Kva stiller ein seg bak med å gå i Pride? Mindre enn mange trur, meiner Fri

LHBT: Leiaren i foreininga Fri meiner ein ikkje treng å gå god for alt dei meiner for å delta i feiringa av skeiv kjærleik.

Leder i Fri, Alexander Gjestvang
POLARISERT: Leiar i FRI, Alexander Gjestvang, er lei av at ein i debatten om seksualitet og samliv prøvar å setje folk opp mot kvarandre. – Det å seie at det på den eine sida er tradisjonelle og sunne verdiar, og på den andre er det nye, skumle verdiar som barn blir indoktrinerte med er skremande.
Publisert Sist oppdatert

Like sikkert som at våren og Pride-månaden kjem, er det at Kristen-Noreg bles liv i diskusjonen om kva ein eigentleg stiller seg bak ved å delta i Pride-markeringa. Politikken til organisasjonen Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, som står bak dei største Pride-markeringane i landet, blir i debattar omtalt som ultraradikal kjønns- og identitetsideologi.

Så kva står dei eigentleg for? Og går ein god for heile Fri sin politikk ved å gå i Pride-parade?

– Det eg les ut av ei slik støtte er at du meiner at folk skal få vera den dei er og elske den dei vil. Dette er botnlinja for Pride, og noko dei fleste burde kunne stille seg bak, meiner Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS