Kommentar

Tre tips til meir Europa i feeden

USA vert konstant overeksponert, medan Europa vert like systematisk neglisjert. Jobben for å oppdatere deg på kontinentet Norge faktisk er ein del av, må du nesten gjere sjølv. Her er tre tips.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ja, USA er viktig for Norge. Det er også lett å forstå at amerikansk kultur og samfunnsliv ligg mange nordmenn nær. Det gjeld for Storbritannia, men det er trass alt med kontinentet vi har dei viktigaste politiske forbindelsane våre: EØS-avtalen og medlemskapen i Europarådet, med alt det medfører. Då er det paradoksalt at mediedekninga knapt speglar dette viktige styrkeforholdet i norsk utanrikspolitikk.

Det er viktig å kritisere den oppblåste USA-dekninga og manglande Europa-dekninga, slik både Rødt-politikar Mimir Kristjanson og tidlegare leiar av Europabevegelsen Pål Frisvold, gjer ved jamne mellomrom. Vel så viktig er kanskje å finne og sette pris på det stoffet om Europa som allereie produserast – slik Aftenposten-journalist og forfattar Ingrid Brekke har gjort på bloggen sin under tittelen Mer Europa. Det er ein drøss med interessante journalistar og stemmer som bør følgast – og inviterast til NRK og TV2 sine studio med langt hyppigare frekvens enn USA-ekspertane.

Den digitale verkelegheita gir oss likevel moglegheit til å velge vårt eige innhald. Blir det for mykje USA-ekspert i monitor, er det fritt fram for alle å heller følge ein Polen-, Ungarn- eller Tyskland-ekspert.

Europa fins. Det som skjer på kontinentet er viktig for oss. Det er vårt ansvar å sørge for å følge med – sjølv om media gjerne kan skape litt meir skikkeleg balanse i dekninga si.

—  Emil André Erstad, gjestekommentator

1) Dei viktige hendingane

For det første, kva skjer eigentleg i Europa i 2021 som er verd å sette flomlyset på?

Det viktigaste som skjer i dei europeiske demokratia er gjerne at det vert halde val. Korleis dei mange vala som skal haldast i 2021 vert gjennomført, med koronaen, er framleis uvisst. 14. februar er kjem det neste valet i den spanske regionen Katalonia, og vi kan forvente oss ny uro og krav om sjølvstende. Same dag er det val i Kosovo, republikken på Balkan som vart sjølvstendig for berre 13 år sidan. Resten av året er det parlamentsval i Nederland, Albania, Bulgaria, Russland, Island, Tyskland, Tsjekkia og Moldova. I tillegg til lokal- og regionalval i Storbritannia. Alle desse vala er viktigare for Norge og norsk offentlegheit enn det neste suppleringsvalet til Kongressen i USA.

Det er også fleire høgst interessante prosessar å følge på eit europeisk nivå. EU og medlemslanda er mellombels einige om budsjett, men det er opp til EU-domstolen å avgjere om medlemslanda som bryt med rettsstaten har krav på felles EU-midlar. Det er ein prosess som kan ta tid, men som også kan få avklaringar i løpet av 2021 – og som kan ende opp med eit meir autoritært Europa som resultat.

Demonstrasjonar mot autoritære krefter går føre seg i fleire europeiske land. I Polen tok folk til gatene i protest mot dei nye abortlovene, i Kviterussland pågår framleis demonstrasjonane mot diktaturet, medan det er i Russland har byrja å ulme kraftig etter arrestasjonen av Aleksej Navalnyj. Desse rørslene er avgjerande for demokratiets framtid i Europa, og bør følgast med argusauge. Kanskje er dei til og med viktigare enn Proud Boys.

Emil Andre Erstad om Europa-dekning i media

2) Dei viktige folka

For det andre, kven er dei viktigaste europearane å følge med på i 2021?

Dei er sannsynlegvis å finne på Politico si liste over Europas mektigaste menneske. Sjølv om ho har gitt signal om sin eigen avslutning som politikar, er det framleis ingen over og ingen ved sidan av Angela Merkel. At vi ikkje granskar tweetane, Facebook-oppdateringane og talene hennar med same intensitet som dei amerikanske presidentane, er eigentleg berre intellektuell latskap. Ho styrer i realiteten Europa i tospann med ein annan mann på Politico si liste, franskmannen og presidenten Emmanuel Macron.

No som det er blitt slik stilt at norske medier direkteoverfører oppteljinga frå senatsvalet i delstaten Georgia i USA, er det kanskje på tide at folk flest får grundige analysar av kven den nyvalde leiaren for kristendemokratane (CDU) i Tyskland, Armin Laschet, eigentleg er. Han blir moglegvis Europas mektigaste den dagen Angela Merkel legg inn årene. Slagordet hans for å bli vald var følgande: «Eg er kanskje ingen showman, men eg er Armin Laschet – og du kan stole på det». Kanskje er det her vi finn noko av svaret på kvifor mange kan oppfatte europeisk politikk som noko litt kjedeleg, traust og usexy. Ikkje la dykk lure.

På same måte er både den ungarske statsministeren Viktor Orbán og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan begge verd å følge med på. Dei er begge vald i demokratiske val, men styrer heilt tydeleg landa sine i autoritær og ikkje-demokratisk retning. Det same trugar dei å gjere med heile det europeiske prosjektet. Det er langt viktigare for Norge enn kven som hamnar i Høgsterett i Washington D.C.

Eller kva med skotske Nicola Sturgeon, som med aukande styrke og sjølvtillit styrer det skotske nasjonalistpartiet og som har varsla kamp for ei ny folkeavstemming om eit sjølvstendig Skottland? Eller italienske Guiseppe Conti, statsministeren som skal redde italiensk økonomi? Eller Svetlana Tikhanovskaja, 38-åringen som er sjølve symbolet på det demokratiske håpet i aust gjennom rolla si i demonstrasjonane i Kviterussland? Eller den liberale borgarmeisteren i Praha, Zdeněk Hřib, som står opp for demokrati, rettsstat og liberale verdiar i eit hav av høgre-populistiske og autoritære krefter? Lista er uendeleg lang, og nok til å fylle Dagsrevyen dag etter dag – om ein vil.

3) Dei viktige informasjonskanalane

For det tredje, kven er dei gode formidlarane å følge?

Vi er velsigna med ei rekke særs gode Europa-journalistar i Norge. Ingrid Brekke er allereie nemnt, men hennar analysar om utviklinga i Polen og Tyskland er eit must – spesielt på Facebookprofilen og bloggen hennar.

Simen Ekern og Roger Severin Bruland er NRKs framifrå korrespondentteam i Europa, i tillegg til Jan Espen Kruse i Moskva. Dei bør få all den sendetid som kan gjere analysane og rapportane deira tilgjengeleg for eit større publikum enn den overinteresserte skaren av P2-lyttarar.

Politico Europe sitt nyheitsbrev Brussel Playbook er også eit must, som ein kan signere her. Britiske The Guardians Europa-dekning er heller ikkje til å kimse av. For endå meir spesielt interesserte kan eg tilrå kjelder som tidsskriftet New Eastern Europe og EU Observer.

For Europa fins. Det som skjer på kontinentet er viktig for oss. Det er vårt ansvar å sørge for å følge med – sjølv om media gjerne kan skape litt meir skikkeleg balanse i dekninga si.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar