Hjerne
for religion
Det er ei kortslutning å redusere religiøs tru
til elektrisk aktivitet i hjernen.
Er religiøs tru
elektrisk aktivitet i hjernen? Forskingsjournalist Lone Frank lagar eit kunstig skilje mellom det ho kallar for ein religiøs og ein naturvitskapleg tilnærmingsmåte til verda og livet, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Erlend Berge
Kjenn deg sjølv, stod det over porten til orakelet i Delfi. Dette har mennesket vore opptatt av til alle tider. Vi har stadig utvida grensene for vår eiga erkjenning. Ikkje minst har legevitskapen gjort enorme framsteg sidan tida då medisinarane leita rundt i mørke bakgater etter nye lik å dissekere.
I dag har vi kartlagt store delar av det indre i mennesket. Genvitskapen nådde eit klimaks med Human Genom Project, som gjekk det menneskelege arvematerialet etter i saumane. Den folkelege forklaringa på dette gjennombrotet innan DNA-forskinga var at «livsens bok» no var kartlagt.
LES MER: – Hjernesjukdom gav Muhammed og Paulus syner