Vårt Land meiner: Nav må stille strengare krav til bustad
Når Nav betalar bustad for fattige familiar, må dei sjekke at bustaden held eit minstemål av kvalitet.
UVERDIG: Frelsesarmeen føreslår mellom anna ei tilsynsordning for utleigebustader og ein minimumsstandard. Inn i kommune- og fylkestingsvalet må partia tydeleggjere at ingen skal bu i elendige husvære betalt av det offentlege, skriv Vårt Land på leiarplass.
Terje Pedersen
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Vårt Land skreiv denne veka om den ferske rapporten Å bo verdig, publisert av Frelsesarmeen. I rapporten står det mellom anna at «Nav dekker leiekostnader for leiligheter med sikkerhetsmangler og/eller lav kvalitet – ofte med en uverdig standard som er totalt uakseptabelt for de fleste av oss». Elin Herikstad, som er assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, fortel at Nav ofte berre sjekkar om bustaden er innafor maksprisen dei dekker. Dermed ser ikkje Nav at familien bur særs trongt i eit husvære av dårleg kvalitet.
Det er ikkje akseptabelt at nordmenn skal bu i uverdige husvære. Det er ikkje akseptabelt at kven som helst kan leige ut kva som helst, slik det er i dag.
Bestill abonnement her
KJØP