Kommentar

Kvifor kjem så mange toppolitikarar til Oslo Symposium?

OSLO SYMPOSIUM: Til Storsalen i Oslo kjem toppar frå tre stortingsparti for å tale for nokre få hundre kristenkonservative veljarar, midt i den mest hektiske delen av valkampen. Kvifor?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor mange arrangement samlar to partileiarar, ein parlamentariske leiar, ein statsråd, og ei lang rekke profilerte stortingsrepresentantar på ei og same scene, tre veker før eit stortingsval? Kor ofte prioriterer så mange partitoppar eit møte som ikkje får pressedekning i store nasjonale medium, og som store delar av befolkninga ville omtale som utruleg smalt?

Vel, til Oslo Symposium kjem dei. Kjell Ingolf Ropstad og Dag-Inge Ulstein frå KrF, Sylvi Listhaug frå Frp og Trond Helleland frå Høgre. For å snakke til ein sal med om lag 100 tilhøyrarar, omtrent like mange som strøymer arrangement live på sosiale medium, og eit ukjent – men sannsynlegvis ikkje veldig stort – tal som følgjer symposiet på TV Visjon Norge.

Smalt arrangement

Og smalt trur eg til om med dei sjølv ville innrømme at det er. Eller som symposiumsleiar og Norge IDAG-redaktør Bjarte Ystebø sjølv seier i sitt opningsinnlegg – han har ikkje akkurat tidsanda med seg. Men det er når det går nedover det går oppover, legg han til.

What happens at Oslo Symposium, stays at Oslo Symposium.

Han hausta applaus for å samanlikne dagens politiske situasjon med den store trengsla i Matteus-evangeliet. Enda meir applaus fekk han då han løfta ein Bibel over hovudet og erklærte at i denne sal trur vi bokstavleg på heile bibelen, frå Mosebok til openberring. Dette er ikkje kvardagskost på dei arenaane som norske toppolitikarar vanlegvis prioriterer.

Sett med auge som er eit stykke på utsida av akkurat denne delen av Kristen-Noreg, er det ikkje så lett å sjå kvifor dette arrangementet blir så høgt prioritert – år etter år. Dei kristenkonservative ytst til høgre er ikkje ei stor kraft i norsk politikk. Men likevel er det nokre grunnar for politikarane til å vere her.

Oslo symposium 2021

Fire grunnar

For det første, sjølv om dei høgreorienterte kristenkonservative ikkje er mange, så er dei geografisk konsentrert i små område. Derfor kan dei fort vere ei kraft i valkrinsane på sør- og vestlandet. Særleg for KrF er det heilt avgjerande å nå kristne veljarar i desse områda. Det er her partiet vanlegvis hentar dei fleste stemmene sine, og det er i desse valkrinsane deira mest profilerte politikarar toppar listene.

For det andre treng borgarleg side dei stemmene dei kan få. Sjølv om målingane svingar mykje, så ser det framleis mørkt ut for at Erna Solberg skal halde fram som statsminister. Igjen kjenner nok KrF spesielt på det kalde gufset frå sperregrensa, men også Frp ligg an til å gjere eit elendig val. Ein oppslutnad som partiet ikkje har sett sidan tidleg på 90-talet, ville vere ein skrekkeleg debut for Sylvi Listhaug som partileiar.

For det tredje, så er dét at riksmedia ikkje kryr i gangane i Storsalen kanskje ein fordel. Som regel rekk ikkje det som blir sagt her ut til så veldig mange andre enn dei kristenkonservative ytst til høgre. What happens at Oslo Symposium, stays at Oslo Symposium. Det gjer at dei som talar her kan ha stort frimot i saker der dei elles ville vere redde for å skremme andre, meir liberale veljarar bort.

Og for det fjerde – sjølv om nokså få får med seg kva som skjer på Oslo Symposium i dag, så kan eit vellukka innlegg her leve lenge etterpå på sosiale medium. Eit innlegg av Sylvi Listhaug frå eit tidlegare symposium er til dømes delt nesten ti tusen gongar. Det er eit potensielt stort, og ikkje minst viktig publikum å nå for både Listhaug, Ropstad og dei andre som deltek her.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar