Vi kan ikkje lenger ignorere energibehovet

Norge og Europa treng meir fornybar kraft. Då er det på tide at dei som står klare til å produsere energien, får løyve til å gjere det.

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
PARADOKS: Behovet for kraft har auka drastisk, samstundes som den fornybare utbygginga nesten har stoppa opp. Det er på tide for dei folkevalde å snu utviklinga, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Åslaug Haga, leiaren for Energi Norge, skildrar ei dramatisk utvikling: Dei siste åra har det vore ein dramatisk nedgong i talet på løyver til produksjon av fornybar energi i Norge. Det er eit paradoks då vi no står i ein situasjon med energimangel i Europa og Norge.

Påstanden frå interesseorganisasjonen vert understøtta av tal frå NVE. Eit talande eksempel er at det i 3. kvartal i 2013 vart gitt 98 nye konsesjonar til utbygging av fornybar energi i form av vasskraft og vindkraft, medan det i 3. kvartal i 2022 berre vart gitt 8. Grafen er ikkje lystig lesnad for kundane med høge straumrekningar, eller for dei som har ansvar for å sikre straumforsyning til folk og land.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS