på Twitter?

Er det slik at Tybring-Gjedde sine sitat og handlingar som ofte ligg heilt i ytterkanten, skal ta frå han reelle poeng om at hijab for ein del kan vere eit hinder for reell fridom?

Alle kan gjere feil

Ein av få som i løpet av måndagens køyr mot Ropstad klarte å balansere sakleg kritikk med ei tone som gav omsyn til mennesket Kjell Ingolf Ropstad, var Raudt-politikaren Mímir Kristjánsson som i byrjinga av Dagsnytt 18-sendinga måndag sa: «På den eine måten er dette ei menneskeleg tragedie. Eg trur me alle saman skal ta eit skritt tilbake og skjøne at det ikkje er så utruleg kult å vere Kjell Ingolf Ropstad i dag», før han framførte sin legitime politiske kritikk av Ropstad.

Med den unisone, unyanserte fordømminga er eg redd for at vi ordskiftet unødvendig hardt og brutalt. Vi risikerer å ikkje forstå kvarandre, snakke forbi kvarandre og forsterke standpunkt – heller enn å utfordre dei.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det same kan seiast om Tybring-Gjeddes idiotiske stunt med å betale ei ung muslimsk jente for å ta av seg hijaben. Til jenta skal Tybring-Gjedde ha sagt at muslimar bør ta av seg sjalet for å bevise at ein er fri. Han argumenterte med at hijaben var noko Fatima hadde fått heimanfrå, at det er noko ho går med fordi familien hennar vil at ho skal vere ærbar og dekke til håret. At det er det som er heile poenget med den. Han sa alt dette trass i at Fatima argumenterte med at ho går med hijaben av eigen fri vilje.

Unødvendig hardt og brutalt

Kanskje kunne fleire av oss gi Tybring-Gjedde rett i at han i sine eigne auge kjempar ein kamp for for kvinners fridom, at det engasjementet fortener honnør, men at verkemidla og retorikken hans er langt over kanten? Så kan ein vere usamd med Tybring-Gjedde i den intensjonen og kanskje kalle den ein stråmann, og hevde at kvinnefrigjeringa ligg i å kunne velje sjølv, ikkje bli betalt av middelaldrande stortingsrepresentantar som drar livsvala dine i tvil. Her ligg det likevel reell politisk debatt som vi går fullstendig glipp av dersom vi misforstår kvarandre med vilje.

Med den unisone, unyanserte fordømminga er eg redd for at vi ordskiftet unødvendig hardt og brutalt. Vi risikerer å ikkje forstå kvarandre, snakke forbi kvarandre og forsterke standpunkt – heller enn å utfordre dei. Fordi vi aldri tar oss tid til å lytte til kva meiningsmotstandarane eigentleg seier.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar