Det lille tannhjulet og det store oppdraget
Det er ikkje rart at mange ungdommar vert tent for å gå «all in» for Jesus under store arrangement. Det er nemleg frykteleg deilig å la seg oppsluke av eit prosjekt som er større enn seg sjølv.
Eg har aldri vore spesielt glad i dugnad. Ikkje fordi eg er lat – eller, ikkje berre fordi eg er lat. Eg gjer svært gjerne ei frivilleg innsats, men eg trivst best med å få velje sjølv når eg skal trø til. Dugnad følger ofte med på lasset som ei plikt, anten med bustaden eller med eit barn. Det sit lenger inne.
Då dotter mi var yngre, kom det ein gong eller to ymt om at ho kunne tenkje seg å begynne i korpset. Eg har ikkje hatt for vane å legge bånd på virketrangen til ho som i dag er best kjent som Trettenåringen, men i det tilfellet sette eg foten ned. Eg såg føre meg lange 17.-mai-dagar på føtene, vekeslange korpsturar til kven veit kor, og arrangering av loppemarked to gonger i året. Det spøkelset frista ikkje.
I handballen, derimot, var krava til foreldreinnsats litt lågare, og eg leverte det som vart etterspurt, om ikkje alltid med like stor glede.
Bestill abonnement her
KJØP