Kulturelt kompass

Finst det ein norsk felleskultur som bør ligge i botnen for alle som skal dannast til gagns nordmenn?

Publisert Sist oppdatert

Spørsmålet om vår norske kulturarv er både lett og vanskeleg. Det er lett, fordi vi intuitivt har ei kjensle av at den norske kulturen er annleis enn til dømes den kinesiske, russiske eller saudi-arabiske. Mange vil altså vere samde om at det faktisk finst ein norsk kultur og ein norsk kulturarv.
Men straks vi byrjar å definere denne kulturarven, melder ofte vanskane seg. Det har vi sett døme på fleire gonger det siste halve året. Kulturminister Linda Hofstad Hellelands julehelsing på Facebook, der brunost og Marit Bjørgen var sentrale element å definere det stolte norske, fekk mykje tyn. Det same fekk Torbjørn Røe Isaksens utspel om å lage ein norsk kulturkanon.
Verdiintegrering

Tysdag skreiv vi her i avisa om den pågåande tyske «leiekulturdebatten». Debatten fekk fart i segla då den tyske innanriksministeren Thomas de Maizière for nokre veker sidan presenterte en ti-punktsliste med normer og verdiar som bør prege det tyske samfunnet. Spørsmålet er om tyskarane har behov for ein felles «leiekultur» som definerer dei viktigaste tyske verdiane i møte med innvandring.
Aktuell debatt

Debatten er aktuell også her i Noreg. Spørsmålet om leiekultur heng saman med spørsmålet om kulturarv og kulturkanon. Er det viktig å peike på ein norsk leiekultur – eit kulturelt kompass?
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er blant dei som meiner det er konstruktivt å diskutere dette, sjølv om han trur at mange får litt gale assosiasjonar av ordet leiekultur. «Det betyr ikke at man skal ha en monokultur hvor det ikke fins rom for mangfold og variasjon, men at det gir mening å snakke om en norsk kultur og noe vi har til felles,» sa Røe Isaksen til Vårt Land.
Fallgruver

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP