Vi har svikta syrarane

Det blir ikkje stort tydelegare korleis verdssamfunnet har svikta folket i Syria, enn dei grufulle bileta frå jordskjelvet nordvest i landet.

Redningsmannskaper arbeider i Harem i Syria to dager etter at katastrofen inntraff. Foto: Ghaith Alsayed)
FIASKO: Hjelperesponsen frå det internasjonale samfunnet overfor folket nordaust i Syria, har vore ein fiasko. Slik står den i stil med korleis verdssamfunnet har stilt opp for syrarane sidan borgarkrigen starta, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I år er det 12 år sidan starten på borgarkrigen som reiv Syria frå kvarandre. Millionar av syrarar har flykta frå landet, og mange av dei var i grenseområda på tyrkisk side der jordskjelvet ramma hardast for ei veke sidan. I den opprørskontrollerte delen av Syria, nordvest i landet, er naudhjelp sett på vent. Problemet har vore at ei opprørsgruppe ikkje har villa gje grønt lys. I mange område har det ikkje komme hjelp utanfrå, og folk har døydd under bygningsmassane — folk som kunne overlevd med tilstrekkeleg hjelp.

50.000

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP