Kultur

Hul retorikk

KOMMENTAR: Blir kunsten og journalistikken betre med mindre statleg støtte?

Thorhild Widvey la i dag fram eit kulturbudsjett med ein forsiktig auke i løyvinga. Den totale ramma var på 12,5 milliardar kroner, noko som er ein auke på 262 millionar kroner sidan i fjor. I tillegg får kulturfeltet tilført 122 ekstra millionar som følgje av endringar i tippenøkkelen. Kulturfeltet er med andre ord verken blitt skamfert eller særleg høgt prioritert med Siv Jensen som finansminister.

Det første budsjettet med gjennomarbeidd blåblå profil var ikkje ei sterk markering for Widvey. «Eit kulturbudsjett med tydelege prioriteringar» var ordlyden på pressemeldinga frå departementet. Satsing på folkebibliotek og regionalt kulturliv, friske midlar til talentutvikling og auka tilskot til korarbeid er positivt. Det same gjeld dei to ekstra millionane til arbeidsstipend til kritikarar og auka løyvingar til visuell kunst. Ein kunne likevel ha håpa på at kulturministeren hadde hatt kraftigare gjennomslag internt. Auken på kulturbudsjettet er reelt sett ikkje noko å skryte av, sett opp mot både prisauken og den auka bruken av oljekroner.

LES OGSÅ: Regjeringen vil ta 50 millioner fra avisene

Frekk påstand

Det føreslåtte kuttet på 50 millionar kronar i pressestøtte gir eit signal om at regjeringa ikkje tek vanskane i mediebransjen på alvor. Forslaget må reknast som eit symbolpolitisk forhandlingsutspel, og vert understøtta av ein type retorikk som eg har vondt for å tru at den blåblå regjeringa trur på sjølv. Pressa skal nemleg hjelpast til å bli meir uavhengige. Fullt medvite om tradisjonen for ei statssubsidiert kritisk presse i Noreg, meiner regjeringa at «større økonomisk uavhengighet også vil gi større redaksjonell uavhengighet». Dette er hul retorikk og rett og slett nokså frekt. Meiner regjeringa at statssubsidierte aviser ikkje er uavhengige nok?

Denne retorikken er uttrykk for ein marknadsliberalisme på villspor, som har ete seg inn i det ideologiske grunnlaget for Widveys kulturbudsjett. For er det ikkje det same med kunstnarane? Er det ikkje betre om dei får mindre pengar, så dei kan bli meir uavhengige?

LES OGSÅ: I dag blir kulturen blå

Naiv politikk

God journalistikk står sentralt i den opne og opplyste samtalen som regjeringa ifølgje Grunnlova skal legge til rette for. Å kutte i pressestøtta har den motsette effekten. Verken kunsten eller journalistikken blir betre med mindre statleg støtte. Å hevde dette, er i beste fall naivt. Det ser ut som vikarierande argumentasjon – i grunnlaget for regjeringa sin kulturpolitikk.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur