Kommentar

Revolusjonen kjem ikkje

Partiet Raudt er eit meir normalt politisk parti enn Framstegspartiet. Det er på tide at høgresida sluttar å late som noko anna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ein forståeleg strategi, den skremselspropagandaen mange på høgresida no driv med overfor partiet Raudt. Det er klart strategane i partiet Høgre ser sitt snitt til å bruke Raudt sitt store gjennombrot i norsk politikk til eiga vinning. Jonas Gahr Støre har avvist at det er aktuelt med regjeringssamarbeid mellom Raudt og Arbeidarpartiet. Ifølge sentrale folk på høgresida kan det likevel høyrast ut som om dommedag er nær viss Støre på nokon som helst måte må samarbeide med, eller treng støtte frå, Raudt etter valet. «Det burde bekymre oss alle», skreiv Høgre sin parlamentariske leiar Trond Helleland i april.

«Renspikket kommunisme fra et parti Støre og Vedum kan bli avhengige av hvis de vinner valget», seier Høgre-nestleiar Tina Bru om delar av Raudt sin politikk. Raudt-forslaget Bru kritiserer handlar om å sikre meir offentleg eigarskap i lakseindustrien. Når staten og kommunane allereie eig over halvparten av desse verdiane på børsen, er det skuffande lite lukt av revolusjon i forslaget. Raudt har altså ikkje føreslått at Norge skal bli Venezuela eller Sovjetunionen denne gongen heller.

Ikkje mykje kommunisme

Det er ikkje ein veldig ærleg politisk strategi å stemple Raudt som hjarterå kommunistar. På den måten lukkast strategane på høgresida å knyte partiet Raudt saman med despotane Stalin, Mao og Pol Pot. Dermed kan også argumentet om at Støre skal styre på nåde frå dei same kommunistane brukast som eit effektivt argument i valkampen. Er det opplysande? Nei. Er det ærleg og sakleg politisk debatt? Nei.

For det er sanneleg ikkje mykje kommunisme å spore i programmet til Raudt. Det er eigentleg ganske talande å lese korleis partiet sjølv prøvar å få fram forskjellane mellom seg sjølv og dei andre partia på nettsida si:

Raudt vil ha skatt på arv. Det er ganske langt frå å måtte skatte av familiehytta ein har arva, til å bli sendt i ein sibirsk GULag-leir.

Raudt vil gradvis auke skattane for å finansiere meir velferd, mellom anna ein tannhelsereform. Pengane skal nok ikkje primært brukast til å opprette eit norsk KGB.

Det er ikkje ein veldig ærleg politisk strategi å stemple Raudt som hjarterå kommunistar.

—  Emil André Erstad, kommentator

Raudt vil ikkje ha vindkraft verken til lands eller vanns. Det er nok ikkje fordi dei ved første høve vil erstatte vindmøllene med kollektivbruk.

Raudt er mot norsk EU-medlemskap og vil bytte ut EØS-avtalen. Dei har ingen politikk for å melde Norge inn i Komintern.

Raudt vil ha profittfri velferd, der velferdstenestene skal drivast av det offentlege sjølv. Eller av ideelle. Med ideelle meiner partiet organisasjonar som Kirkens bymisjon, Røde Kors og andre som aldri ville fått plass i eit kommunistisk system.

Manglande oppgjer

Alle desse standpunkta er meir eller mindre ukontroversielle i ein norsk samanheng. Mange av oss er ikkje einige med Raudt i fleire av desse standpunkta, men det betyr ikkje at dei er heilt ute heller. I det store og heile er Raudt blitt eit ganske vanleg politisk parti. Kanskje ordet sosialisme er nærare å skildre politikken deira enn kommunisme.

Kritikarane heng nok fast i ei oppfatning av at Raudt ikkje har tatt eit naudsynt oppgjer med sine autoritære forløparar. Det såg vi då Høgre-politikaren Erlend Larsen i mai ikkje akkurat viste seg verdig til doktorgrad i statsvitskap med denne analysa: «Rødt er et kommunistparti, og de har så vidt meg bekjent ikke tatt avstand fra kommunismen. Og etter mitt syn er nazister og kommunister i stor grad det samme». Erna Solberg måtte ut og ta irettesette partikollegaen, men nytta også høvet til å gje Raudt ein kilevink: «Rødt har en historie bygget på forakt for parlamentarisk demokrati. Partiet må tåle en debatt om at de støttet kommunismens grusomheter (...).»

Viss høgresida brukar valkampen til å skremme med kommunistspøkelset i partiet Raudt, bør dei arresterast på det. Dei argumenta kan gjerne sendast til GULag.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er heilt rett at partiet Raudt har eit altfor uklart forhold til dei autoritære regima som har gjort brotsverk mot menneske i kommunismens eller sosialismens namn. Mange veljarar hadde fortent å vite kva Raudt eigentleg meiner om det folkelege opprøret mot kommunistregimet på Cuba som føregår akkurat no, eller kva partiet eigentleg meiner om den hensynslause åtferda til Nicolas Maduro mot opposisjonelle i Venezuela. Fleire norske parti har slike uklare band. Fleire av dei leiande politikarane i Framstegspartiet støtta og hadde visse band til apartheid-regimet i Sør-Afrika, ei støtte som partiet endå ikkje har tatt offisielt avstand frå. Det betyr ikkje at vi i dag skal meine at all politikken til partiet er rasistisk av den grunn.

Likevel er det mange som finn det opportunt å kaste merkelappen «kommunistar» på Raudt-politikarar. I Politisk kvarter på torsdag møtte Raudt sin Mímir Kristjánsson den store Høgre-ideologen Torbjørn Røe Isaksen til debatt om temaet. Der påpeika Røe Isaksen heilt rett at Raudt må slutte å kalle seg sjølv kommunistar, viss andre skal slutte med det. Kristjánsson har til dømes tidlegare sagt at han er «sosialist mandag - fredag, men kommunist fredag kveld».

Eit kjernepoeng her er at Kristjánsson og Røe Isaksen legg ulike ting i omgrepet kommunisme. Likevel er det altså sosialisme og ikkje kommunisme som er omgrepet Kristjánsson brukar om sitt eige parti sin ideologi. Ein sosialisme som er forankra i det liberale demokratiet.

Vanleg politisk parti

I mange av dei viktigaste økonomiske og sosiale stridsspørsmåla i vår tid er Raudt eit langt meir straumlinjeforma og ordinært politisk parti enn Framstegspartiet. All den tid store delar av høgresida lar veldig mange moglegheiter til å ta eit oppgjer med Framstegspartiet gå frå seg, bør dei ikkje late som partiet Raudt er noko anna enn det eigentleg er.

Blant dei aller fleste delane av det norske folk er Mímir Kristjánsson, Marie Sneve Martiniussen og Bjørnar Moxnes langt mindre kontroversielle politiske figurar enn Christian Tybring-Gjedde, Per-Willy Amundsen og Jon Helgheim - ganske enkelt fordi Raudt-profilane meiner mindre ekstreme ting.

Ingen revolusjon med Mímir

Sjølv om han kanskje har vanskeleg for å tru det sjølv, så blir det ingen revolusjon om Mímir Kristjánsson får representere Rogaland på Stortinget. Han og partifellene hans kjem ikkje til å storme verken Skaugum eller Slottet.

Viss høgresida brukar valkampen til å skremme med kommunistspøkelset i partiet Raudt, bør dei arresterast på det. Dei argumenta kan gjerne sendast til GULag.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar