Kommentar

Når politikarane abdiserer

Vi må snakke meir om elefanten i spinndoktorrommet: Politikarane som ikkje makter eller tør å vere politikarar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den siste månaden har kritikken mot kommunikasjonsfolka i Høgre hagla. I januar var det apparatet til Arbeidarpartiet som fekk gjennomgå. Det er viktig at spinndoktorane sine metodar vert eksponert for folk flest, men noko av kritikken er urimeleg. Kommunikasjonsfolka må tole ein uforholdsmessig stor del av kritikken, men det står ein stille elefant midt i rommet og teier: Politikarane som ikkje maktar å vere politikarar i eit moderne, hyperdigitalt samfunn. Ein del av dei ser ut til å ha gløymt kvifor dei engasjerte seg.

«Engasjementet stikk ikkje djupare enn ein krokus i jorda i april», var ein del av Trine Eilertsens utblåsing i Aftenpodden førre veke. Aftenpostens sjefredaktør irriterte seg over Høgre-politikarane som fekk publisert identiske innlegg med «personlege» tekstar i fleire norske lokalaviser.

Med lua i handa

Utblåsinga fekk meg til å tenke på alle gongene eg har sett det same: Dei hjelpelause politikarane som står der med lua i handa og ikkje veit verken bak eller fram. Dei som openbert har fått ein viktig og mektig posisjon, men som overhovudet ikkje veit korleis dei skal bruke han. Kanskje kjenner dei at dei ikkje strekk til, eller kanskje er redd for å trø feil. Fleire har tatt steget frå lokalpolitikk der dei var stjerner, til rikspolitikken der dei vart grå mus.

Denne typen politikarar er nokså jamt fordelt i dei fleste partia. Ja, alle kan ikkje vere partileiarar, statsrådar eller like dyktige som Mathilde Tybring-Gjedde og Jette Christensen. Nokon må også sitte på rad nummer sju i stortingssalen, følge arbeidet i komiteane med nitidig blikk og møte veljarane ingen andre tar seg tid til å møte.

Mange av politikarane på Stortinget er dyktige backbencharar som bruker tida på å møte folk og samle innspel til politikkutforminga. Dei trengs. Men det er for mange politikarar som overlét jobben med å vere politikar til spinndoktorane.

Det å vere politikar i Norge er mykje jobb, men det er først og fremst eit utruleg stort og godt betalt privilegium i eit land der folk har stor tillit til politikarane og der ting går greitt.

Alle politikarane brukar spinndoktorar, men det er ikkje naudsynt å fortelle at behovet er større Erna Solberg sin travle kvardag som statsminister enn det er for 5. kandidaten til Arbeidarpartiet.

Er det fordi dei ikkje tør?

Likevel er det altså nokon av desse politikarane som ikkje eingong klarar å skrive eit personleg lesarinnlegg til lokalavisa. Er det fordi dei ikkje maktar? Er det fordi dei ikkje tør?

Det er forskjell på å ty til rådgjevaren for å hjelpe deg med å vere politikar, og å ty til rådgjevaren for å hjelpe deg med å få fram bodskapen i ei sak. For mange politikarar overlét meir av det som ligg i politikargjerninga til rådgjevarane, meir enn det som er naudsynt. Kanskje trur dei ikkje at dei er flinke nok.

Det krevjast ekstremt mykje av dagens politikarar. For å bruke orda til Høgre sine kommunikasjonsfolk, Cato Husabø Fossen og Daniel Thorkildsen Lea i eit innlegg hos Medier24: «Den nye mediehverdagen, med utallige kanaler og plattformer som lever døgnet rundt og aldri tar helg, gjør at behovet for rådgivere som kan bistå politikerne, er større enn det har vært før for de politiske partiene.»

Problemet viss politikarane resignerer fordi dei ikkje taklar den nye medieverkelegheita, er at makta i samfunnet vert overlatt til folk som aldri stiller til val. På sitt beste kan sjølvsagt kommunikasjonsfolka i politikken bidra til ein opnare, meir forståeleg og handgripeleg politisk debatt. På sitt verste tar spinndoktorane seg til rette med ei for stor rolle i det maktvakuumet som oppstår når politikarane som kjenner seg utilstrekkelege overlét til andre å gjere jobben.

Poenget er: Politikarar må tørre å halde på det ekte engasjementet sitt. Alle kom på grunn av ei sak, og ein eller annan stad i dokumentbunken av merknadar frå komitéarbeidet kan dei kanskje finne att den nerven. Desse politikarane må ta jobben sin og makta som er gitt dei på alvor, og tørre å vere seg sjølv.

Vi toler politikarar som aldri skin

Vi som veljarar toler å sjå innlegg eller ytringar frå politikarar som ikkje er blankskura og perfekte. Vi toler å ha politikarar som aldri skin i rampelyset, men ikkje lat som du er noko anna enn det du er. Gje meg heller eit elendig utforma lesarinnlegg frå hjartet, enn eit glatt og uangripeleg innlegg som er masseprodusert av ein kommunikasjonsrådgjevar.

Det er på tide at elefanten i spinndoktorrommet forstår at hen er vald til å drive med politikk, og ikkje berre lar rådgjevarane gjere jobben.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar