Tungetale på bedehuset
Internasjonalt er den karismatiske rørsla ein vinnar. Men kva har ho på bedehuset i Noreg å gjere, undrar Astrid Dalehaug Norheim.
«På nyttårsleiren vår var det minst 17 helbredelser. Vi fekk kunnskapsord, og folk blei bedt for. Mange blei helbreda der og da».
Utsegna kjem verken frå Oslo Kristne Senter eller ein pinsekyrkjelyd. Dei kjem frå ein tenåring i Betlehem, Bergens Indremisjons forsamling og på mange måtar bedehus høgborga på Vestlandet. Og det er Sambåndet, Indremisjonsforbundets blad, som skriv om kva som skjer på bedehuset i vest.
På verdsbasis er tungetale, bøn om helbreding og såkalla kunnskapsord vanleg kost. Frå starten i eit lagerlokale i Azusa Street i Los Angeles i 1906 har den pinsekarismatiske vekkinga breidd seg over store deler av verda. I dag viser overslag at kanskje rundt 400 millionar menneske høyrer til den pinsekarismatiske vekkinga.
Bestill abonnement her
KJØP