Vårt Land: Krystallklart at Stoltenberg ikkje er nokon krigsforbrytar

Våpendiskusjonen på Raudts landsmøte viste korleis konspirasjonsteoriar og farleg retorikk er florerer ytst på venstresida i norsk politikk. Partileiar Bjørnar Moxnes må rydde opp, viss andre skal ta Raudt på alvor.

Nato-sjef Jens Stoltenberg møter pressen i forkant av et møte blant de vestlige allierte på Ramstein-basen i Tyskland fredag. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB
USANT: Det er ikkje basert på fakta når Raudt-politikarar kallar Jens Stoltenberg for ein krigsforbrytar, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I helga stemte Raudts landsmøte for å støtte Ukraina med norske våpen. Sjølv om det skjedde over eit år etter at resten av partia på Stortinget kom til same konklusjon, var det viktig for å sikre tverrpolitisk støtte til Ukraina i norsk politikk.

Likevel var det urovekkande å følge debatten før avstemminga. Der vart det mellom anna sagt at «eg er ikkje einig med regimet i Iran i mykje, men eg er einig i at USA er ‘Den store satan’ i verda i dag». Fleire omtalte også tidlegare Ap-leiar og statsminister Jens Stoltenberg som «krigsforbrytaren».

Powered by Labrador CMS