Privatlivet må gjelde for politikarane også

Også politikarar må få ha privatliv – sjølv om vaksinestrategien er under kraftig angrep.

FAST TRACK. Politikarane vert stilt til veggs om dei vil ta den nye og prioriterte plassen i vaksinekøen. Det burde dei sleppe i utgangspunktet. Torstein Tvedt Solberg (Ap) var først ut til å markere at han ikkje ville la seg vaksinere som del av ei prioritert gruppe av samfunnskritisk nøkkelpersonell.
FAST TRACK. Politikarane vert stilt til veggs om dei vil ta den nye og prioriterte plassen i vaksinekøen. Det burde dei sleppe i utgangspunktet. Torstein Tvedt Solberg (Ap) var først ut til å markere at han ikkje ville la seg vaksinere som del av ei prioritert gruppe av samfunnskritisk nøkkelpersonell.
Publisert Sist oppdatert

Alle politikarane på Stortinget og i regjeringa som dei siste dagane har blitt stilt til veggs om dei har tenkt å nytte seg av at dei no skal prioriterast i vaksinekøen, førte tankane over på Angela Merkel.

For eit par år sidan hadde den tyske rikskanslaren fleire episodar med skjelveanfall under sine offentlege oppdrag. «Eg føler meg bra og det er inga grunn til bekymring», var alt Merkel ville sei om helsetilstanden sin. Ei av verdas mektigaste politikarar ville ikkje roe folk ned med å gje fleire detaljar som kunne stoppe alle spekulasjonane verda rundt.

Tysklands historie har av naturlege årsakar gitt landet eit noko strengare syn på privatliv, personvern og detaljar om helse enn det som er situasjonen i mange andre land. Tyskarar har på den særs harde måten lært at slike opplysningar kan hamne i galne hender og misbrukast på verste vis – både av nazistane og DDR-regimet.

Mange tyskarar høyrde derfor det den fåmælte Merkel sa, og slo seg til ro med det. 59 prosent av dei meinte at det ikkje burde vere noko krav for Merkel å offentleggjere opplysningar om si eiga helse, i følge ei undersøking frå avisa Augsburger Allgemenien. I andre land, som USA, er politikarane sin helsetilstand offentleg tilgjengeleg informasjon som veljarane føler dei har krav på. Så viktig at den ofte speler ei rolle i presidentvalkampane der kandidatane sin helsetilstand vert sett under lupa.

Ingen snik i køen

Sist fredag bestemte regjeringa sitt koronautval at 500 nøkkelpersonar skal prioriterast i vaksinekøen, fordi rollene deira er karakterisert som samfunnskritiske. Av omsyn til beredskapen vil ikkje justisminister Monica Mæland sei meir om resten av grunngjevinga for vedtaket.

Det burde ho gjort – av omsyn til legitimiteten til den overordna vaksinestrategien.

Det er lett å få ei kjensle av at nokon snik i køen, men det betyr ikkje at kjensla er rett. Det er særs gode grunnar til at politikarane bør vaksinerast kort tid før ein valkamp der samfunnet bør legge opp til mest mogleg kontakt mellom dei som skal veljast og dei som skal velje.

Kommunikasjonsmessig har vedtaket om å prioritere dei 500 nøkkelpersonane i vaksinekøen vore ei katastrofe frå start til slutt. Nesten ingen har villa forsvare vedtaket offentleg med gode grunngjevingar, og eit ras av politikarar som ikkje vil nytte seg av Fast Track-billetten har uttalt seg kritisk med halvpopulistiske poeng.

Kommunikasjonsmessig vaksineshow

Slik har vedtaket ført til at vi dei siste døgna kunne følge med minutt for minutt på kva politikarar som takkar ja til å la seg vaksinere med den nye prioriteringa, og kven som vil vente på sin opphavlege plass i køen. Problemet er berre at det etterletne inntrykket er at mange av våre fremste folkevalde «ikkje vil la seg vaksinere». Meir effektiv bensin på konspirasjonsbålet til vaksineskeptikarane og dei som meiner styresmaktene har ein skummel plan, kan vel knapt tenkast.

Dessutan har debatten ført til eit nesten sjukeleg krav på informasjon om kor vidt politikarane vil la seg vaksinere eller ikkje.

Her melder Merkel-episoden seg i tankane igjen, for kva er eigentleg offentleg og kva er privat informasjon? Kva viss ein politikar er gravid og ikkje kan ta vaksinen, og derfor må stå fram på alle landets nettaviser med ei politisk vaksinemarkering som aller mest berre er eit høgst privat helsespørsmål?

Det er forståeleg at media må spørre når situasjonen er blitt som den er. Det er stort sett ikke så mange gode grunnar til å halde tilbake informasjon om makthavarar, men akkurat med privatliv og helse går det faktisk ei fin grense. Derfor er det uforståeleg at dei ansvarlege la opp til eit slikt katastrofalt kommunikasjonsmessig vaksineshow i utgangspunktet.