Nyheter

Kjell Ingolf Ropstad om bolig-saken: – Eg er veldig lei meg

SJØLVKRITIKK: I meir enn ti år budde Kjell Ingolf Ropstad gratis i stortingsbustad, medan han var folkeregistrert på guterommet i Agder. – Eg skjønar at det kan opplevast som feil, seier KrF-leiaren.

Ordninga er meint å gje representantar utanfor hovudstaden moglegheit til å behalde eigen bustad i heimkommunen, samstundes som dei kan bu og arbeide i Oslo når Stortinget er i sesjon. Men Ropstad har aldri eigd nokon bustad i heimkommunen Evje og Hornnes i Agder. I staden har han vore folkeregistrert i barndomsheimen der foreldra hans framleis bur.

– Då eg vart vald inn på Stortinget var eg usikker på regelverket, så derfor hadde eg ein veldig open dialog med Stortingets bustadskontor. Då fekk eg tildelt pendlarbustad, og valde å halde meg til det som var reglane, seier Ropstad.

Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad i Agder.

Var usikker på stortingsplass

– Du budde i Oslo i over eit tiår utan å ha reelle bukostnadar nokon stad. Reflekterte du over at dette verkar urimeleg?

– Vi var i ein situasjon der vi var usikre på kor vi skulle bu. Vi hadde nok tenkt at vi skulle etablere oss på Sørlandet, men så blei det ikkje sånn. Eg var usikker på om eg ville få attval.

– Er det sånn at så lenge noko er innanfor reglane så er det greitt, eller bør ein ta eigne vurderingar?

– Reglane for stortingspolitikarar må stå i forhold til reglane for andre folk, så eg er jo lei meg. Sjølv om eg har vore innanfor regelverket, så skjønar eg at det kan opplevast som feil eller negativt.

Sjølvkritikk

– Kva meiner du med at det kan bli oppfatta negativt?

– Det at det er saker rundt dette viser jo at det blir stilt spørsmål ved, og eg synest jo det er kjedeleg. Eg forvaltar jo ein tillit som folkevald. Eg har forståing for at folk meiner eg burde handla annleis.

– Du tar sjølvkritikk med andre ord?

– Ja, altså, eg er jo lei meg og eg skjønar at folk tenker at eg burde handla annleis. Og så er jo det vurderingar eg har gjort.

KrF har markert seg som eit parti som ønskjer å hindre at til dømes multinasjonale selskap skal bruke skatteplanlegging for å omgå reglar og komme unna sine samfunnsansvar. Sjølv avviser Ropstad kontant at det han har drive med er skatteplanlegging eller nokon liknande.

– Mange vil kanskje tenke det er skilnad på om du nytta deg av tilbodet om stortingsbustad i ein kort periode medan du fann ut kor du vil bu, og på det å bli buande der i over eit tiår?

– Eg kom inn på Stortinget i 2009. Og så har eg vore inne på utjamningsmandat kvar gong, så det har heile tida vore usikkerheit om eg ville komme inn, så derfor hadde vi ein tanke om at vi kanskje vil hamne på Sørlandet før.

Valdebatt i Arendal 2013

Kona melde flytting i 2011

Kona til Kjell Ingolf Ropstad melde flytting til Oslo allereie i 2011. Frå det og fram til i fjor var dei folkeregistrert i kvar si kommune.

– Var det ikkje naturleg å tenke då at dette var tidspunktet for at heile familien melde flytting til Oslo?

– Det var jo i forkant av 2013. Og eg var usikker på om eg ville komme inn igjen då, og det går jo ikkje an å melde flytting til stortingsleilegheita. Det var mi vurdering då.

– Tanken med å melde flytting er å skatte til kommunen ein brukar tenester i. Meiner du ikkje det ville vere rimeleg når du for alle praktiske formål har budd i Oslo så lenge, at du melder flytting?

– Det er jo det som er utgangspunktet, og så var vi usikre på om vi skulle bli buande i Oslo, og eg hadde jo planar om å flytte til Sørlandet, svarar Ropstad.

Først sju år etter dette melde altså Ropstad flytting til Oslo.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter