Nyheter

Ernas truverde

Statsminister Erna Solberg har hatt tunge dagar: Det store politiske prosjektet hennar har knaka i samanføyningane i hardkøyret frå Frp mot KrF, og basketaket fekk lov å halde på for lenge før statsministeren kom på bana sjølv.

Men Solberg har likevel gode evner til å stå i eit stormkast. Dei siste dagane har ho dessutan markert seg med både brodd og med sårbar varme.

Ta til dømes den twitter-meldinga ho sjølv skreiv etter eit møte med innvandrarkvinner. Ho rosa dei, men hadde ein klønete skrivefeil som raskt vart kommentert – og med det vart skrivefeilen ei «stor sak». Solberg rykka her raskt og godt ut: Ho ville frita sine underordna for ansvaret for skrivefeila. Ho stod ope fram med sin dysleksi – og forsvarte dessutan at ho sjølv skriv på sosiale media for å vere i dialog med veljarar, framfor å overlate dette til sekretærane sine som kan halde stø norsk.

Ho var trygg og varm på fjernsynet då ho forklarte dette. Det avtvingar respekt at ho ikkje gjer noko forsøk på å løyne dysleksien og etterlyser meir hjelp til elevar som slit.

LES OGSÅ: Solberg ber om dugnad for inkludering

Det avtvingar også respekt måten ho har handtert tilhøvet til det muslimske samfunnet på. Ho har vist seg å vere slagferdig. Sist veke fekk ho ei twitter-melding adressert til seg. Ordlyden var denne: «Ikke kom her og legg skyden på nordmenn for antisemittisme. Jødene hadde ingen problemer før muslimene kom.» Statsministeren rykka ut sjølv med dette svaret: «så ingen nordmenn deltok i jødeutransportering?»

Dette kontante svaret er viktig i ein oppheta debatt. Og det er endå sterkare at statsministeren sjølv skreiv det, sjølv om ho mangla ein bokstav i eitt av orda. Vi er heilt enige med Solberg i at truverdet hennar må målast på gjerningar og politisk bodskap, ikkje på forholdet til ordlista. Det er den som meiner ho undergrev truverdet ved å skrive feil, som har eit problem, ikkje statsministeren.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Difor er dette ein dag for å rose henne. Men ho har likevel krevjande dagar føre seg politisk. Ho har kalla inn til krisemøte dei fire partia i mellom i Nydalen der samarbeidserklæringa mellom dei fire partia blei til. Ho vil leite fram att samarbeidsånda frå 2013. Det er framleis reelle motsetnader som må setjast ord på og handterast, både i klimaet mellom partia, korleis debatten om det fleirkulturelle samfunnet skal førast og kva profil det neste statsbudsjettet skal ha.

LES OGSÅ: Ber Erna sette Sandberg på plass

Kampen for det politiske prosjektet er langt tøffare enn kampen for truverde på twitter.

Delta i debatten på Verdidebatt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter