Kommentar

Terrordiktatoren har kryssa ei ny grense

KVITERUSSLAND. Søndag kryssa den kviterussiske diktatoren Aleksander Lukasjenko ei grense som kanskje endeleg vil få konsekvensar for all uretten han har drive på med gjennom tre tiår.

Belarusian President Alexander Lukashenko gestures as he addresses a women's forum in Minsk, Belarus, Thursday, Sept. 17, 2020. President Alexander Lukashenko's decision to close the borders with Poland and Lithuania underlines his repeated claim that the massive wave of protests is driven by the West and comes amid increasing criticism from the United States and the European Union. (TUT.by via AP)

Det er nok no, ljomar ropet frå den kviterussiske opposisjonen.

Drap, ekstrem valdsbruk, fengslingar, null politisk fridom, tortur, brotsverk mot menneskeheita – og no statsterrorisme og kapring av eit passasjerfly. Lista over all uretten den kviterussiske diktatoren Lukasjenko og regimet hans har drive mot eige folk sidan han kom til makta i 1994, er lang og vond. Søndag overgjekk han likevel seg sjølv.

Det er nok no.

Ein skulle nesten ikkje tru regimet var i stand til å skape seg fleire fiendar i det internasjonale samfunnet eller blant si eiga, sterkt undertrykte befolkning, men lite visste vi at det endå fans uprøvde metodar i den autoritære verktøykassa.

Hviterussland

Ryanair måtte lande

Søndagens hendingar på Ryanair-flyet frå Athen i Hellas til Vilnius i Litauen, er så ekstreme og sjokkerande at dei nesten ville vore for urealistiske som plot i ein spionthriller. Det er ei historie om korleis den kviterussiske etterretninga, sannsynlegvis i samarbeid med agentar frå russiske FSB, fabrikkerte bombetrugsmål mot flyet og på den måten tvang flyets kaptein til å sende ut SOS til næraste flyplass, som var i Minsk. Agentane provoserte fram ei hending akkurat i det flyet var i kviterussisk luftrom, for på den måten å kunne bruke protokollane i internasjonal luftfart til å få flyet ned der spesialtroppane til Lukasjenko stod klare til å arrestere journalisten og aktivsten Roman Protasevitsj og kjærasten hans.

Då KGB-agentane i Minsk drog han ut av flyet, skal Protasevitsj ha uttalt at han stod overfor dødsstraff.

Skuldig i statsterrorisme

Kva tenkte han eigentleg, den kviterussiske diktatoren, då han beordra eit av kampflya sine på vengene for å tvinge det polskregistrerte Ryanair-flyet ned på bakken, for å fange ein dei viktigaste stemmene i den kviterussiske opposisjonen? Tenkte han på hemn for alle videoane av valdsbruken til regimet som Protasevitsj har fått publisert i vestleg media? Tenkte han på lov og orden, no som Protasevitsj kan stillast til doms tiltalt som terrorist – noko som kan medføre at regimet vil stille han for dødsstraff? Tenkte han på frykt, ved at alle kviterussiske opposisjonelle no kan sjå korleis regimet ikkje skyr noko middel i jakta på dei?

Kanskje tenkte han ikkje i det heile og handla i affekt? Mykje tyder på at den kviterussiske diktatoren er ute av stand til å ta gode strategiske vurderingar på vegne av seg sjølv og framtida til landet sitt. Å kapre eit rutefly og sette over hundre sivile liv i umiddelbar fare på den måten han gjorde i går, er sannsynlegvis dropen som får begeret til å renne over for det internasjonale samfunnet.

Reaksjonane frå USA, EU og verdsleiarar med demokratisk sinnelag er unisone: Det kviterussiske regimet har ved flykapringa og arrestasjonen av ein av EU sine politiske flyktningar gjort seg skuldige i statsterrorisme.

Bruken av eit så sterkt ord forpliktar.

Hviterussland

Internasjonal gransking

Reaksjonane er så sterke fordi regimet har opna døra til ein metode som er så ekstrem og invaderande at den vil skape ei uhaldbar presedens dersom det ikkje handlingane blir fordømt på det sterkaste med tydelege konsekvensar for det kviterussiske regimet.

Tenk om opposisjonelle som flyg over ulike luftrom rundt i verda ikkje lenger kan kjenne seg trygge på heilt vanlege passasjerfly?

NATO og Den norske Helsingforskomité har krevd ei internasjonal gransking av hendinga. I dag har EU toppmøte der dei bestemmer seg for passande reaksjonar. Konteksten er alvorleg: Førre veke sende fleire av dei viktigaste menneskerettsorganisasjonane i Europa ut ei melding om at dei jobbar for at Den internasjonale straffedomstolen skal etterforske den pågåande undertrykkinga i Kviterussland, der minst seks sivile har blitt drepne og over 33.000 uskuldige menneske er arrestert av styresmaktene det siste året. Hundrevis har blitt torturert i politiet og sikkerheitstenestene sine fengsel.

Lenge har EU og vestlege land streva med kva nivå dei skal legge seg på i reaksjonane overfor det kviterussiske regimet. No er det mykje som tyder på at silkehanskane leggast til side, og at konsekvensane kjem til å bli alvorlege for Lukasjenko i det internasjonale samfunnet. Det er heller ingen grunn til å tru at den sterke motstanden mot han i den kviterussiske befolkninga vil bli mindre etter dette.

Å kapre eit passasjerfly for å ta til fange ein politisk flyktning er kanskje akkurat det som skulle til for at Aleksander Lukasjenko si tid som president i Kviterussland er forbi.


Emil André Erstad jobbar som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité fram til 1. juni, då han startar på fulltid som kommentator for Vårt Land.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar