ESSAY: Kanskje difor vert kyrkja og kristenfolk dratt bakover mot Den gamle testamentet og Moses i krisetider, for det er enklare å forstå, skriv Jørn Øyrehagen Sunde.
Erlend Berge
Jesus, Moses og Hilde Sandvik
ESSAY: Det var mykje snakk om å opna opp hjarta for Jesus i min oppvekst. Men dei som sa dette, hadde alt fylt hjarta sitt med Moses, så det var knapt nokon plass for Jesus.
Ein jurist og rettshistorikar skal vera varsam med å lesa og tolka Bibelen og kyrkjehistoria. Det er ikkje mitt fagfelt. Dette er teologane sitt gebet. Eg vil likevel prøva. Litt fordi eg likar ei utfordring. Meir fordi det er nødvendig får å trengja inn til kjernen i diskusjonen i sommar rundt kronikken til Hilde Sandvik. Men mest fordi eg ikkje trur at demokratiet i Vest-Europa overlever utan kristenfolket og kyrkja si støtte.
Lat meg byrja med korleis eg les Bibelen og kyrkjehistoria, før eg heilt til slutt koplar dette på demokratiet og situasjonen i verda i dag. La meg likevel alt no, for å rettferdiggjera heile dette essayet, understreka at det ikkje er stort meir enn noko over 20 funksjonelle demokrati i verda igjen. Med funksjonelle demokrati meinast demokrati der det ikkje bare vert haldne val, men der all maktutøving – òg av folkevalde – vert kontrollert.
(Lat meg òg seia til dei som les dette, og som elles hentar sin informasjon frå Document.no: USA er på 28 plass i verda og mellom dei mangelfulle demokratia, og kjem til å falla raskt på statistikken. Nei, det er ikkje på grunn av venstrevridde forskarar, det er på grunn av rask avskaffing av alle former for maktkontroll. Nei, eg er ikkje woke, eg har ikkje låg IQ, og eg er ikkje ei skam for akademia fordi eg skriv dette. Den typar utsegn i kommentarfelt og det historiske fenomenet skam skal eg elles skriva meir om, så les vidare de òg.)
Bestill abonnement her
KJØP