Kommentar

Dei som kan bli statsministrar

Framtida til norsk politikk ser skikkeleg lys ut. Det viste ungdomspartileiardebatten i Arendal.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne veka var det to spesielt viktige debattar i Arendal: måndagens partileiardebatt og tysdagens ungdomspartileiardebatt. Eg er ikkje i tvil om kva debatt som imponerte mest. Ungdommane grusa sine eldre partikollegaer ned i støvlane.

Førebilete

For oss som har tråkka mykje i ungdomspartia er det alltid litt vemodig å sjå at dei som kjem etter gjer det mykje betre enn vi sjølv gjorde det. For nivået på ungdomspartileiarane er langt høgare enn det har vore på ei stund, noko tysdagens debatt i Arendal viste klart.

Vi er vant til at leiarane for dei dei to største ungdomspartia, Unge Høgre og AUF, held høg kvalitet. Likevel er det grunn til å slå fast at dei to noverande leiarane, Ola Svenneby og Astrid Willa Hoem, held eit ekstraordinært høgt nivå. VGs politiske redaktør Hanne Skartveit, som sjølv har bakgrunn frå ungdomspolitikken, meinte etter debatten at begge kan bli reelle statsministerkandidatar ein vakker dag.

Skartveit har rett. Dei står fram begge som rutinerte, trygge og saklege politikarar med eit ekte engasjement for sakene dei snakkar om, godt førebudde og offensive på vegne av sitt parti. Samstundes held dei seg til ei debattform som opplyser veljarane og som likevel tydeleg får fram forskjellane.

Nye stjerner

Tysdagens debatt viste oss òg at ein framtidig statsminister i Norge ikkje treng å kome berre frå eit av dei to store partia. Spesielt imponerande innsats var det frå Sosialistisk Ungdom (SU) sin leiar, Synnøve Kronen Snyen, og KrFU sin leiar, Edel Marie Haukland.

Snyen frå SU appellerte til publikum med sin saklege, nøkterne og lågmælte stil, som var særs tillitvekkande og som skil seg frå dei langt meir høglydte ungdomspartikollegaene hennar. Ho klarte kunsten å vere offensiv i spørsmålet om å få ned klimagassutsleppa og endring av norsk bustadpolitikk, men viser seg samstundes særs komfortabel i rolla som ungdomspartileiar.

Særleg god var ho då ho angreip dagens regjering som ikkje har gjort nok for folk som er utanfor arbeidslivet. Vi såg tydeleg at Snyen er ein av ungdomspolitikkens nye stjerner.

Haukland frå KrFU er på si side ein av dei mest erfarne ungdomspartileiarane, og i debatten i Arendal framstod ho både trygg, debattvant og med fleire artige one-linarar. Måten ho klarte å spele på humor, blant anna då ho repliserte at klimaendringar kan gje eit helvete for generasjonen som er unge i dag og føyde til at KrFU er lite glad i helvete, skapte god stemning.

Vaksine mot populisme

Det er lett å tenke på ungdomspolitikken som ein broilerfabrikk. Sanninga er at den norske tradisjonen med ungdomspolitikk i eit internasjonalt perspektiv, er eit ganske unikt fenomen. Ved å sluse mange ungdommar inn i politikken frå tidleg alder får dei verdifull trening i å delta i den politiske debatten, men dei får òg ei djup forståing for dei lange verdiane som har prega norsk politikk.

Ein av desse verdiane er den gjensidige respekten for dei som representerer noko anna enn deg sjølv. Ved å knyte kontakt med ungdomspolitikarar på tvers av partigrensene, kan politikarane seinare i livet halde fram med ei tone prega av respekt og tillit trass i politisk usemje.

Denne verdien har prega norsk politikk i årevis, men var meir synleg i ungdomspartileiardebatten i Arendal enn i den vaksne partileiardebatten.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar