Kommentar

Magnus Carlsens dobbelspel

Sjakkspelaren Magnus Carlsen gir oss idrettsprestasjonar i verdsklasse på sjakkbrettet, men det er på tide at vi snakkar meir om kva trekk privatpersonen Magnus Carlsen eigentleg tar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tysdag skjedde det igjen: Magnus Carlsen held fram sitt private angrep på norsk spelpolitikk. Saman med Høgres Peter Frølich appellerer han no til Høgre sitt landsmøte om å vrake Norsk Tipping sitt spelmonopol i Norge. Det ligg an til ein tett match.

Utspelet framstår som ein del av ein velregissert offensiv frå bransjeorganisasjonen til dei ulike spelselskapa inn mot Høgres landsmøte, og vi sit igjen med spørsmålet: Var det sjakkspelaren Magnus Carlsen som stilte opp på PR-stuntet med Høgres wonderboy? Eller var det sponsorobjektet Magnus Carlsen som tener enorme beløp på kontraktar med utanlandske spelselskap?

Det er på tide at Carlsen speler meir opent om interessene sine i å øydelegge ein modell som har tent norsk idrett og kampen mot speleavhengighet godt.

—  Emil André Erstad, kommentator

Carlsen bedyrar at det var «privatpersonen». Han vil ha oss til å tru at hans iver etter å knekke Norsk Tippings modell ikkje har noko samanheng med måten spelselskapa aukar saldoen på kontoen hans. Eit lite offer for at dei i retur får ein overivrig og superkjend lobbyist som ønsker å sette einerettsmodellen til Norsk Tipping sjakk matt.

Lista over Magnus Carlsens intense kampanje mot Norsk Tippings spelmonopol byrjar å bli påfallande full av pinlege trekk og høgt spel:

* Det vart stor ståhei då Sjakkforbundet forhandla fram ei sponsor- og lobbyavtale med spelmerkevaren Unibet våren 2019. Trass i at Carlsen etablerte ein eigen sjakklubb, Offerspill SK, og at han personleg ville betale medlemskontingenten til dei 1000 første medlemene som melde seg inn, valde likevel Sjakkongressen å sei nei til avtala med overveldande fleirtal.

* Sjakklubben til Carlsen, Offerspill SK, inngjekk si eiga samarbeidsavtale med Kindred Group i januar 2020. Til høyringa om ny pengespel-lov, leverte Offerspill eit høyringssvar på åtte sider, nesten like langt som høyringssvaret frå Lotteritilsynet.

* I romjula skapte det overskrifter då NRK ba om at Magnus Carlsen endre bakgrunnen for å fjerne ulovleg reklame for spelselskapet Unibet. Då Carlsen ikkje etterkom NRKs ønske, valde NRK å gjere bakgrunnen til Carlsen meir blurry. Carlsen svara då med å ta på seg ei Unibet-skjorte.

Eksponeringa av Unibet kom overraskande på NRK Sporten, men var lite overraskande for dei som har følgd bindingane Carlsen og kretsen rundt har til den profittbaserte gamblingindustrien. Carlsens posisjonelle spel er både problematisk og kynisk.

Speleavhengigheita aukar i Norge, men for Carlsen, Frølich og bransjen ser det viktigaste ut til å vere at internasjonale spelselskap får loppe lommene til folk som har mista kontrollen. «Jeg mener oppriktig at det vil være med på å sørge for at vi kan få bedre kontroll på spillavhengighet hos nordmenn», seier lobbyist Carl Fredrik Stenstrøm til Klassekampen. Det høyrest ut som eit grovt feiltrekk.

Det er på tide at Carlsen speler meir opent om interessene sine i å øydelegge ein modell som har tent norsk idrett og kampen mot speleavhengighet godt. Carlsen vil aldri bli noko moralsk stormeister viss han held fram med dobbelspelet sitt.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar