Boikott er eit dårleg teologisk argument
Det er tid for intern dialog i Den norske kyrkja. Vi må bort frå ei uverdig linje med bruk av boikott mot dei som tenkjer andre tankar enn mine eigne.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Øystein Skauge
Prost i Arna og Åsane prosti
«Boikottlinjen i enkelte bedehus skaper konflikter mellom kristne», skriver Berit Aalborg i sin innsiktsfulle kommentar i Vårt Land 9. januar. Ein kommentar til den aktuelle situasjonen på den vesle øya Sørarnøy i Gildeskål i Nordland.
Bedehuskonflikt
Berit Aalborg startar med å fortelje litt om si personlege tilknyting til denne øya. Også eg har gode minner derifrå. På det aktuelle bedehuset heldt eg mi aller første gudsteneste som ordinert prest. Det var i januar 1980, altså for nøyaktig 40 år sidan i desse dagar. Eg var der fleire gonger seinare òg. Først som krinssekretær i det som den gongen heitte Indremisjonsselskapet, og som i dag er Normisjon. På slutten av 1980-talet var eg sokneprest i nabosoknet, Meløy, og hadde også då nokre vikaroppdrag som prest på Sørarnøy.
Det er leit å lese at situasjonen rundt bedehuset, og den vesle kyrkjelyden som er ein del av Gildeskål, no har utvikla seg til ein vond konflikt. Avisa framstiller det som om Normisjonsforsamlinga på øya avviser samarbeid med Den norske kyrkja på grunn av av ulike teologiske oppfatningar. Det er ingen grunn til å tvile på at dette er ei korrekt oppfatning. Bedehuset sine folk vel å løyse det ved ei boikottline mot kyrkja. Det vert stengd for gudstenester. Men bygdefolk kan få leige huset til gravferder med prest.
LES OGSÅ: Tror flere bedehus vil si nei til kirken
Fleire døme
Boikott er eit dårleg teologisk argument. Det gjeld når Normisjon sine folk vel dette som ein utveg. Og det gjeld nett like mykje når liberale kyrkjemedlemmer vil boikotte konservative prestar, slik vi har sett fleire døme på i det prostiet der eg for tida er prost.
Her har vi opplevd dåpsforeldre som ikkje vil la prestar dei er usamde med døypa barnet sitt. Vi har hatt ei omfattande og vanskeleg sak der eit brudepar ikkje vil ha ein konservativ prest som vigselsprest. Ei heil bygd reiste seg mot han. Det er òg kjent at foreldre har gjort framstøyt for å få bort konservative prestar frå konfirmantundervisninga.
Vi les også om at store, nye bedehus/kyrkjehus som er bygde med tanke på kommersiell utleige vert utsette for boikott av potensielt store og viktige leigetakarar.
Har rot i likekjønna vigsel
Difor konkluderer Berit Aalborg klokt i sin kommentar i Vårt Land: «Det er å håpe at norske kristne heller kan vise vei når det gjelder trosfrihet og respekt for andres overbevisning. En mer fruktbar vei vil være å snakke frimodig om eget standpunkt»
Frå min ståstad etterlyser eg at våre aller fremste leiarar i kyrkja, biskopane og dei som sit rundt bordet i lag med Kyrkjerådet, må løfte dette opp som eit sentralt tema.
Eg tenkjer at desse sakene har kome i kjølvatnet av det omstridde vedtaket på Kyrkjemøtet om likekjønna vigsel. Poenget i vedtaket var at det skulle vere ope for å arbeide i lag i kyrkja, også med ulike syn i denne vanskelege saka. Eg trur vedtaket var godt. Men det er veldig skjørt. Og kyrkja har i praksis ikkje makta å etterleve dei gode intensjonane. Difor dukkar dei ulike boikottaksjonane opp.
Det er tid for intern dialog i Den norske kyrkja. Vi må bort frå ei uverdig linje med bruk av boikott mot dei som tenkjer andre tankar enn mine eigne.
LES OGSÅ: