Kommentar

Dei brysame kulturkristne

Mindre enn ein av fem kyrkjemedlemmar kan seie heilt sikkert at dei trur på Gud. Kva skal vi gjere med resten?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nokre av mine mest levande minne frå barndommen, er frå kyrkja. Dei harde benkane, dei glovarme omnane ved føtene, den svake eimen av gummisolar som smeltar, den høgtidlege røysta til presten som messar kyrie eleison.

For meg som for mange andre, har gudstru aldri vore ukomplisert. Den har kome og gått. Som sjølvtilfreds ung mann troppa eg opp på kyrkjekontoret og melde meg ut. Men når bryllaup, gravferder og julehøgtider drog meg tilbake til kyrkja, var respekten for rommet der framleis. Eg trur det for alvor blei klart for meg nokre år seinare, då eg var i Nidarosdomen for første gong. I det massive kyrkjerommet fekk eg brått kjensla av 900 år historie kasta over meg — av femti generasjonar kvinner og menn, høg og låg, som på same stad, i same rom har opplevd den høgtidlege røysta til presten som messar kyrie eleison.

Eg trur kyrkja gjer lurt i å tenke på dei kulturkristne ikkje som ein trugsel, men som ei gåve

—  Hans Andreas Starheim

Dei kulturkristne

Eg trur det er dette som er kjernen i det å vere kulturkristen. Det er ei kjensle av å vere ein del av historia. Kulturkristendomen krev ikkje at du tek stilling til om Gud finst, den forventar ikkje at du skal kjenne på tankar om synd og nåde, den ber deg aldri om å bekymre deg for livets to utgangar. Den er den mest inkluderande kristendomen som finst.

Då Den norske kyrkja i fjor haust spurte eit representativt utval av sine medlemmar det enkle spørsmålet, trur du på Gud, så var det berre 18 prosent som utan atterhald svarte ja. Likevel ønskjer fire av fem kyrkjemedlemmar ei kyrkjeleg gravferd. Av dei spurde er det 35 prosent som seier heilt eksplisitt at dei ikkje trur på Gud. Likevel er det berre 10 prosent som heilt sikkert ikkje ville døypt barnet sitt, om dei fekk eit barn no.

Dei kulturkristne er i beste fall uforpliktande agnostiske og i ytste fall tek dei utan blygsel avstand frå Gud. Likevel kjem dei attende til kyrkja ved alle livets overgangsritar. Dei kan melde seg ut av kyrkja med eit tastetrykk, dei kan finne sekulære alternativ til alle dei kyrkjelege rituala. Men dei fleste blir.

Vegen tilbake til kyrkjebenken

Eg kunne skildra mi oppleving i Nidarosdomen som ei religiøs oppleving, men det var det ikkje. Det var ei kulturell oppleving. Men dette kulturelle fotfestet i kyrkja var det som gjorde at eg mange år seinare kunne vende tilbake til kyrkjebenken, og med ein gong kjenne meg heime. For nokon er kristen tru ei klippe dei har stått på sidan barndomen, for andre kan det vere ei brå oppleving av vekking. Men det ligg ikkje til alle å bekymringslaust kaste garna sine frå seg og følgje Jesus. Kyrkja må også ha rom for dei som tvilar seg til tru.

I Vårt Land-podkasten Dokka fortalde stortingsrepresentant Stefan Heggelund i fjor haust om korleis han sleit med å komme til tru. Han tok dette opp med ein prest, som spurte han:

— Vil du tru? — Ja, eg vil, men det går berre ikkje, sa Heggelund. — Ja, men vilje til tru er nok for meg, svara presten. Med det opplevde Heggelund at ei bør blei løfta frå skuldrene hans. Å tru var ikkje lenger noko han måtte prestere, det var ei gåve han med tida kunne ta imot.

Dei flyktige kyrkjegjestane

Då eg etter mange år vende tilbake til kyrkja, kunne eg i byrjinga la meg irritere over dåpsfølgja. Desse uengasjerte gjestane i kyrkjerommet, som ikkje klarte å følgje med på når dei skulle stå og når dei skulle sitte, og som såg på mobilane sine under preika.

Men etter kvart har denne irritasjonen gått over til ei undring over kvifor kyrkja ikkje gjer meir for å nytte det som kanskje er det einaste høvet ein får til å nå ut til desse flyktige gjestane. Fire av fem kyrkjemedlemmar deltek aldri i gudsteneste utanom dåp, gravferd, bryllaup, konfirmasjon og på julaftan.

Mange av dei vil kanskje ikkje høyre på det øyret, men statistikken viser at ein god del av dei faktisk kjenner ei eller anna form for tilhøyrsle til kyrkjerommet, og kanskje kan overtydast til å vende tilbake også utanom dei store festdagane.

Vilje til tru

Medlemsundersøkinga til Den norske kyrkja spør om mange ting, men den spør ikkje om kor mange som har vilje til tru. Eg trur det kunne gjort godt for kyrkja sin sjølvtillit å stille det spørsmålet. For medan medlemstal og dåpstal går ned, så er eg ganske sikker på at talet på dei som ønskjer å tru er høgt.

Eg trur alle som nokon gong har gjort noko skikkeleg dumt, men som har fått tilgjeving utan å fortene det, kan forstå kva nåde er. Eg trur alle som har kjent på medkjensle for andre som har det vondt, kan forstå kva nestekjærleik er. Eg trur alle som har kjent på samvitet når dei har sett seg sjølve framfor andre, inst inne veit kva synd er. Dei kulturkristne er kanskje ikkje alltid heilt trygge på orda som kyrkja brukar, men eg trur veldig mange av dei forstår innhaldet.

Eg trur kyrkja gjer lurt i å tenke på dei kulturkristne ikkje som ein trugsel, men som ei gåve. For det er dei kulturkristne som kan forklare kva kvalitetar det er som gjer at dei er så glade i kyrkja og i kyrkjerommet, sjølv om dei ikkje er sikre i si tru. Eg trur det er mange der ute med vilje til tru som gjerne vil ha ei kyrkje som kan møte dei på halvvegen.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar