Analyse

Sverige skrotar arven frå Napoleonskrigane: Alliansefridomen

FORSVARSALLIANSE: Sverige gjev opp 200 år med alliansefridom. Finland riv seg laus frå Russland for godt. Norden blir samla i Nato. Det var ikkje Vladimir Putins plan.

Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Han gjev uttrykk for skribentens analyse av tilhøva.

Skodespelaren og komikaren Groucho Marx sa det realpolitisk svært presist: «Det er mine prinsipp, og dersom du ikkje likar dei … vel, eg har andre».

I fjerde sesong av den danske tv-serien Borgen snur utanriksministeren, realpolitikaren Birgitte Nyborg, 180 grader når det kjem til utvinning av oljen som blir funnen i den gamle, danske kolonien Grønland. Først går ho mot og brukar Parisavtalen som skal få ned klimautsleppa som argument. Så, for å redde eigen karriere, skrotar ho klimaevangeliet og går for fossil fest; litt i Grønland, mest i Danmark.

Flyttar me oss frå fiksjonen til røynda, møter me to nordiske, sosialdemokratiske statsministrar som på kort tid har lagt vekk primærstandpunkta.

Sa først nei, nei, nei

8. mars understreka Sveriges Magdalena Andersson at ein svensk søknad om medlemskap ville verke destabiliserande på tryggingstilhøva i Europa.

Ho sa det 14 dagar ut i Russlands invasjonskrig i Ukraina. Også ho såg Vladimir Putins særs brutale framferd i nabolandet.

Måndag melde finske Iltalehti og svenske Expressen at Finland og Sverige er samde om å sende moglege Nato-søknadar samstundes, kanskje midt i mai, slik at dei ligg på møtebordet når Nato samlast til toppmøte i slutten av juni.

Finlands president Sauli Niinistö kjem på statsbesøk til Sverige 17. og 18. mai; eit høveleg tidspunkt for å kunngjere felles Nato-søknadar.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson (t.v.) og hennes finske kollega, Sanna Marin, holdt onsdag en pressekonferanse i Stockholm hvor mulig Nato-medlemskap var tema. Foto: Paul Wennerholm / AP / NTB

Finsk frigjering

To dagar før invasjonen, 22. februar, var Finlands Sanna Marin avventande til Nato-medlemskap, som vanleg. For ingen truga Finland.

Midt i påskeveka drøfta Riksdagen i Helsinki den tryggingspolitiske rapporten til Marin-regjeringa. Og tok med det eit stort steg mot Nato. Regjeringa seier i rapporten korkje ja eller nei til søknad, men listar opp fordelane som kjem med eit medlemskap.

I 1917 reiv Finland seg laus frå Russland og blei ein sjølvstendig nasjon. Russland var då oppteken med ein kommunistisk revolusjon.

Våren 2022 melder finnane at dei skal kutte olje- og gassimporten frå Russland for å bryte dei siste, tette banda mellom landa.

Frå 1948 til Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, var Finland bunden saman med naboen gjennom VSB-pakta; venskap, samarbeid og bistand. Finnane måtte godta pakta etter at dei tapte framhaldskrigen – frå 1941 til 1944 – mot Sovjetunionen.

Avgjort i mai

Motstanden mot Nato er framleis sterk i Magda Anderssons parti – og på svensk venstreside. Regjeringspartiet Socialdemokraterna skal seinast 24. mai avgjere om Sverige skal søke seg inn i Nato-falden. I ei måling vil 57 prosent av svenskane inn i Nato, og det raskt.

I Finland skal det sosialdemokratiske partiet endeleg ta stilling 14. mai. Då Russland gjekk til åtak på Ukraina, melde finnane kvar dei vil gå: 62 prosent vil inn i Nato, og det raskt.

Sverige i Nato er eit historisk skifte i tryggings- og utanrikspolitikken. Landet har vore nøytralt sidan Napoleonskrigane enda på slagmarka i Waterloo i 1815.

Kraftig nedrusting

Nøytraliteten heldt Sverige utanfor verdskrigane. Under den kalde krigen var Sverige eit militært, sterkt – og alliansefritt – land, lenge styrt av sosialdemokratane. Til tider låg forsvarsbudsjettet på over fire prosent av BNP, noko som gav landet eit av verdas største flyvåpen og ein mobiliseringshær på 800.000 soldatar.

Men i løynd av nøytraliteten samarbeida Sverige med USA; Washington skulle gripe inn om Sovjetunionen gjekk til åtak på Sverige.

På 60-talet byrja den svenske nedrustinga, og i 2015 utgjorde forsvarsbudsjettet berre 0,9 prosent av BNP. Seier Natos medlemsland ja til Sverige, må statsminister Andersson finne fram milliardar til forsvaret.

Blir Sverige ståande utanfor Nato, må ho truleg finne fram endå fleire milliardar for å styrke Sverige mot Russland.

I Finland er stoda annleis. Landet har allereie eit sterkt forsvar – og ei 1.340 kilometer lang grense mot Russland.

hjelp

Truslar frå Moskva

Ferda mot Nato har fått Russland til å komme med truslar: Atomvåpen kan bli utplasserte i austersjøområdet. Moskva har også forkynt at om Sverige og Finland melder seg inn i Nato, må dei bu seg på uspesifiserte konsekvensar.

Difor rår det ei spent stemning i Helsinki og Stockholm. Kva kan skje i mellomperioden? Frå søknadane er sendt til nasjonalforsamlingane i Natos 30 medlemsland har sagt ja til innlemming. For det er først då at Natos tryggleiksgaranti omfattar Sverige og Finland.

Sverige, Finland og Nato har lenge samarbeida nært, øvingar og utanlandsoperasjonar, så den formelle vurderinga kan gå så fort at alliansen er utvida til 32 medlemmer allereie i haust.

---

Nato

  • Nato er ein forsvarsallianse med 30 medlemsland i Europa og Nord-Amerika.
  • Nato blei skipa som eit felles forsvar mot kommunistiske Sovjetunionen og Warszawapakt-landa.
  • Atlanterhavspakta, som blei signert av 12 land i 1949, er grunnlaget for Nato.
  • Norge, Danmark og Island var mellom dei som skipa Nato i 1949.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Analyse