Ukrainas rett til eige land må vere absolutt
Ingen kan kreve at Ukraina skal gje bort land til Putin-regimet.
FEIL: Det er feil å spele etter Putins pipe i Ukraina, slik Tesla-grundaren Elon Musk gjer med sitt fredsforslag, skriv Vårt Land på leiarplass.
Susan Walsh/AP
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Tysdag vart den russiske ambassadøren til Norge kalla inn på teppet av utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). Det skjedde som følgje av den russiske annekteringa av dei fire ukrainske fylka Kherson, Zaporizjzja, Donetsk og Luhansk. «Vi støtter Ukrainas suverenitet, rett til å bestemme innanfor egne grenser og retten til å forsvare seg», uttalte den norske utanriksministeren.
Det er rett haldning, fordi den støttar opp om internasjonal lov og orden.